Snu i tide
Snu i tide
Turplanlegging og tryggleik (nynorsk)
📝

Turplanlegging og tryggleik (nynorsk)

Lyst å dra på tur, men veit ikkje heilt kvar du skal byrje? Tenk over kva du har lyst til, kva du/de kan, og kven som skal vere med på turen. Då har du eit godt utgangspunkt.

Hugs å planleggje turen etter evne, slik at du er i stand til å gjennomføre det du har planlagt. Tenk òg over kva som kan gå gale på turen, og korleis du kan vere føre var. Det kan vere enkle ting som å teipe hælane for å unngå gnagsår eller tenkje ut ei alternativ rute dersom du ikkje kan gå der du opphavleg planla.

‣
Innhald
‣
Kompetansemål

Turplanlegging

⚠️Turplan og risikovurdering (nynorsk)🗺️Ruteval og SARTTO (nynorsk)📔Døme på turplanar (nynorsk)🦺Tryggleik på tur og evaluering etter tur (nynorsk)
Film: Jakob Gyring, 2020

Kort om turplanlegging

  • Du må lage ein turplan med ein plan A, B og C.
  • Vel mål for turen ut frå
    • føresetnader
    • utstyr
    • vêr og føre
    • turområde
    • tryggleik
  • Hugs å tenkje igjennom kva som kan gå gale på turen.
    • Planlegg for å redusere risiko for ulukker.
    • Ta med nødvendig tryggingsutstyr.
  • Gjennomfør ferdaråd før tur og på tur.

Kva må vi planleggje?

💡
Først og fremst må vi planleggje tur etter evne.

🏔️Fjellvettreglane (nynorsk) gir gode tips til planlegging og gjennomføring av tur.

1. Mål for turen

  • Kva er målet med turen?
    • Kva forventningar har dei som skal på tur?
    • Kva vil de gjere på turen?
  • Kva for føresetnader har deltakarane? Vel tur etter evne.
  • Kva type tur skal de på?
    • Kva framkomstmiddel skal de bruke? Kva aktivitetar skal de halde på med?
      • Skal de gå, padle, skøyte, gå på ski?
    • Korleis skal de overnatte?
      • Skal de sove ute eller inne?

2. Turområdet

  • Finn informasjon om området du vil på tur i.
    • Få tak i kart over området.
      • På Kartmannen.no og Norgeskart.no kan du skrive ut ditt eige turkart.
      • Les meir om å skrive ut ditt eige turkart.
    • Korleis er terrenget?
    • Er det stiar eller løyper i området, og er dei merkte?
    • Hent inn informasjon frå lokalkjende om området.
  • Kor lang skal turen vere?
  • Planlegg ruteval.
  • Teikn inn ruta på kartet.
  • Korleis teikne inn rute på norgeskart.no Film: Ove Bjørklund, 2021

3. Vêr og føre

  • Kva slags vêr er meldt?
  • Korleis er føret? Er det mykje snø, gjørmete, isete, mykje vatn i elvar?
  • Ta omsyn til vêr og føre i planlegginga.
    • Døme: Er det meldt 50 cm nysnø, må du truleg justere den planlagde dagsetappen.
    • Snøskredvarsel påverkar ruteval på vinteren.

4. Utstyr

💡
NB! Sjekk at alt utstyret du skal ha med deg på turen, er i orden.
  • Kva treng du av utstyr på turen?
  • Skal du overnatte? Kva utstyr treng du til overnatting?
  • 😴Overnatting (nynorsk)

  • Korleis skal du lage mat, og kva treng du å ta med?
  • 🥪Mat (nynorsk)

  • Korleis kan du skaffe deg eller låne utstyret du manglar?
  • ⚒️Utstyr og reiskapar (nynorsk)

  • Lag ei liste over alt utstyret du skal ha med.
    • Pass på at sekken ikkje blir for tung.
    • 🧳Pakkelister (nynorsk)

5. Tryggleik

  • Tenk over kva som kan gå gale på turen.
  • Lag ein plan B i tilfelle ikkje alt går som planlagt.
  • Lag ein plan for korleis du kan redusere risiko, og kva du skal gjere dersom uhellet er ute.
  • Gi beskjed om kvar du skal gå, slik at nokon veit kvar du er.
  • Er det telefondekning i området?
  • Er det langt til nærmaste veg eller hytte i tilfelle uhell?
  • Vurder kva tryggingsutstyr du må ha med for å redusere risiko eller skade, t.d.
    • førstehjelpsskrin
    • vindsekk
    • ekstra varme klede
    • liggjeunderlag
    • kart og kompass
    • spade, søkjestong og eventuelt sendar/mottakar på vinteren
    • satellittelefon/spot/inReach
    • våpen (gjeld først og fremst Svalbard)

Tur etter evne

Tur etter evne betyr at vi planlegg, og gjennomfører, turar som vi er i stand til å meistre. Alle i gruppa må ha føresetnader for å klare turen som skal gjennomførast (Faarlund, 1974). Utfordringane må ikkje vere større enn at gruppa, eller du åleine, er i stand til å handtere dei.

«Den eneste fjellregel vi behøver å kunne, er at vi må velge og planlegge en tur slik at våre forutsetninger – enda om de skulle reduseres underveis – alltid vil veie tyngre enn de krav som stilles til oss – også dersom disse kravene skulle bli skjerpet. Med andre ord: Velg tur etter evne – ikke over evne.» (Faarlund, 1974, s. 22)

Nes (2019) nemner fem punkt som er sentrale for tur etter evne:

  • sjølvinnsikt når det gjeld motivasjonen, overskotet og evnene til alle deltakarane
  • kjennskap til vêret og naturmiljøet der turen skal gå
  • erfaring – kva ein kan frå før, og overskot på tur
  • å unngå situasjonar som gjer at du/turfølgjet kan trenge hjelp utanfrå
  • å vere sjølvhjelpen – ha metodar og utstyr for å hjelpe kvarandre ved uhell

Meir om temaet

🏔️Fjellvettreglane (nynorsk)

Sikkerhet før, under og etter tur

👩🏾‍💻Digitale verktøy i turplanlegginga

Oppgåver

🖍️Oppgåver om turplanlegging og tryggleik (nynorsk)
🖇️
Dette er ein del av temaet 📝Turplanlegging og tryggleik (nynorsk)

Turplanlegging

⚠️Turplan og risikovurdering (nynorsk)

🗺️Ruteval og SARTTO (nynorsk)

📔Døme på turplanar (nynorsk)

🦺Tryggleik på tur og evaluering etter tur (nynorsk)

Tekst:

  • Gina Wigestrand, Snuitide (2021)
  • «Ruteval»: Lars Christian Unger, Turlederboka (2010), omarbeidd av Gina Wigestrand
  • «Fjellvettreglane»: Den Norske Turistforening (2020)
  • Oppgåver
    • «Digitale kart»: Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA (CC BY-SA)
    • «Dekning»: Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA (CC BY-SA)
    • «Vêrmelding»: Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA (CC BY-SA)
    • «Skredvarsel»: Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA (CC BY-SA)
‣
Kjelder
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no