Innhald
- Turplan
- Risikovurdering – kva kan gå gale?
- Typiske hendingar som påverkar turen
- ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse)
- 3 x 3-filtermodellen
- Forklaring av 3 x 3-filtermodellen
Turplan
Vi bør alltid skrive ein konkret turplan for turen vi skal på. Det er vanleg å leggje ein plan A og ein plan B. Plan A er hovudplanen for turen, medan plan B er reserveplanen. Utover det bør vi ha ein kriseplan – plan C. Denne skal hjelpe oss om uhellet er ute.
Lag i tillegg ein reserveplan som går i eit anna område enn hovudplanen. Då er det mogleg å gjennomføre turen sjølv om vêr eller føre ikkje blir som planlagt.
- Plan B – reserveplan
- Kva skal til for at vi endrar ruta?
- Kor mykje vind skal vi til dømes tole før vi snur?
- Bør vi leggje om ruta med ein gong dersom vi veit at forholda blir vanskelege?
- Plan C – kriseplan
Ved å lage ein plan B, eller reserveplan, er du betre førebudd dersom det skjer uventa ting.
Hugs å teikne inn plan B på kartet. Alle deltakarar på turen må vere informerte om plan B og moglege endringar på ruta. I forkant av turen bør turfølgjet ha eit ferdaråd der de tek opp:
Reserveplan i andre turområde
Tenk igjennom kva som kan setje ein stoppar for den opphavlege planen. Døme kan vere vind, snøforhold eller mykje nedbør. Lag ein reserveplan i eit område som ikkje er like utsett for vêr og vind.
Lag ein plan som skal hjelpe dykk dersom noko går gale på turen – anten det skjer ei ulukke, eller de ikkje kjem fram til hytta. Hugs telefonnummer og varslingsrutinar i planen.
Planen for turen de skal på, kan fyllast ut etter forslag til innhald i turplanar inspirert av Horgen og Christoffersen (2019):
Plan A – hovudplan | Plan B – reserveplan | Plan C – kriseplan |
1) Innteikning av ruta på kart med
a) startstad
b) vegval
c) leirplassar
d) sluttstad
2) Skriftleg plan for turen med
a) deltakarar
b) teltlag eller grupper
c) dagsplan
d) ruteskildring med
avstandar og høgdemeter
e) overnattingsform
f) ansvarsfordeling
g) mat
h) utstyr
i) fellesutstyr
j) førstehjelp | 1) Alternativ(e) rute(r)
a) ruta teikna inn på kartet
b) stader vi kan søkje ly eller alternativ overnatting (teikna inn på kartet)
2) Skriftleg plan som fortel om
a) moglege justeringar av plan A
b) det er mogleg å komme seg raskt ned frå fjellet dersom det blir nødvendig
c) utstyr vi kan trenge ved ulike scenario – til dømes sovepose dersom vi må overnatte ute
Informer deltakarane om plan B og moglege endringar i ruta. | 1) Kartskisse med
a) hytter/nødly
b) busetnad eller mobildekning
c) vegval ut av området
2) Skriftleg plan
a) Kven har kompetanse innan førstehjelp?
b) Kven har tryggingsutstyr?
c) Varslingsrutinar
d) Mobildekning
e) Responstid for å få hjelp
3) Avtalar for å styrkje beredskapen for ulukker i gruppa
a) Kva gjer vi om nokon kjem bort frå gruppa?
b) Kva gjer vi om nokon skader seg?
c) Korleis held vi den skadde varm?
d) Korleis transporterer vi den skadde?
4) Varsling
a) 113
b) 112 – dersom telefonen du ringjer frå, er låst |
Risikovurdering – kva kan gå gale?
På tur kan det skje uventa ting. Det er lurt å tenkje over kva som kan gå gale, for å få ei betre oversikt over risikomoment på turen.
Typiske hendingar som påverkar turen
- dårleg vêr
- sjukdom/skade hos deltakar(ar)
- øydelagt utstyr som sekk eller sko
- utfordrande terreng
- for lange dagsmarsjar
- vading over flaumstore elvar
- skredfare
- psykososiale forhold i gruppa
- overvurdering/undervurdering av evner internt i gruppa
- deltakarar som ikkje gir beskjed om utfordringar
Dei vanlegaste metodane for risikovurdering er risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) og 3 x 3-filtermodellen. Medan vi i ein ROS-analyse listar opp risikomoment og tiltak, tek filtermodellen omsyn til vêr og forhold, terreng og menneske på ulike detaljnivå. Filtermodellen er ein meir dynamisk modell med fortløpande vurderingar også på sjølve turen, medan vi i ROS-analysen vurderer risiko berre i forkant av turen.
Risikovurderinga er eit godt grunnlag for å lage ein alternativ turplan, plan B, om ikkje alt går som planlagt. Om det skjer ei ulukke, er det òg godt å ha ein kriseplan, plan C.
ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse)
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har laga ein rettleiar til utfylling av ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS):
Som ei hjelp til å identifisere farar på tur har DNT Oslo og Omegn laga eit skjema for risikovurdering for turleiarane sine. Skjemaet listar opp mange risikomoment og dessutan forslag til tiltak for å forhindre alvorlege konsekvensar. Det gir ei oversikt som kan vere til god hjelp når du skal tenkje over kva som kan skje på turar du skal leie eller delta på.
I dette vedlegget finn du eit forslag til ein forenkla ROS-analyse:
3 x 3-filtermodellen
3 x 3-filtermodellen er mykje nytta innanfor vinterfriluftsliv og ferdsel i brattare terreng, men kan òg nyttast ved vanlege leiraktivitetar (Jakobsen & Pulli, 2021; Lundhaug & Østrem, 2019).
Modellen blir brukt både som planleggingsverktøy og til å vurdere farar undervegs. Poenget er å kontinuerleg vurdere moglege konsekvensar av uønskte hendingar. Sannsynsrekning er ikkje i fokus. Horgen og Christoffersen (2019) trekkjer fram det å vere årvaken i situasjonen som avgjerande for å oppdage moglege farar.
Munters 3 x 3-filtermodell | Forhold | Terreng | Mennesket (gruppa) |
Regionalt
(turplanlegging) | |||
Lokalt
(områdevurdering) | |||
Zonalt
(enkelthengvurdering) |
For å få god nytte av 3x3 er det viktig at dere ikke nøyer dere med å fylle ut bare den første raden: «Type har planlagt, har kart og spade i sekken og ferdig med det!» Like viktig som planleggingen på forhånd er at dere vurderer forholdene underveis i turen og er like oppmerksomme på endringer i vær og snøforhold som endringer i egen og andres fysiske og mentale tilstand.(Moland, 2017, side 8)
Forklaring av 3 x 3-filtermodellen
- Regionalt nivå – i klasserommet
Vi vurderer forholda ute i området der vi skal på tur. Dette betyr at vi sjekkar vêrmelding og elles informasjon om snøskredvarsel som vi finn på varsom.no og i appen RegObs. Vidare ser vi på terrenget. Her kan gruppa studere kartet og diskutere brattleik, losneområde, utløpsområde og eventuelle terrengfeller.
Til slutt må vi vurdere dei som skal delta. Kva utstyr må vi ha for å kunne dra på den planlagde turen, kva erfaring har deltakarane, og kor stor er gruppa? Korleis skal vi organisere gruppa?
- Lokalt nivå – på tur
- Gjer stadig nye vurderingar.
- Spør om folk har det bra.
- Følg med på terrenget.
- Sjå om vêret endrar seg.
- Zonalt nivå – situasjonsvurdering
På turen må vi som gruppe og som klasse heile tida vurdere vêrforholda, terrenget og mennesket. Sjå etter kva farar som verkar størst. Er det til dømes utgliding, skred eller nedkjøling? Gjer risikoreduserande tiltak som å dekkje til berr hud om det er kaldt, sjekke kvarandre om det er mykje vind, eller gå slakare bakkar om det er veldig hard snø og vanskeleg å få feste med skia.
Undervegs på ein topptur vil vi kanskje oppdage noko uventa, som at eit område er brattare enn det førebuingane kunne tyde på, eller endringar i snødekket. Då er vi på zonalt nivå og må igjen vurdere situasjonen på nytt. Så bestemmer vi kva tiltak som må gjerast for at gruppa trygt kan flytte seg vidare. Ved å gjere ei god vurdering på alle tre nivåa i 3 x 3-filtermodellen kan vi minimere faren for uønskte hendingar på tur.
Som eit døme kan vi tenkje oss at vi skal med friluftslivsklassen på ein topptur vinterstid. Dette verktøyet kan vi då bruke både i planlegginga og undervegs på turen.
Døme på kva du bør vurdere når du bruker filtermodellen.
Turplanlegging
Tekst:
- Gina Wigestrand, Snuitide (2021)