Innhald
- Døme på plan A, B og C for fottur i fjellet
- Plan B
- Plan C – kriseplan
- Døme på plan A og B på kanotur
- Plan A
- Utstyr og mat som elevane har med seg
- Plan B
- Forslag til innhald i kriseplan
Døme på plan A, B og C for fottur i fjellet
Den planlagde ruta er ein lang dagsmarsj i kupert terreng i Skarveheimen. Plan A (grøn linje) er å gå frå Geiterygghytta til Iungsdalshytta. Sjå kartet for fleire detaljar. Dette er ein tur på over 25 kilometer i luftlinje og ein dagsmarsj som bør gjerast av folk som er vande med å gå tur, og som har lett oppakning. Turen går i eit fjellområde 1200–1500 meter over havet. Så høgt over havet er ein ekstra utsett for vêr og vind og kan òg oppleve snø på sommaren og hausten.
Det er ein turvand gjeng på fem personar som skal på tur. Turid, Pål, Hanne, Petter og Amund går med lette sekker på rundt ti kilo. Dei skal sove inne på Geiterygghytta og Iungsdalshytta, men har med lette soveposar i tilfelle dei må sove ute. Dei har òg med ein god dagsrasjon med mat, både skiver og nøtter og sjokolade. Elles er planen å kjøpe mat på hyttene.
Dei ser for seg å bruke ca. ni timar på turen. Då har dei rekna med ca. 1 times pause totalt og ein gangfart på 3 kilometer i timen. Dei planlegg å gå turen i september, og då er det framleis lyst ei stund på kvelden; sola går ned ca. klokka 20. Dei planlegg å starte seinast klokka 9.30 og forventar å vere framme klokka 18.30. Omtrent halvvegs på turen, ved Kongshelleren, tek dei den første store pausen. Dei vil då samtidig vurdere ruta vidare. Planen er å ta ein ny pause ein stad i Vestre Iungsdalen.
Dei har laga følgjande ansvarsfordeling:
- Mat: Alle kjøper det dei ønskjer å ha med, individuelt.
- minimum fire skiver brød med pålegg
- ein stor sjokolade eller pose med nøtter
- termos med varm drikke
- Utstyr: Alle pakkar med utgangspunkt i turistforeininga si utstyrsliste for sommarturar.
- Sekkene rommar 40–60 liter og har regntrekk utanpå.
- Dei pakkar alt utstyr i plastposar for å halde det tørt.
Plan B
Den lilla stipla linja følgjer plan A i ca. 11 kilometer, fram til Kongshelleren turisthytte. Ved dårleg vêr eller andre årsaker til at det ikkje går an å følgje den planlagde ruta, er det mogleg å anten overnatte på Kongshelleren eller gå vidare vestover til Steinbergdalshytta. Turen via Kongshelleren til Steinbergdalshytta er på ca. 19 kilometer og dermed ein del kortare enn til Iungsdalshytta. Plan B kan dermed justerast i lengda til 11 eller 19 kilometer. Plan B er dessutan ei rute som går noko nærare veg.
Den raude stipla linja er den kortaste ruta, 9 kilometer rett nordover frå Geiterygghytta til Steinbergdalshytta. Merk at dette er ei rute ein bør unngå i sterk nordavind, ettersom ein då vil gå med vinden rett imot. Då vil det vere betre å gå om Kongshelleren. Er vêret veldig ille, bør ein vurdere å bli på same hytte ei natt til i staden for å gå ut i ruskevêr eller svært dårleg sikt.
Som tryggingstiltak har turdeltakarane med seg to liggjeunderlag, to vindsekker og kvar sin sovepose i tilfelle dei må overnatte ute. Dei har òg med hovudlykt og refleks, slik at dei lettare kan finne fram om det blir mørkt, og slik at det blir lettare å sjå dei i tilfelle dei skulle trenge hjelp.
Plan C – kriseplan
Det er ingen nødhytter å sjå på kartet. Kongshelleren turisthytte er midtvegs i ruta, og dei har ho som reserveplan. I tillegg har Pål med seg ein fôra jervenduk, og Hanne har ein vindsekk. Dei ser for seg at dei kan lage eit nødly der dei får plass til alle med desse to vindsekkene. Vegvalet er som dei to alternativa på plan B dersom dei må gjere endringar; dei ønskjer ikkje å byrje å trakke utanfor sti.
Av dei fem personane er det Turid som har mest erfaring med førstehjelp, ho var nettopp på eit førstehjelpskurs med Røde Kors. Derfor har ho ansvar for førstehjelpssettet. Dei har på førehand gått gjennom og vurdert kva førstehjelpsutstyr dei treng. Gruppa veit at førstehjelpssakene er i topploket på sekken til Turid.
Det er stort sett grei dekning fram til dei kjem til Kongshelleren, deretter omtrent inga dekning fram til Iungsdalshytta. Mot Steinbergdalshytta er det dekning. Dei har vurdert behovet for Spot eller satellittelefon, men komme fram til at det er unødvendig. Det er ein del trafikk med turistar på løypa dei skal gå, og dei meiner at dette gir dei ein ekstra tryggleik – for å kunne få ekstra hjelp om noko skulle skje, men òg for å kunne varsle. Ved ei eventuell ulukke kan det ta svært mange timar før hjelp kan komme utanfrå, spesielt dersom ikkje redningshelikopter kan komme, for då må bakkemannskap ta seg inn frå anten Geiterygghytta, Steinbergdalshytta eller Iungsdalshytta, ettersom desse ligg ved vegen.
Med tanke på at dei er fem personar på tur, ser dei det som lite sannsynleg at dei kjem bort frå kvarandre. Dei avtaler likevel at dei aldri skal gå så langt at dei mistar nokon av syne. Skulle likevel ein i gruppa komme bort frå dei andre, avtaler dei å først stå i ro i 20 minutt for å sjå om personen kjem til rette. Deretter skal dei gå mot den siste staden dei er sikre på at dei såg vedkommande, og leite på strekninga imellom. Dersom nokon skader seg, vil dei vurdere om han eller ho kan halde fram eller ikkje. Må den skadde returnere, skal det vere to som går saman. Dreier det seg om ein meir alvorleg skade som dei ikkje kan fikse sjølve, skal dei tilkalle hjelp. Med vindsekker, soveposar og liggjeunderlag meiner dei å ha nok utstyr til å halde både den skadde og resten av turfølgjet varme. Å transportere ein skadd person vil vere svært vanskeleg, men dersom dei må bere den skadde, tenkjer dei å lage ei båre av vindsekkene og eit liggjeunderlag.
Døme på plan A og B på kanotur
Plan A
Plan A for kanoturen er å dra frå Hogstad og inn til Fattlia og sove ei natt. Dei fleste deltakarane har lite erfaring i kano. Plan A er teikna i grønt, og det er litt over 3 kilometer å padle. Denne ruta går stort sett nær land og i ly for vind i dei fleste vindretningar. Det siste strekket ligg utan vern mot nordavind. Som eit alternativ er det derfor teikna inn i grått å padle langsmed land heile ruta.
Deltakarane på kanoturen er ein idrettsklasse på 25 elevar som er på sin første tur saman. Dei har symjeundervisning på skulen, og dei fleste er gode symjarar. To av elevane er likevel utrygge i vatnet, men symjedyktige. Omtrent halvparten av elevane har prøvd å padle kano før, men ingen kan ulike padletak eller kameratredning. Dei skal ha éi overnatting på turen, i telt, og har derfor med seg ein del utstyr i kanoane.
Elevane er delte inn i teltlag med fem personar på kvart lag. Teltlaga har planlagt mat og fordelt fellesutstyr internt. På turen har lærarane med seg ei oversikt over dei fem teltlaga, og dessutan ei klasseliste med telefonnummer til elevar og føresette. Det er to lærarar med på turen, og dei har ansvar for kvart sitt førstehjelpssett.
Utstyr og mat som elevane har med seg
I sekken / på kroppen
– alle | Fellesutstyr
– per teltlag | Mat
– per teltlag |
Regntøy (jakke og bukse) | Telt med plass til minst 5 stk. | Frukost, anten brødmat eller varmmat |
Tynn vindjakke og turbukse | Stormkjøkken | Lunsj – smurd niste til dag 1 og 2. Ikkje moglegheit for varmmat |
To sett ullundertøy | Gass | Middag – teltlaga planlegg eigne middagar |
To par ullsokkar | Skei | Litt ekstra mat til mellommåltid |
Dunjakke / tjukk ullgenser | Steikjespade | |
Lue | Fyrstikker | |
Tova ullvottar eller hanskar | Tau – til å binde fast sekk i kanoen | |
Vasstette sko til å ha i kanoen | Ekstra vatn – 5 liter per gruppe | |
Sovepose | ||
Toalettsaker og eit lite/lett handkle | ||
Solbriller | ||
Kart, kompass og kartmappe | ||
Litt toalettpapir, handsprit og ein ekstra søppelpose | ||
Fyrstikker/lighter | ||
Hovudlykt med ekstra batteri | ||
Badetøy | ||
Myggmiddel | ||
Powerbank til mobil | ||
Liggjeunderlag | ||
Vassflaske | ||
Tallerken og bestikk |
Dag 1
Kl. 10: Oppmøte. Sjekkar utstyr og ber kanoar ned til vatnet. Kl. 10.30: Kameratredning kano. Tek på badetøy, eller ullundertøy dersom vêret er kaldt. Alle skal prøve å velte og å berge kano minst éin gong. Dei som er ferdige med redning, skiftar til tørt tøy, et lunsj og pakkar kano. Éin lærar på land, éin i kano.
Kl. 12: Avgang, retning leirstad. Vi sit to og to i kanoen, kan ev. ha ein ekstra kano på slep om det er mykje bagasje. Bagasjen festar vi med eit laust tau i kanoen slik at han ikkje søkk ved ein eventuell velt.
Kl. 14–15: Framme ved leir
Kl. 15–16: Oppsetjing av telt
Kl. 16–18: Middag og underhaldning
Kl. 19 og utover: Leirbål på stranda
Dag 2
Kl. 9: Frukost
Kl. 10: Nedrigg av leir
Kl. 12: Avgang frå leir og padling tilbake
Kl. 14–15: Framme ved skulen
Kl. 15: Vaske og leggje på plass kanoar, setje på plass årer og vestar, felles avslutning
Plan B
Plan B er eit alternativ som er ein kilometer kortare, og som opnar for å starte og slutte på ulike stader. Ruta er teikna inn med raudt. Utgangspunktet er same startstad som i plan A, og i nordavind kan ein her padle med vinden i ryggen heile tida. Denne ruta er meir vindutsett, men også her er det mogleg å padle stort sett langs land. Den stipla oransje linja er eit alternativ for å få meir le frå nordvest, medan den raude linja vil gi meir le frå nordaust. Ved mykje nordleg vind på veg heim frå Breiholmen er det mogleg å padle sørover til Lammaneset eller Nautaneset for så å hente ut kanoane der, sidan det går bilveg der.
Med tanke på at rutene er så korte og går så nær veg, har ikkje klassen planlagt alternativ overnatting. Men det er mogleg å komme i land så å seie alle stader dei padlar forbi.
Som tryggingstiltak padlar alle med vest, og dei gjennomfører kameratredning i kano i forkant av turen. Turutstyr blir pakka vasstett og blir festa med tau til kanoane, slik at det ikkje forsvinn ved eventuell velt. Klassen har òg med ekstra årer.
Forslag til innhald i kriseplan
Turplanlegging
Tekst:
- Gina Wigestrand, Snuitide (2021)