Når vi er på tur og skal ta ein pause, oppsøkjer vi ofte vatn – store innsjøar med ope utsyn, små stille, blinkande tjern, brusande elvar eller rislande bekker. Alle har dei noko forlokkande over seg. Vi liker å bruke vatnet til aktivitetar som segling, bading, kanopadling, fisking, brettsegling og andre aktivitetar. Men vi er òg avhengige av vatnet til dei daglege gjeremåla våre og industrien. Vi er heldige her i Noreg som har så mykje fint vatn som vi kan nyte på tallause måtar. Dei ulike typane ferskvatn har veldig ulike kvalitetar.
Innhald
- Innsjøar
- Næringsfattige vatn
- Næringsrike innsjøar
- Plantar i innsjøar
- Vassdrag
- Plantar i vassdrag
- Myrar
- Ulike typar myrar
- Regnvassmyrar
- Jordvassmyrar
- Kva myrene betyr
- Myrane kan fortelje oss om fortida
- Plantar ved innsjøar, vassdrag og myrar
Innsjøar
I Noreg har vi meir enn 450 000 innsjøar, som utgjer omtrent 5 prosent av landarealet. Dei blei danna i samband med den siste istida og er derfor 10 000–12 000 år gamle (Bjerkely, 2018).
Både storleiken og djupna på innsjøane varierer mykje, og definisjonane på kva som er ein innsjø, ein dam, eit tjern eller ein pytt, kan vere litt flytande. Men felles for alle er at dei er fordjupingar i jordoverflata som er fylte med vatn. Nokre har tilførsel av vatn frå større eller mindre elvar, medan andre berre har tilførsel av regnvatn og tilsig frå områda rundt.
Vi deler ofte innsjøane opp ut frå kor mykje næringsstoff som er i vatnet, sidan dette har mykje å seie for dei fysiske og kjemiske forholda i vatnet, og kva plantar og dyr som finst der.
Næringsfattige vatn
Desse vatna har liten plantevekst både langs stranda og ute i vatnet. Derfor er det òg relativt få dyreartar. Typisk finst det aure og røye. Vatnet er veldig klart fordi det er lite plankton og oppløyste stoff i vatnet. Slike vatn finn vi gjerne i fjellet.
Næringsrike innsjøar
Næringsrike innsjøar har gjerne frodig vegetasjon langs kanten og mykje plankton i vatnet. Derfor er vatnet her meir uklart. Det er mykje mat for dyr og derfor òg gjerne fleire ulike artar. Her kan vi finne artar av fisk som mort, brasme, karuss og gjedde. Slike vatn finst gjerne i område med jordbruk, industri og tett folkesetnad. Gjødsling som blir tilført jorda i landbruket, men òg utslepp frå industri og hushaldskloakkar, siv med overflatevatn ned til vatn og vassdrag.
Når ein næringsfattig innsjø blir tilført gjødsel, kan det i byrjinga verke positivt, idet vegetasjonen blir meir frodig og det kjem fleire fisk. Men blir det tilført for mykje gjødsel, blir vatnet så grumsete at det ikkje lenger kan vekse plantar på botnen. Derfor blir det tilført mindre oksygen. Færre organismar kan då leve der, og vatnet er heller ikkje lenger drikkande for oss menneske.
Plantar i innsjøar
Det veks plantar langs kanten av vatn og vassdrag som er lette å sjå. Men det flyt òg rundt bitte små algar i vatnet som blir kalla plankton.
Går vi frå breidda og ut i vatnet, kan vi sjå at plantane endrar seg litt. Nokre plantar veks berre med røtene i vatn eller våt jord lengst borte frå innsjøen, medan andre kan vekse berre med det øvste av blomar og blad over vatn, og andre igjen kan vere heilt under vatn. Mange plantar i og ved vatn har røtene sine i mudder der det er veldig lite oksygen. Sidan plantane har behov for oksygen, har mange slike plantar tydelege luftkanalar i stenglane. Prøv å skjere over ein sumpplante og sjå om du kan finne luftkanalane. Blås gjennom eit langt stengelstykke og sjå at det dannar seg bobler i den andre enden.
Dei rotfaste plantane er viktige ved at dei gir mat og gøymestader, dempar effekten av vind og bølgjeslag og skaper grunnlaget for eit livssamfunn som ikkje kan finnast i dei frie vassmassane. Larver og fiskeynglar kan til dømes finne skjul for større fisk. Men det er plankton som er den viktigaste matkjelda for dyra i vatnet.
Vassdrag
I elvar og bekker strøymer vatnet av garde i raskt eller roleg tempo, men alltid i same retning. Vatnet blir heile tida blanda, og tilførte næringsstoff flyt med vidare til neste innsjø eller heilt ut til havet. Det er alltid mykje oksygen i vatn som renn raskt. Derfor finn vi andre plante- og dyresamfunn her enn i innsjøar.
Eit vassdrag endrar karakter frå start til slutt. Den øvste delen av vassdraget kan startast av ei kjelde eller små bekker med smeltevatn frå snø og isbre. Her er det lite vatn, låg temperatur og få plantar og dyr. Den neste sona, der vatnet går gjennom fjellet, kan vere ganske lang og variert. Vatnet renn raskt, og det er stor erosjon, og vatnet transporterer derfor med seg ein del partiklar. Lenger nede i terrenget blir elva større, fører meir vatn med seg i lågare fart, og vatnet har ein høgare temperatur. Elva begynner å bukte seg, og det kjem meir både plante- og dyreliv. Til slutt renn elva ut i havet, og det er ei sone der ferskvatn og saltvatn blandar seg saman.
Plantar i vassdrag
I elvar finn vi flest plantar der straumen ikkje er så stor. Her har dei lettare for å få feste på botnen og blir ikkje så lett drivne bort med straumen. Smådyr som insektlarvar kan derimot finnast på sjølv dei mest straumharde stadene. Dei finst då tett mot botnen og nær steinar, der vatnet blir bremsa litt på grunn av friksjon.
Ein stor del av plantematerialet som finst i eit vassdrag, kjem frå vegetasjon som står langs kanten. Kva plantar som veks langs kanten, kan derfor ha mykje å seie for kva artar av dyr som kan leve i vatnet.
Myrar
Myrar er område der jorda er metta med vatn, men overflata samtidig er dekt av plantevekst, så det ikkje er ein fri vasspegel. Det finst mykje myr i det store barskogområdet i landareala sør for Arktis på heile den nordlege halvkula. I Noreg reknar vi med at ca. 10 prosent av landarealet er dekt av myr (Bjerkely 2018). Dei eldste myrane i Noreg er danna etter den siste istida og er derfor rundt 8 000–10 000 år gamle. Litt under ein tredel av myrane i Noreg ligg i snaufjellet.
Ulike typar myrar
Myrar kan vere ganske ulike, sidan dei er danna på ulike måtar og har ulik tilgang på næring.
Regnvassmyrar
Ei regnvassmyr får fukta og næringa si gjennom nedbør. Plantane får ikkje anna næring enn den som kjem med regn, snø og vind. Derfor er det eit relativt næringsfattig og ofte ganske surt miljø. Slike myrar er dominerte av torvmosar. I tillegg kan ein finne molte, røsslyng, tranebær, torvmyrull og krekling der.
Jordvassmyrar
Ein annan type myr er jordvassmyr. Her kjem vatn og næring frå grunnvatn eller sigevatn som ligg nær overflata. Denne myrtypen blir danna ved at dammar veks igjen. Når slike myrar får tilsig frå kalkhaldige bergartar, kan dei ha ein veldig rik vegetasjon med mellom anna mange orkidear. På område som får tilsig frå sure bergartar, er det ofte kjøtetande plantar, sidan det er lite næring i slike myrar.
Sjølv om vi skil mellom desse to hovudtypane av myrar, så er mange myrar ei blanding mellom regnvass- og jordvassmyr. Det som er felles for myrar, er som sagt at jorda er vassmetta. Det betyr at det er lite oksygen til røtene til plantane. Derfor er det veldig få tre som veks på myrar. Oksygenmangelen betyr òg at nedbrytinga av døde dyr og plantar skjer veldig sakte, ofte saktare enn tilveksten. Derfor blir det bygd opp lag på lag av gamle døde planterestar som blir pressa saman og blir til torv.
Kva myrene betyr
Myrane har mykje å seie for vasshushaldet i landskapet. Når det regnar skikkeleg, verkar myrane som «svampar» som syg opp vatnet og hindrar at det renn direkte til vassdraga og skaper flaum. Samtidig verkar dei som eit reinseanlegg i naturen fordi vatnet passerer langsamt gjennom myrane og blir reinsa på vegen. Myrane er òg viktige beite- og jaktområde for mange fuglar og dyr, og hekkeplassar for mange fugleartar.
Mange stader har myrar blitt drenerte og dyrka sidan dei er lette å gjere om til god landbruksjord. Men når ei myr først er øydelagd, er det veldig vanskeleg å attskape det som var. Det ligg eit stort lager av karbon i myrane i verda. Viss vi øydelegg myrar, kan vi derfor påverke klimaforandringane i ei endå meir negativ retning. Etter kvart har mange myrar og våtmarksområde derfor blitt verna.
Myrane kan fortelje oss om fortida
Fordi nedbrytinga av alt organisk materiale skjer så sakte, kan myrar gøyme på løyndommar frå fortida. Mellom anna kan vi finne gamle pollenrestar der som kan fortelje oss kva type vegetasjon det har vore i området for fleire tusen år sidan. Sidan mange plantar krev visse temperatur- og nedbørsforhold, så kan dette seie noko om kva klima det har vore tidlegare.
Ein annan løyndom som myrar kan gøyme på, er menneskeleg. I Danmark fann ein i 1952 kroppen til ein mann som viste seg å vere frå rundt 300 år f.Kr. Fordi han har lege i ei vassmetta myr utan oksygen, er både hår, negler, skjeggstubbar og fingeravtrykk er godt bevarte etter rundt 2000 år i myra.
Plantar ved innsjøar, vassdrag og myrar
- Mose
- Kjøtetande plantar
Vi har over 1000 moseartar i Noreg. Mosar har ikkje røter som tre og andre plantar. Dei har nokre festeorgan som held dei fast på bakken, men dei får ikkje næring og vatn opp gjennom desse. Næring og vatn får dei frå lufta, og dei tek det inn gjennom blada. Mosar kan tole å tørke ut i lang tid, men dei må ha vatn og fuktig luft innimellom for å kunne fullføre livssyklusen sin.
Mosar varierer i både farge og veksemåte. Dei kan vekse på jord, i tre og på stein. Det finst mosar i nesten alle naturtypar, men især i myrar og i fjellet kan dei vere veldig dominerande – og faktisk gi eit større bidrag til fotosyntesen enn andre plantar. I skogen veks det òg ofte mykje mosar. På eit lite område kan det finnast mange ulike moseartar.
Tidlegare brukte folk mosar til å tette tak, vegger og båtar. I dag blir mosar brukte i miljøovervaking. Mosar blir til dømes brukte i undersøkingar av luftforureining fordi ulike artar reagerer ulikt på ulike stoff. Ein del moseartar har medisinske eigenskapar, til dømes antibiotisk effekt.
Vanlegvis er det dyr og menneske som et plantar. Men nokre plantar kan òg ete dyr, og dei blir derfor kalla kjøtetande plantar. Kjøtetande plantar skaffar seg næringsstoff ved å ete dyr. Derfor treng dei ikkje så mykje næring frå jorda, og dei kan vekse på veldig mineralfattige myrar.
I Noreg har vi seks ulike artar av kjøtetande plantar som veks på land, tre artar av soldogg og tre artar av tettegras. Alle desse veks på eller ved myr.
Naturtypar
Innsjøar, vassdrag og myrar (nynorsk)
Plantar og natur
Oversikt over alle planterLær mer om planterTekst: Lærke Søndergaard Stewart, Snuitide (2022)