Snu i tide
Snu i tide
Kartreferanse – for å fortelje kvar du er (nynorsk)
🌐

Kartreferanse – for å fortelje kvar du er (nynorsk)

Kartreferanse. Film: Sindre Kolbjørnsgard, for Snuitide, 2022

Når vi held kartet slik at vi kan lese det som står på det, er øvst på kartet nord. Kartet har eit rutenett av linjer. Linjene går frå toppen til botnen av kartet (nord–sør) og frå venstre til høgre side (vest–aust). Dette er hjelpelinjer i eit koordinatsystem. Koordinatsystemet gjer det mogleg å angi posisjonen til alle punkt på jorda ved hjelp av bokstavar og/eller tal.

Det er vanleg å oppgi kartreferanse med seks siffer, tre siffer frå aust–vest-koordinatane (x-aksen) og tre siffer frå nord–sør-koordinatane (y-aksen). Først finn du kilometerrutelinja aust–vest: Tala er oppgitt med to siffer, i blått (markert med blå ring på biletet). Deretter deler du ruta i ti delar (blå strekar på biletet) og anslår kor mange delar til høgre for kilometerlinja du er. Deretter gjer du det same med nord–sør-koordinatane (markerte med lilla). Hugs å oppgi kva kart du bruker, til dømes «kart over Lysefjorden – 1 : 50 000» eller «kart over Nordmarka 1 : 25 000», ettersom ulike kart kan ha same kartreferanse.

Døme på korleis du kan finne kartreferansen til fjellet Ranten

Kartreferansen til fjellet Ranten er: 231851.

Toppen er markert som ein prikk på 1419 meter over havet.
Illustrasjon: Gina Wigestrand, Snuitide
Toppen er markert som ein prikk på 1419 meter over havet. Illustrasjon: Gina Wigestrand, Snuitide
«Inn døra, opp trappa» – eller x, y for dei som er kjende med grafar og koordinatsystem.
Illustrasjon: Gina Wigestrand, Snuitide
«Inn døra, opp trappa» – eller x, y for dei som er kjende med grafar og koordinatsystem. Illustrasjon: Gina Wigestrand, Snuitide

Meir om koordinatar og kartreferanse

Jorda blir delt opp i lengdegrader og breiddegrader. Då får vi koordinatar som er delte inn i grader, minutt og sekund. Denne forma for posisjonsanvising er vanleg å bruke i båt eller på polane.

På landkart blir det brukt eit system som deler jorda inn i sonebelte. Dette blir kalla UTM/UPS. Sonene blir vidare delte inn i bokstavkodar som utgjer 100-kilometersruter. På nyare kart er bokstavkodane erstatta med talkodar (Wangberg og Heimdal, 2021).

På kartet over Hardangerjøkulen (på høgre side) er sonebeltet 32V, medan bokstavkoden på 100-kilometersruta er MN. På nyare kart blir 100-kilometersruta vist som små blå tal i margen. Sjå Hemsedals- og skjergardskartet. GPS-en vil oppgi fullstendige koordinatar med 14 tal, pluss sonebeltet. 100-kilometersruta blir oppgitt med to tal for aust/vest og to for nord/sør på GPS-en (dei to første tala).

På ein GPS kan koordinatane sjå slik ut:

32 V 0392806        6793746

Oversikt over sonebelta i Noreg. Sør-Noreg opp til Trondheim er dekt av sonebeltet 32V.
Illustrasjon
Oversikt over sonebelta i Noreg. Sør-Noreg opp til Trondheim er dekt av sonebeltet 32V. Illustrasjon Esri, USGS, HERE, FAO, NOAA, Kartverket
Statens kartverk, M711-serien, Hardangerjøkulen 1:50 000 (Copyright Statens kartverk)
NB! Denne kartserien er utgått og er ikke lenger å få kjøpt i butikk.
Statens kartverk, M711-serien, Hardangerjøkulen 1:50 000 (Copyright Statens kartverk) NB! Denne kartserien er utgått og er ikke lenger å få kjøpt i butikk.

Kartreferansar som blir oppgitt på landkart, blir som regel gitt med seks siffer. Då må vi sjå på dei blå tala i margen på kartet. Vi hoppar over sonebeltet (32 V) og dei små blå tala på kartet (som indikerer 100-kilometersruta). Dei neste to tala er dei blå tala som blir viste i margen på kartet.

Det siste talet viser kor langt inne i 1-kilometersruta vi er. Dersom vi bruker koordinatane frå GPS-en over, vil kartreferansen vere 928937. Det er viktig å seie kva kart vi oppgir referansen frå, ettersom fleire kart kan ha like kartreferansar (Wangberg og Heimdal, 2021).

🖇️
Dette er ein del av temaet 🧭Orientering (nynorsk)

Artiklar i temaet

⛰️Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)

🧲Kompasskurs (nynorsk)

🗺️Ruteval og SARTTO (nynorsk)

🛰️GPS (nynorsk)

🌍Misvising (nynorsk)

🌐Kartreferanse – for å fortelje kvar du er (nynorsk)

Meir om temaet

👁️Krysspeiling (nynorsk)

🔆Orientering etter teikna i naturen (nynorsk)

⛷️Orientering i vinterfjellet (nynorsk)

⛵Orientering på sjøen (nynorsk)

🖨️Skrive ut kart fra nettet

Tekst:

  • Gina Wigestrand, Snuitide (2021)
‣
Kjelder
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no