- Kva for to hovudtypar av skred har vi?
- Kvifor går det skred?
- Kvar går det skred?
- Når går det skred?
- Kva for fareteikn indikerer stor skredfare?
Turplanlegging med tanke på snøskred
- Ta ein titt på kartet over eit område du kjenner godt til. Kan du sjå ulike plassar som det kanskje ville vere lurt å unngå (til dømes losne- og utløpsområde)?
- Dersom du klikkar deg inn på dette temakartet frå NVE, vil du kunne orientere deg fram til ditt område. Vel ein tur du ofte går eller planlegg ein tur til, og sjå på ulike vegval i dette området. Diskuter med andre kva som kan vere eit fornuftig vegval.
- Sjå på RegObs i ditt område. Kva fortel snøskredvarselet deg?
- Kva for fareteikn varslar om auka snøskredfare, og kvifor?
Praktiske oppgåver
- Bruk 3 x 3-filtermetoden når du er på tur. Kva ser du etter, og korleis vurderer du dei tre forholda vêr og føre, terreng, menneske?
- Øv på å bruke ulike metodar for å måle brattleik. Prøv med både stav og klinometer om du har. Kva fungerer best for deg? Kvifor?
- Vurder vegvalet opp mot det du har planlagt på førehand. Er ruta du har teikna opp på førehand, den beste, eller finst det betre alternativ med tanke på sikker ferdsel? Ser terrenget annleis ut enn forventa? Kva kan vere årsakene til det?
- Sjå om du kan finne ulike terrengfeller når du går på tur. Ser du kvifor desse terrengformasjonane blir kalla feller?
- Korleis har vêret påverka snøen der du går på tur? Korleis påverkar dette snøskredfaren?
Regkn ut sikker ferdsel
Ved fare for snøskred kan du bruke kart og matematikk for å berekne den sikraste ruta i terrenget.
Tregongerregelen
Er du 500 meter under toppen av eit fjell der det er fare for snøskred, må du vere tre gonger så langt unna, dvs. 1500 meter frå toppen, for å vere heilt trygg.
Oppgåve
Ein skiløpar står ved den raude pila på kartet og er på tur langs den stipla løypa som går vidare rundt Halletjørne. Isen på vatnet er sikker, og skiløparen ønskjer å gå rett over vatnet for å spare tid.
Det kan sjå ut til at det kan vere fare for snøskred ved fjellsida Nattane.
Bruk informasjonen ovanfor om tregongerregelen for å berekne løypa skiløparen bør følgje for å unngå å vere i faresona ved eit eventuelt snøskred.
På kartet er høgdekurvene 50 meter.
a) Teikn ein hjelpefigur av fjellet med mål.
b) Rekn ut utløpsvinkelen.
c) Kor langt frå fjellet bør skiløparen gå? Bruk opplysningane ovanfor.
d) Rekn ut utløpsvinkelen om ein følgjer tregongerregelen.
e) Vil skiløparen gå trygt over vatnet med tanke på snøskred?
Løysingsforslag:
Tekst: Elisabet Romedal, NDLA (CC BY-SA)
Artiklar i temaet
Tekst
- Oppgåver om snøskred: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)