Midt mellom Nordkapp og Nordpolen, langt mot nord, ligg øygruppa Svalbard. Namnet Svalbard kjem frå gammal nordisk og betyr «kald grense». Klimaet her er ikkje ulikt det vi finn i fjellet, med lange, barske, snørike vintrar og kalde, korte somrar. Svalbard er ein del av Arktis, som er området rundt Nordpolen. Det består hovudsakleg av det arktiske oseanet, men òg dei nordlegaste landområda av USA, Canada, Russland, Noreg og Grønland.
Landskapet på Svalbard består mest av forrivne, bratte fjell med isbrear, der stort sett ingenting kan leve. Mellom fjell og kyst er det flate låglandet, som er heimstad for dei plantane og dyra som finst på øyane. Jorda er frosen heile året. Berre midt på sommaren tiner dei øvste jordlaga, slik at plantane kan vekse.
Korleis er det å vere plante på Svalbard?
På grunn av dei barske vêrforholda må plantar vekse nær jorda for å få vern. Små forskjellar i form av steinar, små søkk eller litt rislande vatn kan ha mykje å seie for ein låg plante. Eit lite søkk på sørsida av ein stein er ein føretrekt stad for ein plante å vekse på, for der er det le, høgare temperatur og meir vern å få frå snøen på vinteren.
I Arktis er det lite næringsstoff i jorda fordi det er så kaldt at omsetninga i jorda skjer langsamt. Derfor kan ein tydeleg sjå auka plantevekst på stader der det blir tilført næringsstoff, til dømes rundt eit dødt reinsdyr, under eit fuglefjell der fuglane drit, eller rundt menneskeleg busetnad.
Akkurat som i fjellet er det i Arktis ein kort vekstsesong. Derfor klarer ikkje plantane å lage blomar kvart år. Ofte må dei byggje opp energi gjennom fleire sesongar og bruke éin sommar på å danne blomeknoppen, som så kan bløme den neste sommaren. Raudsildre er ein art som dannar knoppar på hausten så han kan bløme med ein gong snøen er borte på våren.
Svalbard er eit unikt område med tanke på både klima, dyre- og planteliv, men òg med tanke på geologien. Det er gjort mange fossilfunn av til dømes dinosaurar på øyane. Derfor er òg ein stor del av Svalbard verna av nasjonalparkar og naturreservat.
Per no er sannsynlegvis klimaendringane den største trusselen mot det unike livet på Svalbard, sidan temperaturen aukar raskare her enn nokon annan stad i landet.
Plantar på Svalbard
Mange av artane som finst på Svalbard, finst òg i fjellet på fastlandet.
Naturtypar
Innsjøar, vassdrag og myrar (nynorsk)
Plantar og natur
Oversikt over alle planterLær mer om planterTekst: Lærke Søndergaard Stewart, Snuitide (2022)