På vinteren, når det er snø og bratt nok, kan det gå snøskred. Snøskred blir utløyste av eit komplekst samspel mellom snø, vêr og terreng. I tillegg kan menneskelege aktivitetar som skigåing utløyse skred. Her skal vi sjå nærmare på dei ulike faktorane, med mål om å kunne gjennomføre trygge skiturar.
For den vanlege turgåaren er det ikkje nødvendigvis ei lett oppgåve å vurdere om det kan gå snøskred eller ikkje. Det vi veit sikkert, er likevel godt nok til at dei fleste kan halde seg unna snøskred.
- Det må vere 30 grader bratt eller brattare for at snøskredet skal gå.
- Held du deg unna bratt terreng der snøskred kan losne, og utløpsområdet til snøskredet, blir du ikkje teken.
Forslag til konkretisering av kompetansemål er skrevet av Gina Wigestrand, redaktør av Snuitide. Dette er ment som en hjelp til å tydeliggjøre hva kompetansemålene rommer innen de ulike temaene. Lærere står fritt til å bruke disse eller lage sine egne.
Grunnleggjande om snøskred
Kort om snøskred
- Vit alltid korleis du kan unngå snøskredterreng, unngå losne- og utløpsområde.
- Planlegg turen godt:
- Sjekk snøskredvarsel og vêrmelding.
- Vurder terrenget du skal ferdast i.
- Avklar føresetnadene i gruppa før avreise.
- Det finst i hovudsak to typar snøskred: laussnøskred og flakskred.
- Vi vurderer tre faktorar når det gjeld snøskred:
- terreng, vêr og snødekke
- Eit snøskred består av tre komponentar:
- flaket, eit svakt lag og ei gliflate
- Gjer gode terrengvurderingar og kjenn til ulike terrengfaktorar som
- brattleik, terrengfeller, losne- og utløpsområde
- Kjenn til snøskredproblem som
- nysnø og fokksnø, vedvarande svake lag, våt snø og glideskred
- Kjenn til betydninga av nedbør, temperatur og vind som faktorar når du skal vurdere snøskredfare.
- Mennesket tek ofte snarvegar. Vi kan unngå desse med kunnskap, erfaring, gode haldningar og nødvendig utstyr. Unngå skadar og planlegg godt.
Kva er eit snøskred?
Eit snøskred er når store mengder snø plutseleg flyttar seg nedover ei fjellside eller ei skråning. Snøskred startar vanlegvis i terreng som er brattare enn 30°. Storleiken på snøskred varierer frå små og uskuldige skred på 5 meters lengd, til skred som går 1500 meter ned heile fjellet. Breidda kan variere tilsvarande.
Eit snøskred består av tre hovuddelar:
- Flak
- Svakt lag
- Gliflate
Vi kan tydeleg sjå flaka (snø vi kan lage snøball av) som ligg i snøskredet. Gliflata til snøskredet utgjer den glatte flata mellom alle blokkene som utgjer flaket. Det biletet ikkje klarer å vise oss, er at mellom gliflata og flaket har det vore eit svakt lag (laus snø, som vi ikkje klarer å lage snøball av).

Dersom snøen «knekk» rundt skia når du går, er det eit teikn på at han dannar flak. Dette blir òg kalla bunden snø. Både vind og høgare temperatur aukar bindingane i snøen, altså at snøen klistrar seg saman.
Denne snøen er så laus at han er vanskeleg å lage snøball med, han nærmast renn ut av votten vår.
Dei fleste snøskred oppstår på grunn av naturlege forhold, men snøskred kan òg bli utløyste av til dømes skiløparar eller snøskuterkøyrarar. Når snøskreda går av seg sjølve, naturleg utløyste skred, er det ofte svært krevjande snøskredforhold. Det er ikkje alltid lett å forstå at vår belastning på snødekket kan utløyse eit snøskred. I nokre fjellområde blir snøskred òg utløyste kontrollert ved hjelp av sprenging.
Snøskreda blir ofte delte inn i to hovudtypar: flakskred og laussnøskred.
Flakskred
Eit flakskred består av eit samanhengande flak av snø som losnar fordi eit svakt lag kollapsar. Flaket sklir ut og rasar ned fjellsida.
Vi kan kjenne igjen skredtypen ved
- at brotkanten er markant
- at flaket glir ut langs eit lausare lag nede i snødekket eller ved bakkenivå
- at skredmassane ligg blokkvis
Eit flakskred kan ha høg fart; det kan komme opp i 130 km/t på berre 6 sekund. Tørre flakskred har høgare fart enn våte flakskred, men våte skred kan ha større utløpslengd. Dei farlegaste snøskreda er tørre flakskred. Dei utgjer ca. 99 prosent av alle snøskredulukker. Mange ulukker skjer ved at skiløparen/skuterføraren sjølv utløyser skredet.
Laussnøskred
Laussnøskred startar i eitt punkt og breier seg nedover i ei pæreform. Snøkrystallane som losnar først, riv med seg fleire snøkorn på ferda nedover, og skredet breier seg utover. Laussnøskreda er som regel mindre enn flakskreda, men i eller nært terrengfeller kan òg laussnøskred vere farlege. Laussnøskred oppstår oftast etter store snøfall (30 cm snø eller meir innan 24 timar).
Vi ser at læra om snøskred er ganske komplisert og samansett. Det er derfor lurt å planleggje godt når vi skal ferdast på snø. For dei fleste vil det vere lurt å planleggje ei rute som unngår skredterreng.
Turplanlegging
Vi startar alltid med å planleggje turen vi skal på. Planlegginga bør gjennomførast av alle som skal vere med på turen. Her viser vi korleis vi kan bruke 3 x 3-filtermodellen til turplanlegging (sjå tabellen nedanfor). Under turplanlegging legg vi inn all informasjon vi kan innhente i forkant. Dette er informasjon om dei som skal på tur, vêrmelding og vurdering av terrenget og snødekket. Når vi kjem til området der vi parkerer, skal momenta frå turplanlegginga sjekkast ut (områdevurdering). Stemmer informasjonen vi planla ut frå, med forholda i dag? Siste trinn i planen er enkelthengvurdering. Då vurderer vi mindre område undervegs på turen. Døme kan vere at vi går over ein rygg og plutseleg går i meir laussnø, eller at vi går frå flatt terreng til å stige oppover ein bakke. Dette kan illustrerast slik:
Vêr- og snøforholda | Terrenget | Gruppa | |
Turplanlegging | Vêrmelding
Snøskredvarsling
- Faregrad
- Skredproblem | - Kart og brattleiksmålar
- Digitale kart med brattleiksmålar og utløp
- Lokalkjennskap
- Vegetasjon
- Underlag
- Oppslagsbøker | - Gruppestorleik
- Utstyr
- Erfaring
- Refleksjon over motivasjon, ønske og mål i gruppa |
Områdevurdering | - Nysnø
- Temperatur
- Vindteikn (Snø på tre? Snøføyke på toppane?)
- Alarmteikn (Ferske skred, mykje nysnø?) | - Vurdering av terreng når vi parkerer bilen
- Kikert
- Lokalkjennskap | - Dagsform og stemning i gruppa
- Prestasjonspress?
- Andre på tur i området?
- Konkurranse?
- Motivasjon? |
Enkelthengvurdering | - Overprøving av turplan og områdevurdering
- Noko annleis enn det vi har planlagt?
- Lokale vindteikn (le eller lo side?) | - Brattleiksmåling
- Hengretning
- Høgd over havet
- Terrengform
- Sikt til å vurdere terreng | - Kor mange på tur i dette henget?
- Konsekvens? (Kva har eg over meg? Kva har eg under meg?)
- Press frå andre?
- Motivasjon? |
Tabell: 3 x 3-filtervurdering viser systematisk korleis vi kan vurdere faktorane vêr- og snøforholda, terrenget og mennesket på tre ulike nivå. Henta frå Nes, 2013.
Ifølgje Fredston og Fesler (2011) er det tre miljøfaktorar som må vurderast i tilknyting til utløysing av snøskred:
- terreng
- vêr
- snødekke
Snøskredfaren er eit samspel mellom desse tre miljøfaktorane. Faktorane blir sette saman til ein modell som blir kalla skredtriangelet. Mennesket står i midten av triangelet, sidan det er vi som vurderer dei tre faktorane. Denne modellen dannar utgangspunktet for kapittelet om snøskred. Vi ser på dei tre faktorane i triangelet, og til slutt ser vi på mennesket, jokeren, i midten.
Ei rekkje studiar viser at folk med lite erfaring og kunnskap om vinterfjellet vurderer terrenget til å vere mindre komplekst enn det i verkelegheita er (Hallandvik, Andresen & Aadland, 2017). Ein annan studie, frå New Zealand, viser at 50,2 prosent av ulukkene skjer i «farleg terreng» (Salmon, Goode, Lenne, Finch & Cassell, 2014). Forskarar viser til at «god terrengforståing er det aller viktigaste for tryggare ferdsel i vinterfjellet». Terrenget er altså fundamentet for snøskred og bør vere den primære/viktigaste faktoren i turplanlegginga.
Av den grunn bør vi starte turplanlegginga med å vurdere terrenget vi skal ferdast i.
Les meir om snøskred
- Snøskredskolen til Varsom
- Bratthetskart (NVE)
- Varsom Regobs (observasjonar av skredhendingar og skredvarsel)
- Skredhendelser (NVE)
- NGI, kompetansesenter snøskred
- Innhold dagskurs skred
Oppgåver
Artiklar i temaet
Tekst
- Linda Hallandvik, Snuitide (2022)
- Der ikkje anna er oppgitt, kjem alle bilete og filmar frå nettsidene til Varsom.no.
- Oppgåver om snøskred: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)
- Framsidefoto: Harald Wanvik, varsom.no
Ahlsen, Ø.B. (2020, 29. september). eksponere. SNL. https://snl.no/eksponere
Brattlien, Kjetil (2011). Skredtriangelet [Illustrasjon]. Den lille snøskredboka. Fri Flyt AS, Oslo.
Fredston, J. & Fesler, D. (2011). Snow sense – A guide to evaluating snow avalanche hazard. Anchorage: Alaska Mountain Safety Center.
Hallandvik, L., Andresen, M.S. & Aadland, E. (2017). Decision-making in avalanche terrain–How does assessment of terrain, reading of avalanche forecast and environmental observations differ by skiers’ skill level? Journal of Outdoor Recreation and Tourism, 20. doi:10.1016/j.jort.2017.09.004
McCammon, I. (2004). Heuristic traps in recreational avalanche accidents: Evidence and implications. Avalanche News, 68(1), s. 42–50.
Nes, C.L. (2013). Skikompis: snøskred og trygg ferdsel. Førde: Selja forlag.
NVE (2019, 4. januar). På topptur med Varsom, Snøskredvarslingen i Norge. [Videoklipp]. https://www.youtube.com/watch?v=bjyuQsxW1Eo
Salmon, P.M., Goode, N., Lenne, M.G., Finch, C.F. & Cassell, E. (2014). Injury causation in the great outdoors: A systems analysis of led outdoor activity injury incidents. Accidents Analysis and Prevention, 63, s. 111–120.
Tremper, B. (2008). Staying alive in avalanche terrain (2nd ed.). Seattle, Wash: Mountaineers Books.