Snu i tide
Snu i tide
Vêret (nynorsk)
☔

Vêret (nynorsk)

Innhald

  • Vind
  • Nedbør
  • Temperatur
  • Vêrsituasjonar som aukar skredfaren

Nedbør, temperatur og vind er viktige faktorar når vi skal vurdere vêr og snøskredfare. Vêret kan auke eller minske snøskredfaren i vinterfjellet. Vi skal sjå på kva vêrfaktorar som bør vurderast før og undervegs på tur, og vi skal sjå på vêrsituasjonar som forverrar snøskredfaren.

Vind

Vinden blir ofte karakterisert som snøskredets byggmeister. Vinden kan transportere snø og forverre snøskredfaren. Når snøen blir transportert, blir det danna bindingar i snøen. Det er viktig å følgje med på vêrmeldinga og sjå kor mykje det blæs, og kva himmelretning vinden blæs frå, i dagane før tur. På sjølve turen sjekkar vi om vêrmeldinga stemmer: Kor mykje blæs det samanlikna med det som er meldt, og kjem vinden frå den same himmelretninga som vêrmeldinga sa? På biletet nedanfor ser vi at vinden har komme frå venstre side av biletet.

Ved å sjå på vindteikn i snøen kan vi anslå siste dominerande vindretning.
Illustrasjon:
Ved å sjå på vindteikn i snøen kan vi anslå siste dominerande vindretning. Illustrasjon: Georg Sojer, NVE

Område der vinden har lagt igjen snøen, kallar vi for le-område (under skavlen til høgre i biletet), og område der vinden har frakta snøen bort, kallar vi for lo-område. I le-områda kan det liggje mykje snø, og denne snøen kan liggje i ulike lag nedover i snødekket. Kor mykje snø som blir frakta, er avhengig av om det er snø tilgjengeleg for transport med vinden. Har det snødd mykje før og/eller etter at vinden starta, vil det kunne fraktast mykje snø til le-områda. Kor lett eller tung snøen er, har noko å seie for kor mykje snø som blir frakta. Vi må ha sterkare vind for å flytte tung snø enn lettare snø.

Varsom.no - Kva meiner vi med bunden snø? Film, NVE

Nedbør

Nedbør kjem i grove trekk i form av snø eller regn. Begge nedbørstypane gir auka belastning på snødekket. Dersom det snør i kombinasjon med vind, vil snøen bli frakta frå lo- til le-området. Det vil seie at belastninga på le-området kan auke kraftig, sjølv om det ikkje snør veldig mykje.

Temperatur

Temperaturen er avgjerande for kva som skjer med snøen og lagdelinga i snøen. Generelt vil låge temperaturar – kaldare enn –8 ° – over lengre periodar danne svake lag i snødekket og skape snøskredproblemet vi kallar vedvarande svake lag. Jo kaldare det er, jo fortare går denne prosessen. Mildare temperaturar, frå rundt 0 ° til – 4 °, medfører at snøen kan danne flak i overflata utan at vinden har flytta snøen.

Vêrsituasjonar som aukar skredfaren

Vinden flytter mye snø i lehengVinden flytter mye snø i leheng
Vinden flytter mye snø i leheng
Mye snø på kort tid øker belastningen på snødekketMye snø på kort tid øker belastningen på snødekket
Mye snø på kort tid øker belastningen på snødekket
🖇️
Dette er ein del av temaet ❄️Snøskred (nynorsk)

Artiklar i temaet

🏞️Terreng (nynorsk)

☔Vêret (nynorsk)

🌨️Snødekket (nynorsk)

🃏Mennesket (nynorsk)

Tekst

  • Linda Hallandvik, Snuitide (2022)
  • Der det ikkje er oppgitt noko anna, kjem alle bilete og filmar frå nettsidene til Varsom.no.
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no