Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
😴
Overnatting (nynorsk)
/
🏡
Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)
Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)
🏡

Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)

Det finst fleire aktørar som har hytter i fjellet. Både organisasjonar og private leiger ut hytter, og nokre hytter står opne for bruk. DNT er den organisasjonen som har flest hytter som er tilgjengelege for folk flest. Men det finst ei rekkje andre aktørar som leiger ut hytter. Her har vi lista opp eit utval.

Innhald

  • DNT
  • Bruk av DNT-hytter
  • Statskog og private hytter
  • Fjellstyrehytter
  • Speidarhytter
  • Hytter på Svalbard
  • Norsk jeger- og fiskeforbund – for medlemmer
  • Andre aktørar

DNT

Den største samlinga med hytter som er tilgjengelege for allmenn bruk, står DNT, med dei 550 hyttene sine, for.

💡
På ut.no finn du ei oversikt over alle DNT-hyttene.
‣

Bruk av DNT-hytter

Film: Den Norske Turistforening

Turistforeininga har ei blanding av*ubetente og betente hytter. På betente hytter får du servert mat, kjem til oppreidd seng og treng ikkje å tenkje på meir enn å kose deg mest mogleg. Dei fleste av turistforeiningshyttene er sjølvbetente (med proviant) og ubetente hytter (utan proviant). Her ser du korleis du bruker desse hyttene.

1. Planlegging

Planlegginga er ein viktig del av turen. No er du allereie på nettsidene våre, noko som er ein veldig god start! Gå inn på Ut.no og finn eit turområde, turforslag og hytter som freistar. Skaff deg kart over området og DNT-nøkkel. Pakk sekken og legg i veg.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes

2. Nøkkelen

Dei aller fleste hyttene som ikkje har vertskap, er låste med standardnøkkelen til DNT. Derfor er det ein god regel å alltid ha med seg denne vesle nøkkelen i sekken når du skal på tur. Medlemmer kan låne nøkkelen mot eit depositum på 100 kroner. Kjøp nøkkelen i nettbutikken vår. Du kan òg kjøpe nøkkelen via dei lokale turistforeiningane/turlaga og på enkelte turistkontor og butikkar.

3. Fyring

Etter at du har komme deg vel inn på hytta, er det tid for å fyre i omnen. Legg to små kløyvde vedskier på kvar side i omnen med den kløyvde sida inn. Fyll hòlrommet med papir, never og anna lett brennbart. Legg småved på kryss og tvers over og avslutt med ein større kubbe på toppen. Du har garantert fyr på første forsøk!

image
Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes

4. Tørking

Mykje kan vere vått etter ein dag ute, og det er som regel godt tilrettelagt for tørking av klede og sko ved omnen. Heng opp det våte tøyet, og få på deg tørt så fort som mogleg.

5. Protokoll

Medan hytta blir varm, kan du skrive deg inn i protokollen med namn, medlemsnummer og litt annan informasjon. Du har ikkje rett på sengeplass før dette er gjort.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes

6. Lys

Nokre hytter har innlagt vanleg straum eller solcellestraum. På dei aller fleste hyttene er det likevel stearinlys eller parafinlamper som gjeld. Hugs å sjekke at lysa står godt i lysestaken. Pass òg på at du ikkje søler lampeolje når du etterfyller parafinlampa.

7. Matlager

Alle sjølvbetente hytter har matlager. Her kan du hente ut alt du treng, frå knekkebrød og havregryn til posesupper og hermetikk. Du vil finne informasjon om betaling for dei matvarene du nyttar, på hytta eller i form av oppslag ved matlageret. Ingen ubetente hytter har matlager, så hit må du ta med all mat sjølv.

image
Foto: Julie Maske
Foto: Julie Maske

8. Vatn

På hytta finn du oppslag om kor nærmaste vasskjelde er. Vinterstid må ein ofte smelte snø. Gjer dette gjerne på omnen, slik sparer du gassen til matlaginga.

9. Matlaging

Propanapparat for matlaging er standarden på hyttene. Før du kan tenne på, må du vippe denne brytaren til «open» posisjon. Hugs å vippe han tilbake når du er ferdig med å lage mat.

image
Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes

10. Middag

Dette er kveldens høgdepunkt anten middagen består av hjortebiff du har teke med, eller pannekaker frå matlageret. Hugs å ta deg god tid til måltidet. Og ein sjokoladebit etterpå.

11. Soving

Ingen ting er som å krype til køys etter ein lang dag i fjellet. Hugs å ta med deg anten lakenpose eller ein liten sovepose på hytteturen. Vis respekt for dei som ønskjer å leggje seg tidleg. Så viser dei forhåpentleg respekt for den som vil sove lenge neste morgon. Hovudlykt er eit godt tips viss du vil lese på senga.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Maria Losoa Pettersen
Foto: Maria Losoa Pettersen

12. Do

Det er utedo som gjeld på DNT-hyttene. Her finn du ofte både bilete av kongefamilien og noko hyggeleg lesestoff. Hugs å bruke torv- eller borksekken til å strø over det du har late etter deg.

13. Betaling

Ver merksam på at betalingsløysingane på hyttene varierer i dei ulike DNT-medlemsforeiningane. Som oftast betaler du for ei hytte idet du førehandsbestiller. På enkelte hytter fyller du ut ein betalingsblankett som du puttar i ein låst kasse/safe på hytta. Du får då tilsendt faktura per e-post/SMS/post. På nokre hytter kan du betale med appen DNT hyttebetaling eller Vipps. Hugs òg å betale for matvarene du tek ut frå matlageret på ei sjølvbetent hytte.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Betal hytteoppholdet med mobilen! - DNT Oslo og Omegn

Last ned den nye DNT Hyttebetaling på mobilen din før du skal ut i sommerfjellet! Foto: Marius Dalseg Sætre Last ned den nye betalingsappen "DNT Hyttebetaling" før du skal til fjells i sommer. Med appen på mobilen kan du enkelt betale for overnatting og mat på selvbetjeningshyttene.

www.dntoslo.no

Betal hytteoppholdet med mobilen! - DNT Oslo og Omegn
Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Sindre Thoresen Lønnes

14. Vask

Både bestikk, tallerkenar, benkeflater og golv må vaskast før du forlèt hytta. Forlat hytta i litt betre stand enn då du kom.

Den Norske Turistforening (u.å.) https://www.dnt.no/hytteguide/

‣
Kjelder

Den Norske Turistforening (2017, 5. april). Slik bruker du DNTs selvbetjente hytter [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=m0xUjLwAYr4

Den Norske Turistforening (u.å.). Hyttebesøket fra a til å. Henta frå https://www.dnt.no/hytteguide/

Statskog og private hytter

Statskog er eit offentleg føretak som forvaltar eigedommar i heile Noreg. Dei har òg hytter på eigedommane sine som blir leigde ut. På nettstaden inatur.no er alle hyttene til Statskog samla. Her finn du òg ein del private hytter som er til leige over heile landet.

Fjellstyrehytter

Rundt om i landet finst det fleire lokale fjellstyre. Fjellstyra skal saman med mellom anna Statskog sikre allmenningsretten.

I tillegg til at statsallmenningene er viktige rekreasjonsområder for hele landets befolkning, har bygdenes kollektive rettigheter i områdene avgjørende betydning for opprettholdelse av levedyktige bygdesamfunn. Allmenningsrettighetene varierer en del fra allmenning til allmenning og endrer seg også med tiden. Viktige bruksretter i dag er beiting, seterdrift, jakt, fangst og fiske.

(Norges Fjellstyresamband, avsnitt 1)

Fjellstyra har, som Statskog, hytter i statsallmenningen dei høyrer til. Ein del av hyttene ligg ikkje på nettet, og nokre hytter ligg på inatur (sjå link under Statskog). Kontakt fjellstyret i området der du har tenkt deg, om du ikkje finn hytter på nettet.

Oversikt over fjellstyrehytter du kan leige på nett.

Her finn du kart over plasseringa til dei ulike fjellstyra, slik at du kan sjå om det er eit aktivt fjellstyre i området der du skal på tur.

Speidarhytter

Speidaren har fleire større og mindre anlegg rundt i Noreg som kan leigast.

Hytter på Svalbard

Svalbardlova regulerer hytteleige på Svalbard. Det er ikkje lov å leige hytte på Svalbard med mindre du er, eller har vore, fastbuande på Svalbard (Sysselmeisteren, 2021).

Visit Svalbard har laga ei oversikt over villmarkshytter på Svalbard. Desse kan du besøkje viss du melder deg på ein organisert tur.

  • Longyearbyen jeger- og fiskeforeining har 12 hytter til utleige.
    • Du må vere medlem for å kunne låne hyttene.
  • Foreininga To-takteren har òg fire hytter til leige.
    • Også her må du vere medlem, og du må søkje om å få leige hytte.

Norsk jeger- og fiskeforbund – for medlemmer

Fleire lokallag hos Norsk jeger- og fiskeforbund har hytter som er til utlån. Dette er først og fremst eit tilbod til medlemmer.

Andre aktørar

Det er òg mogleg å leige hytter på digitale plattformer som Finn og Airbnb. Her er mange av utleigarane private aktørar, og reglane for utleige kan variere frå utleigar til utleigar.

🖇️
Dette er ein del av temaet 😴Overnatting (nynorsk)

Overnatting

🏕️Rutinar i leir (nynorsk)

⛄Tips til vinterovernatting (nynorsk)

Utstyr til overnatting ute

🛌Sovepose (nynorsk)

🗞️Liggjeunderlag (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

Tak over hovudet

🏡Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)

⛺Telt og lavvo (nynorsk)

☂️Presenning/tarp (nynorsk)

🌲Hengjekøye og tretelt (nynorsk)

❄️Sove i snøen (nynorsk)

🪨Andre typar overnatting ute (nynorsk)

Tekst:

Gina Wigestrand, Snuitide (2022)