Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
😴
Overnatting (nynorsk)
/
⛺
Telt og lavvo (nynorsk)
Telt og lavvo (nynorsk)
⛺

Telt og lavvo (nynorsk)

💡
Slå opp teltet heime før du skal på tur, slik at du veit korleis det skal gjerast, og er sikker på at du har alle delane.

Innhald

  • Korleis sove i telt?
  • Setje opp telt
  • Ulike typar telt
  • Lavvo
  • Tunneltelt
  • Kuppeltelt
  • Tunnel- og kuppeltelt
  • Pakking av telt
  • Tips til val av telt
Foto: Gina Wigestrand
Foto: Gina Wigestrand

Du treng: telt, liggjeunderlag og sovepose.

Med telt og lavvo kan du overnatte nesten kvar du vil heile året. Det er noko eige å bere med seg heimen sin og slå seg ned akkurat der du ønskjer. Allemannsretten gir oss rett til å telte 150 meter frå hus eller hytte der det bur folk, i maksimalt to døgn.

Vel eit telt som passar årstid og bruk: Telting på vinteren og på høgfjellet krev robuste telt som toler mykje vind. I låglandet og i skogen held det ofte med vanlege campingtelt.

Korleis sove i telt?

Setje opp telt

Framgangsmåten for å setje opp teltet avheng av kva type telt du har. Ein del punkt er likevel generelle og kan brukast som ei rettleiing:

  • Rydd vekk greiner, konglar eller anna som ligg i vegen der teltet skal stå.
  • Legg teltet utover på bakken der du vil setje det opp, med teltbotnen ned og bretta ut i full storleik.
  • Fest ein av endane med ein teltplugg, slik at ikkje teltet blæs vekk.
  • Lokaliser opninga på teltet, og snu botnen slik at opninga blir der du ønskjer å ha ho.
    • Hugs å plassere opninga vekk frå vinden.
      • Tunneltelt bør stå med kortsida bak mot vinden.
‣
Trykk teltpluggane skrått ned i bakken, med toppen av pluggane lengst vekk frå teltet.
  • Strekk ut botnen på innerteltet og set teltpluggar i alle hjørne.
  • Set saman teltstengene – sjå etter fargekodinga på stonga og kanalen i teltet som ho skal trædast inn i.
  • Tre i alle teltstengene på rett plass.
  • Fest teltpluggar i ytterduken, så held du fram med bardunane.
  • Når teltet er sett opp omtrent slik det skal, kan du byrje med finjusteringa.

Ulike typar telt

Telt kan du bruke heile året – på barmark og i snø, i skogen, på høgfjellet og ved sjøen. Alt du treng av ekstra utstyr, er ein sovepose, eit liggjeunderlag og sjølvsagt sjølve teltet.

Det finst tallause variantar av telt, og dei eignar seg til ulike turar og forhold. Dei vanlegaste typane telt er lista opp nedanfor.

Lavvo

Lavvoar er stort sett laga for mange personar og har ei midtstong som held dei oppe. Slike telt har god høgd og derfor ein del vindfang. Lavvoane veg meir enn andre telt, men fordelt på talet på personar som kan bu i ein lavvo, er vekta ofte mindre (Pettersen, 2020).

Tunneltelt

Blant tunneltelta finn vi dei lettaste telta. Teltstengene går i boge over eller gjennom teltduken og gjer teltet ganske lett å setje opp. Ofte er det òg eit godt fortelt. Ulempa er at teltet er meir sårbart for sidevind og snøfall enn kuppeltelt. Teltet bør ha stormklaffar om det skal brukast om vinteren, slik at du kan grave snø over klaffane og få eit stødigare telt.

Korleis setje opp eit tunneltelt. Film: Helsport, 2015

Kuppeltelt

Dette er robuste telt med tanke på vind og snø, og dei har som regel betre takhøgd enn tunneltelta. Teltstengene kryssar kvarandre slik at skjelettet til teltet dannar ein x. Ulempene er at det er litt meir plundrete å slå opp teltet, og at forteltet er mindre. Ytterteltet er på mange av desse telta laust og må dragast over teltet etter at det er slått opp. Dette er ei ulempe i mykje regn. Merk at kuppeltelt ofte ikkje har stormklaffar.

Korleis setje opp kuppeltelt. Film: Finn.no, 2018

Tunnel- og kuppeltelt

Det finst kombinasjonar av tunnel- og kuppeltelt. Dette er ofte robuste vintertelt der ein får det beste av begge variantane: Dei har eit godt fortelt, toler mykje vind og har betre takhøgd. Ulempa er at telta er tunge.

Pakking av telt

  • Ved mykje nedbør og vind: Pakk så mykje som mogleg inne i teltet før du tek det ned.
  • Knyt opp alle bardunsnorer slik at dei ikkje tvinnar seg i kvarandre.
  • Tørt innertelt pakkar du i ein eigen pakkpose og legg det inni sekken.
  • Ytterteltet, viss det er vått, bør festast på utsida av sekken.
  • Pakk alltid den sida av teltet som skal stå mot vinden, øvst i pakkposen.
  • På tørre dagar og stader utan mykje insekt kan innerteltet bli heime.
  • Pakk alltid med reparasjonsutstyr til teltet:
    • skøyteledd til teltstong
    • duct-tape
    • sysaker

Tips til val av telt

Prøv ulike telt og finn ut kva som passar ditt behov, og kva du føretrekkjer.

  • Lån eller leig telt framfor å kjøpe; gode telt er dyre.
    • Viss du skal overnatte mykje i telt og ønskjer å kjøpe, så kjøp eit brukt.
  • Kvar og når skal teltet brukast?
    • Sjekk at teltet er solid nok for din bruk.
    • Kva årstider og kva terreng du skal telte i, speler inn på valet av telt.
    • Vinterturar på vidda krev eit skikkeleg vintertelt, men skal du i låglandet eller på barmark, treng ikkje teltet vere like solid.
  • Storleik
    • Kor mange skal sove i teltet?
    • Er det faktisk plass til så mange personar som det står at teltet er berekna for?
    • Det er oftast meir behageleg å vere ein person mindre enn det teltprodusenten oppgir at teltet er laga for.
    • Du kan berekne 0,65 gonger 2 meter som soveplass for kvar enkelt som skal sove i teltet (Ekker, Bolle & Slapgaard, 2019).
  • Vekt
    • Kor langt skal teltet berast? For korte avstandar er ikkje vekt like viktig.
    • Er vekt viktigare enn komfort?
  • Eigne preferansar
    • Er det viktig at teltet har ståhøgd?
    • Kva luftemoglegheiter bør teltet ha (ikkje like viktig på vinter som sommar)?
    • Kor stort fortelt ønskjer du?
    • Skal teltet kunne setjast opp i éi vending, utan at du må ta på inner- eller ytterduk i etterkant?
🖇️
Dette er ein del av temaet 😴Overnatting (nynorsk)

Overnatting

🏕️Rutinar i leir (nynorsk)

⛄Tips til vinterovernatting (nynorsk)

Utstyr til overnatting ute

🛌Sovepose (nynorsk)

🗞️Liggjeunderlag (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

Tak over hovudet

🏡Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)

⛺Telt og lavvo (nynorsk)

☂️Presenning/tarp (nynorsk)

🌲Hengjekøye og tretelt (nynorsk)

❄️Sove i snøen (nynorsk)

🪨Andre typar overnatting ute (nynorsk)

Tekst:

Gina Wigestrand, Snuitide (2022)