Fjellet er ein barsk levestad. Sommaren på fjellet er kort og kjølig, slik han òg er på Svalbard, og vinteren er lang og kald med mykje snø. Vinden kan bli sterk langs bakken. Vi menneske synest gjerne at fjellet er vakkert, spennande og utfordrande. Vi dreg kanskje på fjellet for å finne ro og nyte utsikta eller for å utfordre oss sjølve i barsk natur. Men vi har alltid moglegheita til å trekkje i hus når det blir for barskt. Plantar som lever i fjellet, har ikkje den moglegheita. Dei kan ikkje flytte seg når vinden pip og det fyk med iskrystallar som kan slå blada sund, eller når bakken blir frosen og dei ikkje lenger har tilgang på vatn. Kvifor vil ein då vere plante på fjellet? Fordelen er at det er mykje lys og massar av plass der. Det er få plantar som klarer å vekse under så barske forhold, og derfor er det liten konkurranse for dei artane som faktisk klarer det.
Innhald
- Korleis kan plantar på fjellet overleve?
- Inndeling av fjellet
- Vi deler fjellet inn i tre soner: lågalpin, mellomalpin og høgalpin
- Vêr, føre og terreng påverkar kvar artane kan leve
- Plantar i fjellet
- Lav
- Meir om lav
Korleis kan plantar på fjellet overleve?
Plantar på fjellet er små og lågvaksne, og dei veks ofte i tette tuer eller puter. Her kan dei skape sitt eige mikroklima, som er mykje varmare enn lufta rundt. Sjå til dømes beskrivinga av fjellsmelle. Frost i bakken store delar av året og mykje vind og sol gjer at plantane på fjellet er i fare for å tørke ut. Derfor har dei ofte små blad med lita overflate (t.d. krekling), hår på blad og stenglar (t.d. reinrose), vokslag på blada (t.d. tyttebær) eller kjøtfulle blad (t.d. issoleie).
Mange blomar har form som ein parabol for å fange opp så mykje solvarme som mogleg. Dei kan til og med dreie blomen, så han i løpet av dagen heile tida peikar mot sola. På den måten blir blomen varma ekstra opp og blir ein meir attraktiv stad for insekt, som bestøvar planten. Samtidig gjer den auka varmen òg at frukta utviklar seg raskare. Døme på artar med denne eigenskapen er reinrose og issoleie.
Den korte vekstsesongen i fjellet gjer at det kan vere vanskeleg for plantane å rekke å lage blomar, bli befrukta, utvikle frukter og frø, og spreie desse til nye gunstige vekseplassar. Derfor har over halvparten av plantane i høgfjellet òg utvikla evna til å spreie seg som klonar (sjå til dømes harerug).
På grunn av det barske klimaet veks plantar i fjellet ganske langsamt. Gjer ein skade på vegetasjonen, kan det derfor ta fleire tiår eller hundreår før plantane får etablert seg heilt igjen.
Inndeling av fjellet
Vi deler fjellet inn i tre soner: lågalpin, mellomalpin og høgalpin
Sonene er delte inn etter kva planteartar som veks der.
Den høgalpine sona er den barskaste staden på fjellet. Ho finst berre på dei øvste fjelltoppane våre. Her er det stort sett berre mosar og lav som veks. Issoleie er den blomeplanten som er funnen høgst i fjellet, 2360 meter over havet, på Galdhøpiggen (Hamre 2006).
I den mellomalpine sona er det fleire artar av lyng og gras, og i den lågalpine sona kjem det små buskar som vier, einer, dvergbjørk og blåbær.
Under den alpine sona finn vi fjellbjørkeskogen, som er viktig for mange av dei dyra som lever på fjellet. Du kan lese meir om fjellbjørkeskogen i avsnittet om skog.
Vêr, føre og terreng påverkar kvar artane kan leve
Snøen betyr mykje for fordelinga av artar i fjellet. Også vinden har mykje å seie, fordi han flyttar snøen rundt i landskapet. Snøen legg seg som ei dyne og vernar både plantar og dyr gjennom vinteren. Når stormen rasar, snøkrystallar fyk i lufta og det er minus 30 grader i lufta, er det heilt vindstille og rundt 0 grader under snødekket. Lemen kan pile rundt i gongene sine under snøen, finne mat og formeire seg, og plantar som musøyre har det varmt nok til å kunne overleve vinteren. Djupare søkk i terrenget, der snødekket blir tjukt og ligg lenge utover våren, heiter snøleie. Motsetnaden er rabbar, som er forhøgingar der snøen blæs bort. Her veks berre få artar, som rypebær og lav. Desse områda er likevel viktige for dyr som rein, hare og rype, sidan dei kan finne mat her i løpet av vinteren. Ein annan forskjell i terrenget er mellom sør- og nordvende skråningar. Sørvende skråningar får meir sollys og varme, snøen smeltar tidlegare på sesongen, og det er generelt eit meir frodig planteliv. Prøv å leggje merke til desse forskjellane i vegetasjon mellom nord- og sørside og mellom rabb og snøleie neste gong du går i fjellet.
Plantar i fjellet
Lav
Lav består av to ulike artar, sjølv om det ikkje er noko vi kan sjå. Det er ein sopp og ein alge som veks saman, og begge har glede av kvarandre. Soppen dannar «kroppen» som kan ta opp vatn og mineral frå lufta, og algen lagar energi ved fotosyntese. Ulike artar av lav er ulike kombinasjonar av sopp og algar. Det finst rundt 2000 ulike artar lav i Noreg (Bakke 2017).
Meir om lav
Lav kan vekse på stein, jord, bork, blad, andre lav, eller det kan henge frå greiner. Du kan finne lav nesten overalt i naturen. Lav kan vekse i mange ekstreme miljø, sidan det kan tole t.d. høg varme, men òg ekstrem kulde og uttørking. Lav kan gå i dvaletilstand når det blir for tørt eller kaldt. Derfor finn vi òg ein del lav når vi kjem opp i fjellet. Det lav toler veldig dårleg, er forureina luft. Derfor finn vi sjeldan lav i byar. Lav veks veldig sakte og kan bli ekstremt gammalt. Faktisk blir lav rekna for å vere blant dei eldste levande organismane på jorda. Ein kan bruke storleiken på lav til å datere når t.d. ei klippe har blitt blottlagd.
Lav er ganske kult på den måten at det kan løyse opp berg og stein slik at mineral i steinen blir tilgjengelege for vekst. Lavet gjer dette ved å skilje ut lavsyrer. Ein del av lavsyrene er òg med på å gi farge til dei ulike lava, som vanlegvis er gule, brune, svarte eller grå. Fargen vernar lavet mot ultrafiolett stråling.
Lav har før i tida vore brukt til mat, dyrefôr, medisin, farging av tekstil og som isolasjonsmateriale i hus.
Vi kan gruppere lav ut frå veksemåte i tre hovudgrupper:
Naturtypar
Innsjøar, vassdrag og myrar (nynorsk)
Plantar og natur
Oversikt over alle planterLær mer om planterTekst: Lærke Søndergaard Stewart, Snuitide (2022)