Snu i tide
Snu i tide
Hengjekøye og tretelt (nynorsk)
🌲

Hengjekøye og tretelt (nynorsk)

Innhald

  • Korleis sove i hengjekøye?
  • Tips og triks for hengjekøye
  • Tips til å henge opp hengekøye
  • Tretelt

Hengjekøye er ei relativt ny overnattingsform som har skote i vêret dei siste åra. Spesielt i låglandet, med god tilgang på tre, er det enkelt å finne ein stad å hengje opp køya. Soving i hengjekøye krev noko tilvenning, og du er meir utsett for vêr enn inne i eit telt. Fordelen er at dei enklaste hengjekøyene veg lite og er lettare å bere med seg enn eit telt.

Du treng: hengjekøye og opphengsstroppar, liggjeunderlag og sovepose. Du bør òg ha med tarp eller presenning, tau eller bardunar og teltpluggar i tilfelle nedbør.

Det er gøy å ha fleire hengjekøyer i høgda. Men det kan vere litt vanskeleg å klatre oppi den øvste køya.
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Det er gøy å ha fleire hengjekøyer i høgda. Men det kan vere litt vanskeleg å klatre oppi den øvste køya. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Korleis sove i hengjekøye?

Film: Den Norske Turistforening (2018)

Tips og triks for hengjekøye

  • Ta med myggnett.
  • Ha alltid med presenning eller tarp i tilfelle nedbør.
  • Bruk ei romsleg hengjekøye, då kan du liggje på skrå.

Tips til å henge opp hengekøye

Film: Villmarksliv, 2020, BY-NC-ND
  • Vel eigna tre.
    • Ein avstand mellom trea på 3–5 meter er fint.
    • Trea bør vere like tjukke som låret ditt.
  • Fest hengjekøya vassrett.
    • Legg deg i køya og kjenn etter dersom du er usikker.
  • Bruk opphengsnorer som ikkje skader treet.
    • Tjukke, flate band er dei beste, for dei fordeler vekta over eit større område på treet.
  • Sjekk at du har nok bakkeklaring.
    • Køya vil sige litt i løpet av natta.
    • Ha minst 50 centimeters klaring når du legg deg.

Tretelt

Det er mogleg å bruke treteltet med berre myggnetting.
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Det er mogleg å bruke treteltet med berre myggnetting. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Tretelt er ein spennande kombinasjon av telt og hengjekøye. Dette er òg ei relativt ny overnattingsform, som passar for dei som liker seg best over bakken. Tretelta finst i ulike variantar for éin til tre personar. Å sove i tretelt minner veldig om å overnatte i hengjekøye.

Tretelt er ganske dyre, men kan lånast/leigast hos mellom andre BUA og Frilager. For å få sett opp teltet treng du tre solide tre som står i ein trekant. Teltet blir jekka på plass med jekkestroppar. Samanlikna med hengjekøye og vanlege telt er vekta ganske høg. Derfor eignar tretelt seg best for korte gåturar, eller padleturar.

Utsikta frå teltet er det ingenting å seie på.
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Utsikta frå teltet er det ingenting å seie på. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Du treng: tretelt, liggjeunderlag og sovepose.

Tips og triks til montering av tretelt (speidersport.no).

🖇️
Dette er ein del av temaet 😴Overnatting (nynorsk)

Overnatting

🏕️Rutinar i leir (nynorsk)

⛄Tips til vinterovernatting (nynorsk)

Utstyr til overnatting ute

🛌Sovepose (nynorsk)

🗞️Liggjeunderlag (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

Tak over hovudet

🏡Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)

⛺Telt og lavvo (nynorsk)

☂️Presenning/tarp (nynorsk)

🌲Hengjekøye og tretelt (nynorsk)

❄️Sove i snøen (nynorsk)

🪨Andre typar overnatting ute (nynorsk)

Tekst

Gina Wigestrand, Snuitide (2021)

‣
Kjelder
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no