Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhold
/
❄️
Snøskred (nynorsk)
/
🌨️
Snødekket (nynorsk)
Snødekket (nynorsk)
🌨️

Snødekket (nynorsk)

Innhald

  • Snøskredproblem
  • Snøskredterreng + snøskredproblem = farleg
  • Snøskredvarsel
  • Fareteikn knytte til skredproblem
💡
Dersom vi gjer solid turplanlegging og unngår snøskredterreng, treng vi ikkje gjere vurderingar på snø.

Snødekket er den mest kompliserte faktoren å vurdere når det gjeld snøskred (Fredston & Fesler, 2011).

Vi skal likevel gå litt inn på tematikken, for det kan vere nyttig å forstå kvifor og når vi skal unngå snøskredterreng. I denne samanhengen tenkjer vi mest på å unngå å vere i utløp for snøskred. Vi kan gå nede i ein dal og utsetje oss for utløp frå terrenget over oss. Vidare skal vi sjå på fem skredproblem.

Snøskredproblem

Skredvarselet. Film: NVE

Hovudmålet med å forstå snøskredproblem er å få hjelp til å kjenne igjen farlege situasjonar og dermed unngå trøbbel. Snøskredproblema fortel deg kva oppbygging snødekket har, og kva snøtypar som mest sannsynleg kan få eit snøskred til å losne.

Snøskredterreng + snøskredproblem = farleg

Viss du vil gå i snøskredterreng, må du passe på at det ikkje finst eit snøskredproblem i/eller over området du planlegg å ferdast i. Nokre snøskredproblem kan du lære deg å kjenne igjen gjennom opplæring. Andre snøskredproblem er skjulte under overflata, og det er umogleg å vite sikkert kvar dei er, sjølv for ekspertar.

💡
Det er mykje viktigare å setje seg inn i snøskredproblema enn å hugse faregrada viss du oppsøkjer snøskredterreng.

Snøskredvarsel

Snøskredproblem i området du ferdast i, kan du finne på snøskredvarslinga i appen Varsom Regobs.

Les meir om korleis du bruker snøskredvarselet.

Slik ser appen ut (Varsom).
Slik ser appen ut (Varsom).
NysnøNysnø
Nysnø
FokksnøFokksnø
Fokksnø
Vedvarende svakt lag (flakskred)Vedvarende svakt lag (flakskred)
Vedvarende svakt lag (flakskred)
Våt snøVåt snø
Våt snø
GlideskredGlideskred
Glideskred

Fareteikn knytte til skredproblem

Fareteikn eller alarmteikn er som regel signal om at det er betydeleg ( skredfare 3) eller større snøskredfare. Fareteikn kan òg hjelpe deg til å bestemme kva skredproblem som er til stades.

Ferske snøskredFerske snøskred
Ferske snøskred
Drønnelyder i snøenDrønnelyder i snøen
Drønnelyder i snøen
Skytende sprekkerSkytende sprekker
Skytende sprekker
Stort snøfallStort snøfall
Stort snøfall
Rask temperaturstigningRask temperaturstigning
Rask temperaturstigning
Mye vann i snøenMye vann i snøen
Mye vann i snøen
Fersk vindtransportert snøFersk vindtransportert snø
Fersk vindtransportert snø
Ferske glidesprekker
Ferske glidesprekker
🖇️
Dette er ein del av temaet ❄️Snøskred (nynorsk)

Artiklar i temaet

🏞️Terreng (nynorsk)

☔Vêret (nynorsk)

🌨️Snødekket (nynorsk)

🃏Mennesket (nynorsk)

Tekst

  • Linda Hallandvik, Snuitide (2022)
  • Der det ikkje er oppgitt noko anna, kjem alle bilete og filmar frå nettsidene til Varsom.no.
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no