Havet dekkjer ca. 70 prosent av jordklodeoverflata. Dei første levande organismane oppstod i havet for rundt 3,5 milliardar år sidan. Ressursane i havet har gjennom historia danna eit viktig grunnlag for oss menneske. Derfor har vi ofte busett oss langs kysten. Men kva slags natur er det eigentleg vi finn her?
Noreg har ei kystlinje på rundt 500 000 km, om vi måler inn i alle viker, bukter og fjordar (Bjerkely 2018). Det svarer til ca. 12,5 gonger rundt jorda ved ekvator. Den lange kyststrekninga gir eit stort mangfald av naturtypar, frå korte fjordar med små skjer, holmar og runde svaberg på Sørlandskysten og i Midt-Noreg til bratte fjell langs djupe fjordar på Vestlandet og kvasse, spisse tindar rett opp av havet i Nordland. Frå milde, lune somrar i sør til regnvåte årstider i vest og til hardt og barskt klima i nord med mørker heile vinteren og sol heile sommaren.
Sjølv om det er veldig store variasjonar, kan vi likevel dele inn strendene i ei rekkje overordna typar. Felles for alle typane er at dei er påverka av bølgjeslag og salt, og at plantane som veks der, må klare ganske ustabile forhold.
Innhald
- Ulike strandtypar i Noreg
- Klippestrand eller strandberg
- Rullesteinstrender
- Sandstrender
- Strandenger
- Plantar ved kysten
Ulike strandtypar i Noreg
Klippestrand eller strandberg
Dette er den vanlegaste strandtypen i Noreg. Her er det svaberg eller klipper som går rett ned i vatnet. Det er vanskeleg for mange plantar å få feste, og derfor er det ofte relativt få artar. På svaberga veks det teppe av lav i ulike fargar. Eit av dei som er lett gjenkjennelege, er messinglav, som ligg som eit oransjegult belte rett ovanfor der bølgjene normalt slår. Ovanfor denne kan vi finne blomeplantar i bergsprekkane, til dømes fjørekoll. Lenger oppe på stranda blir det meir samanhengande vegetasjon med gras, krekling, einer og furu.
Rullesteinstrender
Rullesteinstrender er strendar med mindre steinar som blir slipt runde av havet. Dei finst ulike stader langs kysten der isbreane under siste istid har avsett lausmateriale av stein (morenar). Mange av artane som veks på strandberg, kan òg finnast her, og samtidig kan òg andre artar vekse i det skrinne jordsmonet mellom steinane. Litt oppe på stranda, der bølgjene slår inn, ligg det ofte tangvollar, haugar av tang og tare, som er skylde inn og ligg og rotnar. Her er det mykje næringsstoff og derfor ofte ein ganske frodig vegetasjon av til dømes tangmelde. På den andre sida av tangvollen finn vi plantar som strandrug og strandkvann, alle artar med eit vidtgåande rotsystem.
Sandstrender
Sandstrender finn vi i bukter og viker der havbotnen består av sand. Her òg blir det danna tangvollar, og mange av dei same artane som finst på rullesteinstrender, finst òg her. Nokre plantar, til dømes strandrug, er spesialiserte til å tole flygesand. Dei dannar tette tuer som fangar opp sanden. Når dei blir overdekte, veks dei oppover sanden og kan då fange opp endå meir sand. På den måten byggjer dei opp svære sanddyner, der sanden blir halden saman av eit nett av røter og stenglar.
Strandenger
Strandenger finst langs heile kysten. Dei er knytte til slake strandområde med sand, grus, jord eller leire. Gjennom historia har dei vore brukte til husdyrbeiting og slått. Strandenger er ofte fuktige fordi det er tilsig av ferskvatn frå høgareliggjande område. Ved høgvatn og stormar blir strandengene ofte overfløymde, så alle plantar her må kunne tole salt. På strandenger kan du mellom anna finne plantar som gåsemure, fjørekoll, tangmelde og salturt. Strandenger er viktige beite- og hekkeplassar for mange fuglar.
Hovuddelen av dei vanlege plantane toler ikkje salt, sidan det tørkar dei ut. Men plantar som veks ved kysten, har lært seg å tole salt. I tillegg toler dei både å vere overfløymde og å tørke ut, og dei toler ganske store svingingar i temperatur. Det er ikkje mange plantar som klarer å leve med alle desse vanskane. Jo lenger bort frå havvatnet vi kjem, dess fleire ulike artar vil vi derfor finne.
Plantar ved kysten
Naturtypar
Innsjøar, vassdrag og myrar (nynorsk)
Plantar og natur
Oversikt over alle planterLær mer om planterTekst: Lærke Søndergaard Stewart, Snuitide (2022)