Innhald
- Varmetap – kva skjer eigentleg?
- Artiklar om varmeproduksjon og varmetap
- Mytar
- Kvifor er ull så bra?
- Alternativ video om påkledning
Varmetap – kva skjer eigentleg?
Sjå for deg ei gryte med vatn som koker. Dette vatnet kan bli kaldt på fleire måtar:
- La gryta stå utan lok. Mykje av vatnet vil då fordampe, og vatnet i gryta blir kaldare.
- Gryta vil gi frå seg stråling (på same måte som det stråler varmt frå ein omn).
- La gryta stå på kjøkkenbenken. Lufta og kjøkkenbenken vil gjere vatnet kaldare fordi lufta og benken er kaldare enn vatnet i gryta. Dette blir kalla konduksjon – eller varmeleiing på godt norsk.
- Set gryta i rennande vatn, så vil avkjølinga gå endå fortare.
På same måte kan vi miste varme gjennom
- sveitting – fordamping
- varmestråling frå kroppen – radiasjon
- varmeleiing bort frå kroppen når vi er i kontakt med eit kaldare underlag eller luft – konduksjon
- kald vind eller rennande vatn – konveksjon
Lufta vil kjøle oss ned så lenge ho er kaldare enn oss. Konduksjon, eller varmeleiing, skjer fordi alt gir varme til det som er kaldare rundt seg. Varmt vatn i dusjen gjer oss varme fordi vatnet gir varme til kroppen vår. Det kjem stadig nytt varmt vatn, og kroppen får «påfyll» av varme. Kald vind gjer oss kalde fordi vinden «stel» varme frå oss. Jo meir vind, dess meir ny luft som kan «stele» varme.
Artiklar om varmeproduksjon og varmetap
Mytar
Nei, det stemmer ikkje at 90 prosent av varmen forsvinn gjennom hovudet. Men hovudet har ei relativt stor overflate, som ofte ikkje er like godt tildekt som resten av kroppen. Dermed vil mykje av varmen forsvinne frå hovud og hals. På tilsvarande vis, seier Wiggen, vil varmetapet vere stort frå beina om du går med ein tynn tights og ei stor dunjakke på overkroppen (Lein, 2020).
Kvifor er ull så bra?
I korte trekk:
- Ull varmar sjølv når ho er våt.
- Ull luktar lite.
- Ull held seg rein lenger.
- Norsk ull har lang levetid.
- Merinoull er mjuk og kløfri, men får fort hòl.
- Ull brenn dårleg.
- Ull vernar mot ein del kjemikaliar.
- Ei gammal trøye er like god som ei ny.
Vi høyrer stadig at «ull er gull», og at ull er det beste vi kan velje som isolasjonsplagg. Kvifor er det eigentleg slik?
Saueull har vore brukt til klede sidan vikingtida, og i opne vikingskip hadde vikingane vovne ullteppe som dei kunne trekkje over seg når dei skulle kvile. Kvifor? For det første hadde dei tilgang på ull fordi dei hadde sauer som husdyr, og for det andre fann dei ut at ulla også varma når ho var våt. I eit ope skip på havet er det éin ting som er sikkert, og det er at det blir vått. I motsetning til mange andre fibrar har ullfibrane den same strukturen sjølv i våt tilstand, og dermed beheld dei isolasjonseigenskapane sine. Grunnen er at ullfibrane ikkje kollapsar når dei er våte, og at dei held på mykje luft. Luft er som kjent god isolasjon.
Ull frå norske sauer er òg veldig slitesterk og toler mykje. I nyare tid har merinoull frå sauer på New Zealand blitt veldig populær, fordi ho klør mindre og er mjukare mot huda. Ulempa er at ho toler mykje mindre enn ull frå nordiske sauerasar, for fibrane er tynnare og ikkje like sterke.
Andre fordelar med ull er at ho luktar lite og trekkjer til seg lite skit, på grunn av fiberoverflata. Sjølv med berre 20 prosent ull vil plagget lukte mindre (Klepp & Tobiasson 2020). Den tjukke ulla (som mange synest klør) har veldig lang levetid fordi ho er så slitesterk. Ull brenn dessutan dårleg og vil vere eit godt val i staden for ein fleecegenser rundt bålet. I tillegg vernar ull mot ein del kjemiske gassar. I Noreg blir ikkje sauene behandla med miljøskadelege kjemikaliar.
Det er ingen forskjell på eigenskapane til ei ulltrøye som er tjue år, og ei som er heilt ny. Den største forskjellen vil gjelde farge og passform, men for sjølve bruken vil ei gammal trøye vere minst like god som ei ny.
Alternativ video om påkledning
- Fokus på berekraft og billig utstyr
Tekst: Gina Wigestrand, Snuitide (2021)