Innhald
Digitale kart
Dette er ei øvingsoppgåve du kan gjere for å bli kjend med digitale kart over nærområdet ditt. Bruk nettsida UT.no. Oppgåva tek utgangspunkt i utforminga av nettsida, men du kan òg bruke UT-appen.
Søk opp området du bur i, eller området som skulen ligg i. Vel kart. Kva kan kartet fortelje deg?
- Gjer deg kjend med kartet. Bruk litt tid på å finne att stader du har vore før. Finn til dømes skulen, huset du bur i, barneskulen din, nærbutikken, idrettsplassen og liknande. Bruk zoom-knappen til å zoome ut og inn for å få eit betre overblikk.
- Kva for turmoglegheiter kan du finne i nærområdet ditt? Kvar går det an å starte turen?
- Kan du finne merka ruter, som til dømes stiar eller skiløyper? Bruk menyknappen til venstre for å velje sommarstiar og vinterruter.
- Sjå deg ut eit turmål, ein plass du kunne tenkje deg å dra. Du kan òg bruke denne kartlenka (UT.no). Bruk linjalen heilt nedst i høgre hjørne for å måle avstanden frå startpunktet til turmålet.
- Når du veit at du bruker å gå 3 km/t med tung sekk i flatt terreng, og at 4 km/t er vanleg gangfart utan oppakning, og at ein i tillegg reknar 20 minutt per 100 meter stigning – kor lang tid vil du då bruke på å gå distansen du kom fram til i førre oppgåve?
- Finn ut om det er «farleg bratt» i området der du skal på tur. Trykk på dei tre arka ved sida av linjalen nedst i høgre hjørne. La karttypen vere eit topokart, og vel brattleikskart under kartlag. Trykk på pila ved sida av for å sjå korleis skalaen er bygd opp.
- Kan du finne hytter eller naudbuer i nærleiken? Hugs å merke av på hytter i menyen til venstre. Kor lang avstand er det frå turmålet til nærmaste naudbu?
- Du kan velje mellom tre ulike karttypar: topokart, papirkart og oversiktskart. Samanlikn desse karta, og finn ut kva som er forskjellen på dei.
Lenka til ut.no er eit døme på eit digitalt verktøy det går an å bruke i undervisninga. Du kan lage eigne digitale vandringar og kople punkt i kartet med oppgåver, tekst, bilete og lydklipp.
Dekning
I denne oppgåva skal du finne dekningskart for mobiloperatøren din. Gå inn på nettsida til Telia, Telenor, OneCall eller ein annan operatør.
- Finn kart over området du skal på tur i. Zoom inn for å finne ut korleis dekninga er på strekninga du skal gå frå start til turmålet.
- Kvar på strekninga er forholda best?
- Kvar på strekninga er forholda dårlegast? Viss forholda er veldig dårlege i området der turmålet er, kvar kan du gå for å finne dekning?
Vêrmelding
No skal du finne ut korleis vêret er meldt når du skal på tur. Bruk anten ein app eller ei nettside. Undersøk både Yr og Storm.
- Melder Yr og Storm det same vêret for området du skal på tur? Viss ikkje, kven kan du stole på? Diskuter med sidekameraten.
- Kva seier vêrmeldinga? Korleis må du førebu deg til å dra på tur i det vêret som er meldt, med omsyn til både tryggleik og turoppleving?
Skredvarsling
Viss du skal på tur i fjellet om vinteren, er det lurt å sjekke skred- og isvarslinga for området før du dreg. Sjekk skredvarsel og isvarsel på varsom.no.
Bruk menyen til venstre for å velje snøskredvarsling og isvarsling. Du kan i tillegg bruke appen «Bratt» frå Norges Geotekniske Institutt. Appen syner detaljerte hellingskart og topografiske kart for heile Noreg.
- Finn ut korleis forholda er i området der du skal på tur i det aktuelle tidsrommet.
- Kva for råd gir nettsida?
- Kva for utfordringar kan du støyte på? Korleis kan du førebu deg til dette? Kva for forholdsreglar bør du ta med tanke på tryggleiken?
«Tur etter evne»
Du skal hjelpe denne gruppa med å planleggje ein tur. Faktorar som er viktige for å planleggje tur etter evne, som kven, kvar, når og utstyr, er omtalte nedanfor:
Val av aktivitet: fjellski.
Kven:
Per, Kari, Lisa og Hans har frå før av gått ein del dagsturar, både saman og kvar for seg. Dei har gått med lette sekker og på merkte stiar. Dei har derfor noko avgrensa erfaring med kart. Deltakarane er ganske spreke og har gått opp mot to mil på det meste. Dei har ikkje gått så mykje i høgfjellet, og ingen har sove ute før. To av deltakarane har gått mykje på ski, men stort sett i skispor. Dei to siste har nesten inga erfaring med langrennsski, men har stått litt på slalåm.
Kvar:
Dei planlegg ein tur på Hardangervidda, ettersom det er eit område alle vil bli betre kjende med. Dei har høyrt at Hardangervidda, særleg aust, er mindre kupert enn ein del andre høgfjellsområde, som til dømes Jotunheimen. Dei har sett på Haukeliseter, Dyranut og Finse som moglege alternativ for startpunkt. Gruppa er avhengig av å komme seg til startstaden med kollektiv transport.
Når:
Turen skal vere ein vintertur, ettersom dei har lyst til å gå sin aller første skitur over fleire dagar. Deltakarane er litt ueinige om når det er best å dra. Nokre ønskjer å dra i vinterferien, medan andre tenkjer at det er betre å vente til april og påsketider. Dei har tenkt at turen skal vare i fire dagar.
Utstyr:
Alle har, eller har fått lånt seg, ski. Ein av deltakarane manglar stålkantar på skia. Ullklede og yttertøy er i orden. Dei har ikkje fått tak i telt enno og er derfor litt i tvil om dei skal sove ute eller heller bør satse på DNT-hytter. Dei har fått lånt seg sekker på rundt 60 liter.
Lag ein turplan for denne gruppa, basert på informasjonen ovanfor. Det som manglar av informasjon, og som du meiner er relevant, kan du dikte sjølv. Forklar kva for vurderingar du gjer for at det skal bli ein trygg tur.
Risikovurdering – eit eksperiment
Rekne ut veg, fart og tid
- Kor lang tid bruker du frå Fiskefjorden til Haakonsbu?
- Bruk kartet nedanfor. Det har målestokk 1 : 50 000.
- Det er mogleg å ta fleire ruter. Skriv kva for ei av rutene du vel.
- Grunngi svaret når det gjeld både valet av rute og utrekninga av tidsbruk.
- Sjå på kartet og rekn ut kor lang tid du vil bruke på ruta du skal gå.
- Finn tida for alternativ med 3 km/t, 4 km/t og 6 km/t.
- Berekn avstand ut frå farten og tida du har brukt. Hugs å trekkje frå pausetid.
- Du har padla i tre timar med ein fart på 4 km/t. Totalt har du hatt 20 minutt pause.
- Du har rodd ein heil dag med mykje motstraum, 3 km/t. Du har vore ute i åtte timar og har hatt 1 time og 15 minutt pause.
- Berekn farten de har hatt på ei rute medstraums og motstraums.
- Medstraums brukte de to timar på 11 kilometer.
- Motstraums brukte de ein time lenger på same rute.
- Kor mykje har straum å seie for farten de klarer å halde?
Ta kursa til DNT
«Turplanlegging»
«Min første vintertur»
Turplanlegging
Tekst:
- Gina Wigestrand, Snuitide (2021)
- «Digitale kart»: Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA (CC BY-SA)
- «Dekning»: Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA (CC BY-SA)
- «Vêrmelding»: Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA (CC BY-SA)
- «Skredvarsel»: Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA (CC BY-SA)