Snu i tide
Snu i tide
Tips til vinterovernatting (nynorsk)
⛄

Tips til vinterovernatting (nynorsk)

Innhald

  • Setje opp teltet
  • Hald varmen i vinterleiren
  • Val av teltpluggar i snø
  • Finne vatn om vinteren
  • Den første vinterovernattinga – i podkasten Uteliv
Film: Jens Kvernmo, https://www.youtube.com/watch?v=585CQloaPFU
  • Test utstyret før du legg ut på ein lengre tur på høgfjellet.
  • Ha orden på utstyret i leiren, og ikkje legg igjen utstyr ute.
    • Då kan det snø ned eller blåse vekk.
  • Bruk eit telt som er berekna for vinterbruk.
    • Slike telt toler meir vind og vêr og har klaffar til å leggje snø over som gjer at dei står betre.
  • Ta med ein snøbørste – oppvaskbørste eller skobørste fungerer godt.
    • Då kan du koste snø og rim av både deg sjølv og teltet.
  • Ta med fotposar eller eigne varme sko til å ha i leir.
    • Det vil òg hjelpe om du står på eit liggjeunderlag i staden for rett på snøen.
  • Hugs at det ikkje er farleg å fryse litt – men gjer noko med det før du blir veldig kald.
  • Ta med ein varm sovepose.
    • Eller bruk to soveposar oppi kvarandre.
  • Bruk gjerne to liggjeunderlag.
    • Då isolerer du kulda frå bakken ekstra godt.
    • Det eine bør vere eit skumunderlag, for oppblåsbare underlag kan få hòl.
    • Reinskinn eller saueskinn er noko av det varmaste du kan sove på.
  • Ha med ei fjøl til å setje brennaren på.
    • Lag maten ute.
    • Er det dårleg vêr, kan du koke i eit godt ventilert fortelt med god avstand til teltduk.

Tips til å sove godt

Setje opp teltet

Setje opp teltet på vinteren. Film: Marius Dalseg, DNT
  • Bruk ski eller truger til å trampe ned teltplassen før du set opp teltet.
  • Fest teltet med snøpluggar, ski, stavar, pulk, tre eller pinnar.
  • Legg teltet utover på bakken der du vil setje det opp, med teltbotnen ned og bretta ut i full storleik.
  • Fest ein av endane med ein teltplugg, slik at ikkje teltet blæs vekk.
  • Lokaliser opninga på teltet, og snu botnen slik at opninga blir der du ønskjer å ha ho.
    • Hugs å plassere opninga vekk frå vinden.
      • Tunneltelt bør stå med kortsida bak mot vinden.
‣
Teltpluggane trykkjer du skrått ned i bakken, med toppen av pluggane lengst vekk frå teltet.
  • Strekk ut botnen på innerteltet og set teltpluggar i alle hjørne.
  • Set saman teltstengene – sjå etter fargekodinga på stonga og kanalen i teltet ho skal trædast inn i.
  • Træ i alle teltstengene på rett plass.
  • Fest teltpluggar i ytterduken, så held du fram med bardunane.
  • Når teltet er sett opp omtrent slik det skal, kan du byrje med finjusteringa.
  • Legg snø på stormmattene rundt heile teltet utanom opninga.
  • Grav ei kuldegrop i forteltet.
    • Då får du betre plass.
    • Unngå å grave heilt ut på sida, slik at du har ein plass til å lage mat i forteltet.
‣
Grav ein levegg viss det er meldt mykje vind.

Hald varmen i vinterleiren

  • Bruk fotposar utanpå skoa, eller aller helst: Ha ullkartankar i fotposane og berre ullsokkar nedi.
    • Eit godt tips er å klippe til eit liggjeunderlag som ekstra sole i fotposane.
  • Bruk romsleg yttertøy.
    • Kleda isolerer betre når det er plass til luft mellom laga.
  • Tenn eit bål for å halde varmen.
  • Sit i le for vinden, bygg levegg om det blæs mykje.
  • Ha på store nok sko, tronge sko blir fort kalde.
  • Få fleire tips til å halde varmen.

Val av teltpluggar i snø

Film: Friluftsamatørene 2021, CC-BY-NC-ND

I snøen held ikkje dei vanlege teltpluggane. Snøen er ofte laus, og vi treng feste som har større overflate, slik at dei festar seg betre.

Snøpluggar kan leigast eller lånast på BUA eller Frilager. Du får òg kjøpt dei separat på sportsbutikkar.

Billigare og gode alternativ til snøpluggar:

  • gamle skistavar
  • bambusstenger
  • brøytestikker

Desse sagar du opp i ønskt lengd, 50–60 cm held som regel. Dei alternative pluggane er lettare enn snøpluggane, men held litt dårlegare.

Bruk av brøytestikker.
Foto: Gina Wigestrand
Bruk av brøytestikker. Foto: Gina Wigestrand
Brøytestikker som teltpluggar på vinteren.
Foto: Gina Wigestrand
Brøytestikker som teltpluggar på vinteren. Foto: Gina Wigestrand

Det er mogleg å feste bardunane i pinnar som så blir gravne ned i snøen som eit anker. Utfordringa er at det kan vere vanskeleg å stramme. Bardunane kan òg festast til tre eller steinar.

Skistavar og ski fungerer òg godt, men ikkje viss teltet skal stå i fleire dagar. Set skia slik at stålkanten ikkje gneg på bardunane.

Finne vatn om vinteren

Film: Jannicke Høyem og Trond Augestad, Norges idrettshøgskole

Den første vinterovernattinga – i podkasten Uteliv

  • med Randulf Valle og Une Cecilie Oksvold
(Valle, 2021, https://feeds.acast.com/public/shows/podkasten-uteliv, BY-NC-ND)
🖇️
Dette er ein del av temaet 😴Overnatting (nynorsk)

Overnatting

🏕️Rutinar i leir (nynorsk)

⛄Tips til vinterovernatting (nynorsk)

Utstyr til overnatting ute

🛌Sovepose (nynorsk)

🗞️Liggjeunderlag (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

Tak over hovudet

🏡Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)

⛺Telt og lavvo (nynorsk)

☂️Presenning/tarp (nynorsk)

🌲Hengjekøye og tretelt (nynorsk)

❄️Sove i snøen (nynorsk)

🪨Andre typar overnatting ute (nynorsk)

Tekst

Gina Wigestrand, Snuitide (2021)

‣
Kjelder
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no