Om vinteren treng vi litt meir klede enn på vår, sommar og haust. Grunnen til det er først og fremst temperaturen, men òg at vi må verne oss mot snø og vind.
I kaldt vêr med minusgrader og vind er det viktig å verne ansiktet mot frostskadar. Ein ullbuff eller balaklava saman med skibriller vil i mange tilfelle vere meir enn nok. I svært kalde temperaturar bør du vurdere ansiktsmaske. Slike masker er ofte laga i neopren. Dei kan kjøpast, eller du kan lage di eiga maske (Nerdrum 2019).
I tillegg er fotposar gode å ha om du skal bu i snøen, ettersom dei hindrar mykje av varmetapet frå føtene.
Eit anna viktig plagg å nemne er gamasjar. Dei hindrar at du blir våt i skoa og vernar buksa på tur.
Sko og skisko
Skoa må vere behagelege å gå med, vasstette og store nok. Høge turstøvlar er å tilrå fordi dei reduserer faren for overtråkk og gir god støtte til foten. Merk at terrenget er viktig for kva sko du bør velje. I myrete terreng er støvlar gode, medan i stein og ur bør du ha sko med god ankelstøtte. På kortare turar på god sti og grusveg med lett sekk kan du gjerne gå for lågare sko. Beina hovnar noko opp i løpet av ein dag, og det er derfor lurt å velje eit skonummer større enn til vanleg. Då kan du òg leggje inn ein ekstra ullsole eller støttesole. I tillegg vil ein sko som er romsleg, isolere betre enn ein sko som er trong, fordi luft isolerer. Spesielt på vinteren og i skisko er dette viktig.
Les meir om sko og kva du bør tenkje på når du vel sko.
Dette bør ei god turjakke ha
- hette
- med moglegheit for å stramme til
- gjerne stor nok til at du kan ha ein hjelm under
- glidelås eller anna opning for å kunne lufte i halsen
- borrelåsklaff utanpå glidelåsen (tryggleik om glidelåsen skulle ryke)
- lommer som ikkje er i vegen når du går med sekk
- moglegheit for stramming ved handleddet
- ventilering under armar
- god impregnering (dersom jakka ikkje er vasstett)
- plass til fleire lag med klede under (vel stor nok jakke)
Vel ei jakke som har ei stor og god hette. Då får du godt le når det er mykje vind, og har plass til ei stor lue eller ein hjelm under hetta. Hetta bør kunne regulerast både i nakken og framme ved ansiktet.
Les meir om vinterpåkledning.
Tekst: Gina Wigestrand, Snuitide (2021)