Innhald
- Snarvegar
- Typiske åtferdsmønster for mennesket
- Reduksjon av menneskelege feil
- Skaff deg kunnskap, erfaring og gode haldningar
- Kjenn igjen snøskredterreng der du ferdast
- Ha alltid nødvendig utstyr med deg
- Unngå skadar på tur
- Planlegg godt
Godt over 60 prosent av alle snøskredulukker kjem av menneskeleg svikt på ein eller annan måte (Tremper, 2008). Vi skal sjå på kvifor vi gjer feil, og korleis vi kan redusere desse feila.
Snarvegar
Vi menneske har ein tendens til å velje snarvegar slik at vi slepp å jobbe unødig for å oppnå det vi ønskjer.
Typiske åtferdsmønster for mennesket
Vi kjenner alle til sauen som eit kjært husdyr. Om du har studert sauen på fjellet, har du sikkert sett at han liker seg best i flokk (du ser sjeldan ein sau åleine). Vi menneske oppfører oss litt på same måten. Har du til dømes opplevd å vere usikker på kvar du skal gå for å komme deg til eit arrangement som du veit alle andre rundt deg skal på? I slike situasjonar er det svært sjeldan vi vel å gå motsett veg av flokken. Det lettaste er å følgje same veg som alle andre. Dette er òg typisk for vurderingane våre i fjellet. Ser vi spor eller ei gruppe framfor oss i fjellet, så følgjer vi på i same spor eller etter gruppa framfor oss. Viss vi er ei gruppe på tur og ein i gruppa tek ansvar for å gjere vurderingar undervegs, er det svært sjeldan vi blandar oss inn eller set spørsmålsteikn ved vurderingane. Konklusjonen er at vi føler oss trygge der andre har gått, eller når vi er saman med andre.
Vi kan òg samanlikne oss med hesten. Når hesten er ute på prærien og han blir svolten, spring han den raskaste vegen heim for å få mat så fort som mogleg. Det same gjeld dersom det blir uvêr og hesten er langt frå stallen. Då galopperer han den raskaste vegen heim igjen, for der veit han at er det trygt. Slik er det òg med oss menneske. Har du opplevd å vere tørst, svolten eller kald? Heilt sikkert. Instinktet vårt er då å finne mat, drikke og varme så fort som mogleg. På tur er det svært viktig å sjå til at vi får dekt desse behova til kvar tid – for å unngå at vi tek snarvegar og gjer dumme vurderingar fordi vi kjenner på trongen til velvære så fort som mogleg.
Vidare skal vi seie litt om nokre typiske snarvegar vi menneske har ein tendens til å ta (McCammon, 2004).
Vi kjenner oss trygge og komfortable i kjende område/terreng. Der har vi vore mange gonger før, og det har aldri skjedd noko der. Ta ein titt på kartet (bruk temakart på varsom.no) over eit område du kjenner godt til. Kan du sjå ulike plassar som det kanskje ville vere lurt å unngå (til dømes losne- og utløpsområde)?
Denne snarvegen handlar om redsel for å skilje seg ut. Den vurderinga fleirtalet i gruppa gjer seg, blir vi med på fordi vi ikkje ønskjer å skilje oss ut. Der er likevel lurt å få gruppa til å snakke saman i slike tilfelle. Klarer gruppa til saman å forklare kvifor vurderinga er god? Ta opp spørsmål om terrenget, snøen og vêret. Klarer gruppa saman å gi gode svar på kvifor det er trygt? Om ikkje gruppa klarer dette, er det sjeldan lurt å halde fram.
Når vi planlegg ein tur som har eit gitt mål, kan det vere lurt å følgje dei tre mønstera vi snakka om i avsnittet om turplanlegging: Planlegg ut frå vêrmeldinga/snødekket, terrenget og gruppa. Dersom det viser seg at vi får avvik frå planen vår, til dømes dårlegare vêr enn vi rekna med, må vi ha høve til å gjere om planen. Hugs på at fjellet ligg der til evig tid. Vi kan dra tilbake ein annan gong, når forholda er betre. Vi bør ikkje følgje planen slavisk dersom det viser seg at forholda blir annleis enn vi hadde tenkt.
Vi har vel alle opplevd å ha ein typisk leiar i ei gruppe. Vi lyttar til dei i gruppa som snakkar høgast og stikk seg litt fram, men det er ikkje alltid lurt å følgje desse menneska. Still spørsmål: Kvifor meiner du dette er trygt? Dersom «eksperten» ikkje har noko godt svar å gi eller gir eit svar som handlar om kjensler eller at hen er kjend i området, bør du ikkje nødvendigvis lytte til og følgje råda frå denne personen. Har du opplevd at ein person gir seg ut for å vere «ekspert»?
Vi menneske er ofte opptekne av at vi skal bli aksepterte av gruppa. Og for å oppnå den aksepten gjer vi dumme ting, som av og til kan medføre farlege situasjonar. Sjå for deg at du er på tur med ei gruppe og de kjem til ein topp. Du ønskjer aksept frå gruppa og hoppar utfor ein skavl i staden for å køyre ein trygg veg rundt. Dette kan medføre ei stor tilleggsbelastning på snødekket. Kanskje det ikkje toler belastninga di og du utløyser eit snøskred.
Du er på eit skisenter, og lysta til å køyre i urørt snø er stor. Snøen nærmast heisen er full av spor, og du og gruppa di vil sjølvsagt lenger ut i anlegget, der snøen er utan spor. Har du vurdert om det til dømes er brattare i dette området? Sjå på terrenget over og rundt deg. Er det potensielle losneområde eller utløpsområde der?
Reduksjon av menneskelege feil
Det finst ein del tiltak vi kan treffe for at vi skal unngå snarvegar.
Skaff deg kunnskap, erfaring og gode haldningar
Det viktigaste er at du kan gjere ei vurdering av terrenget (losneområde og utløpsområde), at du er i stand til å vite kvar du er til kvar tid, og at du kan orientere med bruk av kart og kompass ved til dømes dårleg sikt. Erfaring kjem med mengdeøving og meir ferdsel ute under ulike forhold i ulike område. Kunnskap og erfaring heng saman. Det held ikkje med berre den eine; vi må ha begge delar. I media dukkar det av og til opp overskrifter som «erfaren skikøyrar omkom i snøskred». Spørsmålet er då: Hadde denne erfarne skikøyraren mykje kunnskap? Noko anna som er viktig, er gode haldningar i måten vi handterer natur på. Blir du overraska av dårleg vêr, så spel på lag med vêret, gå inn i nærmaste hytte, snu og vend heim, grav deg ned eller set opp telt. Dette er døme på gode haldningar i fjellet.
Kjenn igjen snøskredterreng der du ferdast
Dette heng saman med det å skaffe seg kunnskap, som vi var inne på i førre avsnitt.
Ha alltid nødvendig utstyr med deg
Skal du på tur i snøskredterreng, så ta med sendar-/mottakarutstyr, spade og søkjestong, og vit korleis du skal bruke dette utstyret. Dersom du veit at de ikkje må opphalde dykk i snøskredterreng, er det viktig at du til kvar tid veit kvar de er. Bruk kart og kompass og vit at gruppa er i det terrenget du hadde planlagt at de skulle vere i. Ha med tilstrekkeleg mat, drikke og varme klede for den planlagde turen, slik at de unngår å ta snarvegar for å komme fram til varme og trygge omgivnader.
Unngå skadar på tur
Eit uhell kan bli kritisk når vi er i fjellet. Ein kombinasjon av lang avstand til hjelp, inga dekning på mobilnettet og dårleg utstyr for skadehandtering gir dårlege odds for å handtere skadar. Brot og indre bløding medfører rask nedkjøling uavhengig av om vi er i fjellet eller ikkje. Og på fjellet skal det mykje til å unngå forverring dersom uhellet er ute.
Planlegg godt
Les og forstå snøskredvarselet og vêrmeldinga, gjer gode terrengvurderingar og kjenn gruppa du er på tur med.
I forkant av turen må gruppa avklare forventingar:
- Kva erfaring og kunnskap er det i gruppa?
- Kva er målet for gruppa på denne turen?
- Kva ønskjer gruppa å lære på denne turen?
- Korleis er motivasjonen i gruppa?
- Har alle sove godt, er alle friske og raske, er det nokon skadar i gruppa?
- Har nokon allergiar eller sjukdommar som resten av gruppa bør kjenne til?
Om vi planlegg turen grundig i forkant og har ein open kommunikasjon undervegs på turen, vil vi kunne gjennomføre ein trygg og god tur for alle i gruppa. Uventa hendingar og ulukker blir reduserte med gode førebuingar og open kommunikasjon.
Artiklar i temaet
Tekst
- Linda Hallandvik, Snuitide (2022)
- Der det ikkje er oppgitt noko anna, kjem alle bilete og filmar frå nettsidene til Varsom.no.