Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhold
/
❄️
Snøskred (nynorsk)
/
🏞️
Terreng (nynorsk)
Terreng (nynorsk)
🏞️

Terreng (nynorsk)

Innhald

  • Terrengklasse 0 – terreng som normalt ikkje har snøskredterreng
  • Terrengklasse 1 – terreng som for det meste er slakt og oversiktleg
  • Brattleik
  • Brattleikskart
  • Klinometer
  • Måle brattleik med stavar
  • Losne- og utløpsområde
  • Terrengfeller
  • Stup
  • Skavl
  • Terrengform
  • Skog
  • Eksponering
  • Vegval

For å kunne halde trygg avstand til potensielle snøskred må du kunne kjenne igjen snøskredterreng.

Skredterreng. NVE

Terrengklasse 0 – terreng som normalt ikkje har snøskredterreng

Døme på terrengklasse 0.
Foto:
Døme på terrengklasse 0. Foto: Varsom.no

Dette er flatt eller slakt terreng. Det kan vere små hellingar og formasjonar, men normalt er det verken utløps- eller losneområde for snøskred. Merk at sjølv om dette ikkje er skredterreng, kan det vere terreng som er krevjande å vurdere med tanke på andre farar. Det gjeld særleg med tanke på feil orientering i dårleg vêr, ettersom vi kan orientere inn i snøskredterreng eller ferdsel på vatn og/eller elvar som er opne, regulerte og/eller ikkje islagde.

Terrengklasse 0 er dermed godt eigna for langrennsturar med eller utan overnatting for store grupper (skuleklassar).

‣
Tilrådde ferdigheiter for ferdsel i terrengklasse 0:
  • generelle ferdigheiter i vinterfriluftsliv
  • ferdigheiter i å kjenne igjen kvar det ikkje er snøskredterreng

Terrengklasse 1 – terreng som for det meste er slakt og oversiktleg

Døme på terrengklasse 1.
Foto:
Døme på terrengklasse 1. Foto: Varsom.no

Du må ta omsyn til utløpsområde og moglege terrengfeller, medan losneområde er moglege å unngå. Basert på terrenget vil du ha stort spelerom med omsyn til rutevalet. Terrengklasse 1 er dermed godt eigna for langrennsturar eller turar/toppturar på alpinski. Terrenget innbyr til god skikøyring og er eit fornuftig terrengval om du ikkje har så mykje kunnskap om vurdering av snødekket, eller om det er høg snøskredfare. Terrengklasse 1 eignar seg som regel ikkje for veldig store grupper (meir enn 10 personar).

‣
Tilrådde ferdigheiter for ferdsel i terrengklasse 1:
  • ferdigheiter i å bruke snøskredvarselet
  • ferdigheiter i kameratredning
  • ferdigheiter i å kjenne igjen skredterreng
  • generelle ferdigheiter i vinterfriluftsliv

Vi har allereie no vore inne på ein del omgrep som kan vere litt vanskelege å forstå. Vi vil vidare fokusere på terrengfaktorane brattleik, losne- og utløpsområde, terrengfeller, terrengform, skog, vegval og eksponering i snøskredterreng.

Brattleik

Dei fleste snøskred treng eit område der det er brattare enn 30 grader, for å losne.

For å vurdere kva som er bratt nok terreng for utløysing av snøskred, har vi ei rekkje metodar vi kan nytte.

Brattleikskart

Studer kartet og finn ut kor bratt det er på dei ulike stadene i terrenget.

Brattleikskart frå NVE
Fargekodar for ulike brattleikar i temakart frå Varsom.
Skjermdump frå kart henta frå
Fargekodar for ulike brattleikar i temakart frå Varsom. Skjermdump frå kart henta frå Varsom.no

Ved turplanlegginga kan vi bruke brattleikskart på Varsom eller RegObs.

Varsom Regobs - en tjeneste fra NVE, i samarbeid med Statens vegvesen og MET

www.regobs.no

RegObs finst òg som app på mobilen.

Brattleikskartet viser område brattare enn 27 grader. Områda er markerte med grøn farge for brattleik mellom 27 og 30 grader og med nyansar frå gult til raudt for terreng brattare enn 30 grader.

Klinometer

Måling av brattleik på avstand med klinometer på kompass.
Foto: Linda Hallandvik.
Måling av brattleik på avstand med klinometer på kompass. Foto: Linda Hallandvik.

Undervegs på tur kan vi jobbe med korleis vi måler brattleik på avstand i terrenget.

Vi kan bruke eit klinometer, eit kompass med brattleiksmålar, ein brattleiksmålar på skistaven eller ein app på mobilen, til dømes: SlopeAngle (Apple) Clinometer (Android)

Måle brattleik med stavar

Vi kan òg måle direkte brattleik med stavar: Då må vi stå i det bratte terrenget, og dette bør derfor berre prøvast i terreng der henget ikkje er meir enn 5 meter høgt.

Varsom.no – måle brattleik i terrenget. Film: NVE
Måling av brattleik med stavar. 
Illustrasjon:
Måling av brattleik med stavar. Illustrasjon: Varsom.no

Det er viktig at staven heng fritt, som vist på dei øvste bileta. Dersom det er 10 cm over avtrykket av handtaket, vil det vere 30 grader minus 3, altså 27 grader bratt. 20 cm over = 24 grader bratt, osv. – og motsett dersom avtrykket er nedanfor handtaket (Varsom).

Losne- og utløpsområde

💡
Losneområdet for snøskred = der skredet startar. Utløpsområdet for snøskred = området der snøskredet glir ut og stoppar opp.
Korleis halde trygg avstand til skredterreng – 1:3-regelen. Film: NVE
Raudt felt viser terreng brattare enn 30 grader og illustrerer kvar eit skred kan losne. Gult felt viser utløpsområdet til skredet, og grønt felt viser kvar vi kan gå på trygg avstand frå eit potensielt snøskred.
Foto:
Raudt felt viser terreng brattare enn 30 grader og illustrerer kvar eit skred kan losne. Gult felt viser utløpsområdet til skredet, og grønt felt viser kvar vi kan gå på trygg avstand frå eit potensielt snøskred. Foto: Varsom.no

Det går ikkje snøskred der det er flatt. Terrenget må ha snø og vere brattare enn 30 grader (sjå raudt område på bilete til venstre). Dette er område der snø kan losne og skape snøskred.

Terrenget under losneområde er utløpsområde for snøskred. Skreda vil gjerne følgje søkk i terrenget, og tek minste motstands veg. Sjølv om snøskredet losnar der det er 30⁰ eller brattare, vil sjølve skredet nå terreng som er slakare enn 30⁰. Utløpsområdet for snøskred er like farleg for deg som losneområdet.

Både losne- og utløpsområde for snøskred blir definerte som snøskredterreng.

Raude felt og piler indikerer losneområde.
Foto:
Raude felt og piler indikerer losneområde. Foto: Varsom.no
Stipla linje, døme på utløpsområde.
Foto:
Stipla linje, døme på utløpsområde. Foto: Varsom.no

Dersom eit snøskred losnar frå eit 100 meter høgt brattheng, vil snøen først rase til botnen. Sjå utløysingspunkt og fallhøgd på figuren. Deretter kan skredet rase vidare 300 meter i horisontal lengd, altså tre gonger fallhøgda. Området der skredet stoppar, blir kalla utløpssona. Sjølv om vi går på eit flatt vatn, kan vi altså stå i utløpssona for skred.

Tregongerregelen for snøskred.
Illustrasjon:
Tregongerregelen for snøskred. Illustrasjon: nyhetsgrafikk.no, NTB Scanpix, via NDLA
Måling av utløp på avstand.
Illustrasjon:
Måling av utløp på avstand. Illustrasjon: Varsom.no

Losneområde kan vi studere på brattleikskart før vi dreg på tur, og vi kan i tillegg måle dei med eit klinometer dersom vi ser brattleiken i profil (på avstand). Dersom vi til dømes kjem inn i ein dal, kan vi måle avstanden frå der vi står, til eventuelt losneområde. Då siktar vi med klinometeret opp mot losneområdet og les av talet på grader til der vi står. Så lenge dette gradetalet viser under 20 grader, er vi på trygg avstand dersom eit snøskred skulle losne. Dette blir ofte omtalt som 1:3-regelen. Det vil seie at vi på ein enkel måte (ved hjelp av klinometeret) er trygge på at vi oppheld oss 3 gonger ut frå høgda på henget som kan losne.

Terrengfeller

Varsom.no - Snøskredfare og terrengfeller Film: NVE

Terrengfeller er terrengformasjonar som kan auke både konsekvensen av og sjansane for å bli teken av snøskred.

Spør deg sjølv: Kva er konsekvensen av å bli ført av garde av snømassane der du er?

Ulike typar terrengfeller. 
Foto:
Ulike typar terrengfeller. Foto: Varsom.no

Juv, tronge renner, bekkedalar, søkk i terrenget og brå overgangar ser vi ofte på kartet før vi dreg på tur. Skavl og stup er òg lette å kjenne igjen på kartet – brun og mørkeraud farge på brattleikskartet.

Sjå dette kartutsnittet og/eller biletet:

Den raude pila viser den framherskande vindretninga for området. Skavlar vil danne seg i området nordaust for raud/brun farge på brattleik i kartet.
Kartgrunnlag:
Den raude pila viser den framherskande vindretninga for området. Skavlar vil danne seg i området nordaust for raud/brun farge på brattleik i kartet. Kartgrunnlag: NVE Temakart

Overgangar mellom tre og skog ser vi ofte i turplanlegginga: Det går frå grønt til ein annan farge på kartet. Undervegs på tur er det viktig å tenkje på at tre kan valde stor skade dersom eit skred fører deg ned i dette terrenget. Stein og klipper er ikkje alltid så lette å sjå på kartet. Dette må vi gjere ei vurdering av når vi kjem til området og i dei enkelte henga. Still deg spørsmålet: Dersom eit skred losnar over meg no, kva kan konsekvensane av det vere? Dersom vi ser at vi kan treffe stein og falle utfor klipper, bør vi revurdere vegvalet.

Stup

Merk at ein del stup under 20 meter ikkje blir viste på turkart med ekvidistanse på 20 meter.

Dette stupet er rundt åtte meter høgt. Stupet er i området som er merkt med ein raud sirkel på karta nedanfor.
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Dette stupet er rundt åtte meter høgt. Stupet er i området som er merkt med ein raud sirkel på karta nedanfor. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Eit turkart med målestokk 1 : 50 000 viser ingen teikn til stup fordi terrenget over og under stupet har relativt hamn helling.
Kart:
Eit turkart med målestokk 1 : 50 000 viser ingen teikn til stup fordi terrenget over og under stupet har relativt hamn helling. Kart: norgeskart.no
Ved å zoome inn på digitale kart som
Ved å zoome inn på digitale kart som norgeskart.no kan vi få større målestokk og fleire detaljar. Her dukkar stupet plutseleg opp. Kart: norgeskart.no

Skavl

Varsom.no – Skavlar – vakre, men farlege Film: NVE

Dersom vi kjenner området vi skal ferdast i, vil skavlar som oftast vere i motsett himmelretning enn den framherskande vindretninga (der vind og nedbør som oftast kjem frå i ditt område). På Vestlandet kjem ofte vind og nedbør frå nordvest, vest eller sørvest. I desse områda vil skavlar ofte danne seg på nordaustleg eller nordleg himmelretning. Dette kan vi finne ut ved å spørje folk som bur i området.

Turfølgje som går nær ein skavl.
Foto: Birgit Rustad,
Turfølgje som går nær ein skavl. Foto: Birgit Rustad, varsom.no

På biletet ser du ein del stein på høgre sida av fjellryggen, medan skavlen ligg på venstre side. Her har vinden blåse frå høgre på biletet og teke med seg snø mot venstre. Snøen har samla seg på venstre side av ryggen og danna ein skavl. Du kan òg sjå sprekkar i skavlen, mellom turfølgjet og ytterkanten av skavlen. Sprekkane vil med tida auke i omfang, og skavlen vil til slutt knekke. Hald alltid god avstand til skavlar.

Terrengform

Mange små terrengformasjonar er ofte vanskelege å sjå på eit kart. Men om vi finstuderer kartet før tur, kan vi ofte sjå korleis terrenget vil sjå ut:

Terrengformasjonar på kartet.
Kartgrunnlag:
Terrengformasjonar på kartet. Kartgrunnlag: NVE Temakart

Om vi studerer kartet og tenkjer oss at vi skal opp på Kambafjellet, vil vi sjå at ved elvane er høgdekurvene forma som ein ˄ (sur munn), dette tyder på søkk i terrenget. Dersom vi ser på høgre side av Kupelvi (aust for Kupelvi), ser vi U-former (smilemunn). Dette tyder på ein ryggformasjon. Dersom vi går vidare til høgre (aust for Kupelvi og ryggen), ser vi at høgdekurvene ligg relativt jamt, og dette tyder på ein jamn terrengformasjon utan for mange «humpar» i terrenget. Dersom vi flyttar blikket mot Kambagrovi (lenger aust på kartet), ser vi at det er mange «rotete» kurver. Dette tyder på mange små terrengformasjonar og «rotete» terreng.

I terrenget kan vi ofte kjenne igjen dette som konkave (søkk) og konvekse (rygg, høgd) terrengformasjonar.

Terrengformasjonar. Raude piler er konveks terrengformasjon, grøne piler er konkav terrengformasjon.
Terrengformasjonar. Raude piler er konveks terrengformasjon, grøne piler er konkav terrengformasjon.

Slike terrengformasjonar kan vi ofte kjenne igjen på kartet (bilete 17), og også ute i terrenget er dei mange gonger lette å kjenne igjen (bilete 18). Det vi skal vere klar over, er at konvekse terrengformasjonar vil ha strekkspenningar (tyngdekraft), og skred losnar ofte på desse stadene dersom det er bratt nok, 30 grader eller meir. Døme på konvekse terrengformasjonar er ein fjellrygg eller ein kul i terrenget. Døme på konkave terrengformasjonar er bekkedalar eller små søkk i terrenget. Vi tenkjer ofte at konkave terrengformasjonar er trygge og støttar snøen på sidene, men det gjeld ikkje alltid. Dersom det er svake eller vedvarande svake lag i snøen, kan vi fjernutløyse snøskred ved å belaste desse områda. Dette skal vi komme meir tilbake til seinare.

Skog

Skoggrensa varierer etter kvar du er i Noreg. På kartet er skog markert med grøn farge. Kvit farge på kartet er terreng som er over tregrensa. Dersom vi ikkje kjenner området vi skal ferdast i, og vi veit at vi skal ferdast i skog, kan det vere lurt å spørje lokale folk om korleis skogen er i området, før vi dreg på tur. Gamle snøskred kan fortelje deg mykje om utløpsområde i terrenget du er i.

Skog har skredhemmande effekt når han står så tett at det er vanskeleg å køyre på ski der og diameteren på trestammane er tilsvarande låret til ein vaksen mann.

Still spørsmåla:

  1. Går turen vår over eller under skoggrensa? Som oftast er det ei blanding av desse to. Undersøk kor tett skogen er, før turen.
  2. Ser du teikn etter typisk skredpåverka skog (bøygde tre) og/eller skredbaner (få eller ingen tre)?

Restar etter gamle skred, skredbane. 
Foto:
Restar etter gamle skred, skredbane. Foto: Varsom.no
Spreidd skog, ikkje skredhemmande. Foto:
Spreidd skog, ikkje skredhemmande. Foto: Varsom.no

Eksponering

Å eksponere betyr å «utsetje» og blir ofte brukt i betydninga «utsetje for fare» (Ahlsen, 2020). Så lenge du held deg unna snøskredterreng, er eksponeringstid ikkje relevant. Viss du derimot må krysse eit område der det kan gå skred, er det viktig å bruke kortast mogleg tid i dette området.

Sjå på biletet under:

Sjekk på kartet: Kvar kan vi ete lunsj / overnatte, og kvar bør vi gå fort forbi? Vi skal frå Gunvordalsstølen (aust på kartet) til Reset (vest på kartet)

Ulik grad av eksponering. 
Kartgrunnlag:
Ulik grad av eksponering. Kartgrunnlag: NVE Temakart

Vegval

Vi snakkar ofte om å gjere trygge vegval, som vil seie å velje ein veg som ikkje utset oss for unødvendig fare. Viss du planlegg ei rute der du unngår snøskredterreng, har du gjort eit trygt vegval. Nokre stader er det ikkje mogleg å unngå snøskredterreng. Då må du vurdere om du skal gå ein annan stad.

Kartutsnitt for Blåfjell i Sogndalsdalen (oppe til venstre i kartet).
Kartgrunnlag:
Kartutsnitt for Blåfjell i Sogndalsdalen (oppe til venstre i kartet). Kartgrunnlag: NVE Temakart

Tenk deg at du skal inn i dette området, og at du vil gjere dette trygt.

Klarer du å sjå dei ulike moglegheitene for å gjere eit trygt eller utrygt vegval?

Hugs at blå markeringar i kartet er utløpsområde, og at fargekodane er potensielle losneområde.

🖇️
Dette er ein del av temaet ❄️Snøskred (nynorsk)

Artiklar i temaet

🏞️Terreng (nynorsk)

☔Vêret (nynorsk)

🌨️Snødekket (nynorsk)

🃏Mennesket (nynorsk)

Tekst

  • Linda Hallandvik, Snuitide (2022)
  • Der det ikkje er oppgitt noko anna, kjem alle bilete og filmar frå nettsidene til Varsom.no.