Sjølv om ein alltid bør ha med seg kart og kompass, hender det at ein står der ute i naturen utan nokon av delane. Kanskje du berre skulle gå ein runde i kjende omgivnader, og du tok ein liten avstikkar. Kanskje kartmappa fall ut av ei lomme. Fortvil ikkje! Det finst fleire teikn i naturen du kan bruke for å orientere deg, og som kan hjelpe deg med å finne fram.
Sola
Sola er ein god vegvisar, sidan ho går i den same bana kvar dag (sett bort frå i mørketida i nord). Sola står opp i aust og går ned i vest. Midt på dagen står sola i sør. Dette er som regel rundt tolv–eitt-tida på dagen.
Har du ei klokke med visarar på deg, kan du enkelt finne himmelretningane. Hald klokka flatt framfor deg. Snu deg slik at timevisaren peikar mot sola.
No skal du finne punktet midt mellom timevisaren og klokka tolv på urskiva. Når du har klokka stilt på sommartid, skal du finne punktet mellom timevisaren og eitt-talet på urskiva i staden for tolv, sidan du har stilt klokka ein time fram.
Punktet du finn, vil peike anten mot sør eller nord. Dette avheng av tida på døgnet.
Du finn punktet på den sida av klokka timevisaren er.
Klokka 15.00 (vintertid) hamnar sørleg retning mellom 1 og 2 på urskiva. Klokka 09.00 (sommartid) vil sør liggje på 11 på urskiva.
Mellom klokka 18.00 på kvelden og 06.00 på morgonen peikar punktet mot nord.
Frå 06.00 på morgonen til 18.00 på kvelden hamnar punktet i sør.
Dermed vil det same punktet på klokka vise motsett retning avhengig av tida på døgnet, som vist i dømet nedanfor:
Klokka 20.00 Klokka 08.00
Når du har funne sør eller nord ved hjelp av sol og klokke, er det lett å finne dei andre himmelretningane:
Sørleg orienterte naturteikn
Varme og lys er viktig for mange artar, både plantar og insekt. Dei vil derfor orientere seg etter kvar dette er mest tilgjengeleg.
Som ein hovudregel betyr det at mange ting i naturen er orienterte mot sør.
Maurtuer ligg til dømes ofte på sørsida av tre.
Vegetasjon får som oftast mest bladverk retta mot sør.
Snøen smeltar som regel først i sørhellingar.
💡 Hugs at dette ikkje er heilt sikre metodar, og at ting kan variere med topografi og vegetasjon. Det kan likevel vere lurt å følgje med på slike ting, for å få ein viss peikepinn.
Opp = oversikt
Slit du med å plassere deg på kartet og er usikker på kvar i omgivnadene du er? Då kan det vere lurt å søkje seg oppover mot ei høgd der du kan få litt oversikt. I svært flatt terreng kan sjølv ein morenerygg vere nok til å skaffe deg litt oversikt over terrenget. Men hugs – har du gått deg vill, er det ein sjanse for at du kjem lenger unna folk og hjelp dersom du flyttar deg mykje oppover. Sjå derfor an situasjonen, og unngå å setje deg i ein vanskelegare situasjon enn du allereie er i.
Nedover = folk
Noreg er eit relativt lite land, og det bur folk i stort sett alle landsdelar. Det betyr at same kvar du er i landet, er du som regel ikkje svært langt frå folk. Vil du finne fram til folk, er den enklaste tommelfingerregelen å gå nedover. Sørgjer du for å gå nedover, vil du før eller sidan komme til busetnad. Dette er fordi vi nordmenn har etablert oss i alle dalføre, langs elvar og sjøar.
Er du i kupert terreng der det er vanskeleg å sjå kva som er opp og ned, er det beste å finne rennande vatn. Følgjer du retninga vatna renn, vil du gå nedover.
Dette er ein enkel regel som fungerer nesten overalt i landet, bortsett frå kanskje på dei aller mest avsidesliggjande plassane, som inst i Femundsmarka eller i Børgefjell nasjonalpark. Men sjølv her vil du til slutt komme til folk dersom du følgjer vasstraumen. Det kan berre ta litt lengre tid.
Artiklar i temaet
Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)
Kartreferanse – for å fortelje kvar du er (nynorsk)
Meir om temaet
Orientering etter teikna i naturen (nynorsk)
Orientering i vinterfjellet (nynorsk)
Tekst og illustrasjonar:
Bjørn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)