Skrive ut kart
Du kan skrive ut kart på nettet frå norgeskart.no og kartmannen.no.
Noregskart
Statens kartverk driv sida Norgeskart.no. Her kan du teikne eigne ruter på kartet og få rutene du har teikna, på kartutskrifta. I tillegg kan du lagre og dele rutene dine med andre. Det er òg mogleg å lage ein høgdeprofil for ruta du skal gå. Du vel sjølv kva målestokk du ønskjer på kartet.
For å få UTM-soner på kartet må du gå til menyen og klikke på «Fastmerker» – «UTM-rutenett». Då kjem både UTM-soner og UTM-rutenett fram, og dette blir òg vist på utskrift.
Kartmannen
På sidene til Kartmannen kan du skrive ut kart med UTM-sone. Du kan sjølv velje målestokk på kartet og dessutan informasjon som stiar, brattleik, utløpssone for skred og svekt is. Her finn du òg sjøkart.
Ulempa med denne nettstaden er at du ikkje får ut kartutsnitt der det er overlapp mellom to UTM-soner.
Kartmannen bruker data frå Statens kartverk.