Generelt om kart og kompass
- Kva betyr dei ulike fargane på kartet: grønt, blått, brunt, svart og kvitt?
- Kva betyr målestokk og ekvidistanse?
- Kva er den vanlegaste målestokken og ekvidistansen på «turkart»?
- Kva skal kartet vise oss?
- Kva vil det seie å orientere kartet?
- Gi døme på store leielinjer.
- Kva oppgåve har kompasset?
- Kva er den beste måten å bli god i kart og kompass på?
Kompasskurs
- Beskriv korleis du tek ut ein kompasskurs.
- Ta ut ein kompasskurs frå Finse stasjon til Larsbu. Les av kor mange grader du får.
- Ta ut kompasskurs motsett veg, frå Larsbu til Finse stasjon. Les av kor mange grader du får.
- Kva meiner vi med å «gå på kompasskurs»?
- Korleis går du på kompasskurs i praksis?
- Når har du bruk for å gå på kompasskurs?
Krysspeiling
- Kva er krysspeiling?
- Korleis utfører du krysspeiling?
- Når har du bruk for krysspeiling?
Interaktive oppgåver frå NDLA
Praktiske oppgåver
- Teikn eit kart over området rundt skulen. Marker ein stad på kartet og legg ut ein gjenstand på den markerte staden. Byt kart med ein medelev, som skal finne gjenstanden og ta han med tilbake til skulen.
- Finn kartreferansar i praksis.
- Gå i grupper to og to.
- Den eine eleven markerer nokre punkt på kartet, den andre skal gi kartreferansen til punkta.
- Byt etter eit par gonger.
- Gi ein sekssifra kartreferanse til ein medelev. Medeleven skal så finne punktet på kartet.
- Byt etter eit par gonger.
- Gjer gjerne oppgåvene ute, så kan de i tillegg gå til punkta.
‣
NB! Fleire praktiske oppgåver ligger under: Undervisning i orientering
Ta DNT-kurset «Lær kart og kompass»
Dette er ein del av temaet Orientering (nynorsk)
Artiklar i temaet
Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)
Kartreferanse – for å fortelje kvar du er (nynorsk)
Meir om temaet
Orientering etter teikna i naturen (nynorsk)
Orientering i vinterfjellet (nynorsk)
Tekst:
- «Oppgåver om kart og kompass»: Gina Wigestrand og Lin Cecilie Andersen, Snuitide (2021)
- «Praktisk økt ute – orientering»: Tone Olavsdotter Mosebø (2017), NDLA (CC BY-SA)
- Interaktive oppgåver frå NDLA: Ragnhild Kjeldsen, Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA, 2019