Skogen dekkjer ca. 37 prosent av arealet i Noreg, og er nest etter fjell den naturtypen vi har mest av (Kvammen et al. 2021). Ser vi på all skogen i Noreg, har han eit stort artsmangfald. Meir enn halvparten av dei ca. 40 000 artane som er kjende i Noreg, finst i skogen.
Skogen har òg mykje å seie for klimaet både lokalt, regionalt og globalt. Tre bind mykje karbondioksid og frigir oksygen. Vi høyrer ofte om kor viktig det er å bevare Amazonas-regnskogen av nettopp denne årsaka. Men den nordlege barskogen i Noreg og resten av verda er absolutt like viktig i denne samanhengen, sidan han bind meir karbon enn tropisk regnskog. Skog reinsar lufta og jorda vår, han held på jord og vernar oss dermed mot flaum og ras. I tillegg gir skogen oss viktige råstoff og arbeidsplassar gjennom skogbruket.
Innhald
- Ulike typar skog
- Barskog
- Granskog
- Furuskog
- Lauvskog
- Edellauvskog
- Hardføre lauvskogar
- Fjellbjørkeskog
- Skogbruk og skogvern
- Artar i skogen
Ulike typar skog
Ein skog er kjenneteikna av at han består av fleire lag vegetasjon. Nokre plantar i dei øvste laga får mykje lys, medan dei som veks i skogbotnen, ofte får lite lys.
Skog kan delast inn i ulike typar avhengig av kva artar som dominerer. Grovt sett kan vi dele inn i barskog og lauvskog. Både lysforhold, vind, nedbør og jordsmon er ulike i dei ulike skogtypane. Derfor er det òg ulike artar som lever i dei ulike skogane. Ein del skogar er blandingsskogar med både bartre og lauvtre. I sånne skogar er det stor variasjon og stor artsrikdom.
Barskog
Over 70 prosent av all skogen i Noreg er barskog (Kvammen et al. 2021, s. 123). Vi har to hovudtypar av barskog: granskog og furuskog. Om det er gran- eller furuskog ein bestemt stad, kjem i hovudsak an på kva slags jordsmon det er på staden. Furua har ei rot som kan gå djupt og få tak i vatn langt nede i bakken. Ho kan derfor vekse på ganske tørr og næringsfattig mark. Grana har eit meir overflatisk rotsystem og har derfor behov for meir vatn der ho veks. Der det er våtare og meir næringsrikt, vil grana konkurrere ut furua. Under slike forhold veks grana raskast og vil etter kvart skyggje for furua, slik at ho ikkje overlever.
Granskog
Granskog er tettare enn furuskog. I tett granskog kan det vere så lite som 1 prosent av lyset som finn vegen ned på bakken (Bjerkely 2018). Det er ikkje så mange plantar som kan vekse med så lite lys. Derfor er artsrikdommen på skogbotnen relativt liten.
Furuskog
Furuskog er mykje opnare enn granskog. Ofte finn vi tyttebær, blåbær, røsslyng, blokkebær, krekling og mange ulike artar av lav – artar som, liksom furua, kan klare seg på tørre stader med lite næring.
Både granskog og furuskog kan delast inn vidare etter kva type plantar som veks under trea.
Lauvskog
Lauvskogar finst over heile landet. I lauvskogen varierer lysmengda i skogbotnen mykje gjennom året. Om sommaren, når alle trea har blad, er det lite lys. Om våren før blada spretter, er det meir lys, og derfor har nokre plantar, til dømes kvitveis og blåveis, tilpassa seg til å få blomar på denne tida, så dei kan utnytte sollyset.
Vi kan dele lauvskogane i tre typar:
Edellauvskog
Dette er ein vanleg type lenger sør i Europa. Han består av tre som eik, ask, hassel, alm, svartor, lind, bøk og lønn. Desse trea veks berre på Sørlandet og i dei varmaste delane av Austlandet og Vestlandet langs kysten. Edellauvskogane er ofte relativt artsrike.
Hardføre lauvskogar
Desse lauvskogane kan vere ganske ulike. Bjørka er det vanlegaste lauvtreet i Noreg, men òg artar som osp, rogn, selje og gråor er hardføre lauvtre som finst spreidd over det meste av landet. Blåbær er vanleg å finne under bjørka, men især i dalsider med god jord kan det vere mange andre artar av urter og store bregnar.
Fjellbjørkeskog
Dette er ein spesiell skogtype vi finn høgt til fjells. Fjellbjørkeskogen dannar eit belte mellom barskogen og snaufjellet. Her veks fjellbjørk, som er ein underart av vanleg bjørk. Fjellbørka blir ofte veldig krokete og vindskeiv når ho veks høgt til fjells. Mange av dyreartane som lever i fjellet, er avhengige av bjørkebeltet og trekkjer ned for å overleve i harde periodar.
Skogbruk og skogvern
Over halvparten av dei norske artane finst i skogane. Men også omtrent halvparten av dei artane som er trua, lever i skogen. Ei av hovudårsakene til dette er måten vi driv skogbruk på, med flatehogst. Flatehogst betyr at vi feller alle trea i eit område på same tid. Deretter blir det ofte tilført store mengder næring, og det blir berre planta eitt treslag (ofte gran) i rekkjer. Det blir ofte sprøyta mot uønskte plantar. Når all grana er stor nok, høgg ein ned dei som står igjen, og startar framanfrå. Derfor får vi ein svært einsarta skog, der få artar trivst. Skog som aldri eller i lita grad har vore påverka av menneske, blir kalla urskog eller naturskog. Slik skog har eit mykje større artsmangfald. Især gammalskog (eldre enn 120 år) har mange artar – og mange sjeldne artar, som berre finst der. I Noreg er berre 2,4 prosent av skogen gammalskog (Sabima, u.å.). Det finst ulike måtar å verne skog på, men framleis er berre ein liten del av den norske skogen verna.
Artar i skogen
Naturtypar
Innsjøar, vassdrag og myrar (nynorsk)
Plantar og natur
Oversikt over alle planterLær mer om planterTekst: Lærke Søndergaard Stewart, Snuitide (2022)