Når vi skal kle oss for tur, tek vi utgangspunkt i vêr, vind, temperatur og aktivitetsnivå, og kler oss etter fleirlagsprinsippet: eitt lag med undertøy, eitt eller fleire mellomplagg og eitt ytterplagg. Fleire lag med klede gir større moglegheit til å fjerne eitt eller fleire plagg og på den måten tilpasse varme- og vernebehovet etter forholda. I tillegg vil det danne seg luftlommer mellom kleda, noko som vil verke isolerande.
Inst – absorberande/fukttransporterande lag
Det inste laget – undertøyet – skal absorbere sveitten og transportere fukt vekk frå kroppen. Klede av bomull eignar seg dårleg fordi absorberingsevna er god, men fukttransporten dårleg. Med bomull inst blir du fort våt av sveitte, og vått undertøy er ikkje kjekt å gå med.
Syntetisk undertøy, eller superundertøy, har veldig god fukttransport og blir mindre vått enn ull. Det isolerer derimot dårleg når det er vått. Det finst blandingar av ull og polyester, som gir gode fukttransporterande eigenskapar, men desse luktar fort sveitte. Ull har ikkje like god fukttransport som syntetisk undertøy, men held på varmen sjølv om ho er våt. Ull og syntetisk undertøy er derfor å tilrå.
Helsetrøyer er gode fordi dei har mange hòl. Hòla skaper luftlommer og isolasjon, og sveitte blir transportert vidare til neste lag i staden for å bli verande rett mot kroppen. Dette er spesielt viktig i kaldt vêr. Trøyene finst i syntetmateriale og ull.
Vel sokkar som i hovudsak består av ull. Då luktar dei mindre og held lenger før du må byte sokkar. Det kan vere lurt med noko polyester i sokkane, slik at dei er meir slitesterke og toler meir.
Kvifor ull?
Ein av dei største fordelane med ull er at det har relativt god fukttransport og har god isoleringsevne også i våt tilstand. Grunnen er at ullfibrane ikkje kollapsar når dei er våte, og at dei held på mykje luft. Luft er som kjent god isolasjon.
Ull er motstandsdyktig mot skit og toler derfor lengre bruk mellom kvar vask enn andre fibrar. Ullklede luktar også mindre ein polyesterbaserte tekstilar. Ulempa er at noko ullundertøy kan vere litt stivt mot huda.
Mellom – varmeregulerande lag
Neste lag skal regulere varmen. Fleire mellomlag kan vere nødvendig om det er kaldt, spesielt dersom vi sit i ro. Prinsippet er at fleire tynne lag er betre enn eitt tjukt. Det isolerer betre og gjer det lettare å regulere varmen ved at vi kan ta av og på plagg. Mellomlaget skal òg absorbere og transportere fukt vidare vekk frå kroppen. Det kan vere lurt å velje plagg som er lette å «lufte ut». Det er ein stor fordel å kunne lufte i halsen ved til dømes å ha eit plagg med glidelås. I aktivitet er det ofte ikkje nødvendig med mellomlag fordi kroppen produserer så mykje varme. På tur med sekk eller pulk er det om å gjere å «kle på seg så lite ein tør» under jakka, for å ikkje bli sveitt og våt med ein gong. Også her står valet mellom ull og syntetiske materiale. Ei ulltrøye eller ulljakke varmar godt, men blir òg fort våt.
Det er lurt å kunne trekkje på seg eit tørt mellomlag, eller skifte det inste laget etter at turen er over, for ikkje å gå med vått tøy.
Ytst – vindtett og vasstett lag
Det ytste laget skal verne oss mot vêret – vind, sol, snø og regn. Det er ofte vind i fjellet, og luft i rørsle avkjøler oss raskare enn luft som står i ro. Jakka og buksa må som eit minimum vere vindtette. Samtidig er det ein fordel at kleda ikkje er heilt tette, slik at fukt slepper ut. Her har bomulla eigenskapar som gjer at ho er overlegen membramprodukt som goretex.
I minusgrader og klarvêr kan membranplagg som goretex bytast ut med bomull. Ein bomullsanorakk eignar seg veldig godt i kaldt klima. Han pustar godt og har ofte ei god hette med pelskrage som vernar mot vêr og vind.
I regn kjem derimot bomullsplagg til kort, ettersom dei blir fort våte og tørkar dårleg. På vinteren, i kaldt klima, er klede av bomull gode, då dei ikkje blir våte så fort. Membranklede som goretex-jakker og -bukser har ofte gode lufteopningar både under armar og langs beina som kompenserer for at dei ikkje pustar så godt.
Oljehyre er det einaste plagget som held heilt tett, men det pustar til gjengjeld ikkje i det heile og er derfor ikkje tilrådeleg så lenge du er i aktivitet. Ei vanleg regnjakke vil fint gjere nytta når det regnar, du må ikkje kjøpe den dyraste jakka i butikken når du går tur.
Hovud, hals og hender er stader der vi fort blir kalde, og bør vernast mot kulde og vind. Sjølv på sommaren må lue og vottar vere med på høgfjellet. Her er ull, spesielt på halsen, ein god idé. Viss det blæs mykje og du må trekkje halsen over ansiktet, vil han bli våt av all fukta du pustar ut. Ull vil kjennast mindre stivt og kaldt enn kunstfiber. Vottar er betre enn hanskar fordi fingrane kan varme kvarandre. Vottar i fleire lag, overtrekksvottar med tova ullvottar inni, er betre enn vanlege fôra vottar. Desse vottane blir varmare (lag-på-lag-prinsippet) og er dessutan lettare å regulere (du kan bruke berre éin av vottane) og enklare å tørke om dei blir våte.
Tekst:
- Gina Wigestrand, Snuitide (2021)