Uteliv har lange røter i norsk tradisjon. Ungane sprang på fjellet og gjette buskap om sommaren, og på hausten blei det plukka bær og jakta. På vinteren var det vanleg å felle tre til ved. Samane har alltid levd ute, av og med naturen. Atter andre har prøvd fangstlivet på Svalbard. Fellestrekka har vore matauk og hausting: å utnytte moglegheitene naturen gir oss som matkjelde.
Kort om haustingsfriluftsliv
- Hausting av naturressursar er ei av røtene til det vi kan kalle tradisjonelt friluftsliv i Noreg.
- Haustingsfriluftsliv handlar om fiske, jakt og sanking av matressursar frå naturen.
- Allemannsretten gir oss nokre rettar til haustingsfriluftsliv.
- Allemannsretten medfører òg nokre «allemannsplikter», som at hausting skal skje omsynsfullt og varsamt.
- Fritidsfiske i sjøen er ein rett gjennom allemannsretten.
- Ferskvassfiske er lovregulert og krev oftast fiskekort.
- Sanking av sopp, bær, skjel o.l. er òg fritt, men det er viktig å vite kva som er uetelege og giftige artar.
- Jakt er ikkje ein del av allemannsretten.
- Jakt er lovregulert og krev opplæring, godkjenning og jaktrett for området du vil jakte i.
Røtene til friluftslivet
Friluftsliv i Noreg og forståinga av friluftsliv i Noreg tilseier at det er eit mangfald av aktivitetar som alle kan kallast friluftslivsaktivitetar. Tidlegare var det vanleg å snakke om to tradisjonar i friluftsliv: byfriluftslivet og bygdefriluftslivet. Byfriluftslivet var inspirert av europeiske trendar og nasjonalromantikken, medan bygdefriluftslivet var knytt til det å hauste matressursar frå naturen, ofte omtalt som matauk. Fiske, jakt og anna sanking av matressursar frå naturen har vore eit viktig næringsgrunnlag for menneskeslekta gjennom fleire tusen år (Waaler, 2022). Ei av røtene til friluftsliv i Noreg finn vi nettopp i slik tradisjonell hausting og bruk av naturen.
Eit omgrep som blir brukt om denne typen friluftsliv, er «haustingsfriluftsliv». Haustingsaktivitetar som jakt, fiske og sanking er ein viktig del av friluftsliv i Noreg. Sanking blir gjerne knytt til å plukke sopp, bær og grøne vekstar, medan hausting inkluderer alle matressursar og dessutan ikkje-etelege ressursar.
Haustingsretten
Ein av hovudgrunnane til at vi i Noreg kan ferdast i naturen og utøve friluftsliv på den måten vi gjer, er allemannsretten som er lovfesta i friluftslova frå 1957. Haustingsretten til allmenta er nedfelt i friluftslova § 5. Etter denne paragrafen har vi rett til å plukke ville bær, blomar, sopp, røter av ville urter og nøtter i utmark. Merk at når det gjeld ville nøtter, gir haustingsretten oss berre rett til å ete dei på staden. Når det gjeld molter, kan det vere avgrensingar på plukking (ikkje eting) på tydeleg merkt moltebærland i Nordland, Troms og Finnmark (friluftslova, 1957).
Les meir om Friluftslova og allemannsretten (nynorsk).
Haustingsretten gir oss ikkje berre rett til å plukke etelege vekstar, men òg andre naturmateriale. Her seier regelverket at viss du vil plukke med deg stein, mineral, torv, mose, lav, kristtorn, rirkuler, tæger, never og bork, må du først spørje grunneigaren. Du kan likevel ta med deg mindre mengder «naturprodukt av liten eller ingen verdi», til dømes ein stein du finn i naturen, litt mose til ein juledekorasjon, skjel, tang eller døde tre og røter til å lage skulpturar med (Miljødirektoratet, 2021).
Haustingsplikter
Det er viktig å hugse at allemannsretten òg inneber plikter. Allemannsretten seier at haustinga skal skje «hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet». Dette betyr mellom anna at du ikkje skal hauste for mykje, og at du ikkje skal late etter deg unødige spor i terrenget. Det kan òg vere avgrensingar i haustingsretten i verneområde. Unngå å plukke sjeldne artar.
Les meir om Berekraft, sporlaus ferdsel og naturvern (nynorsk).
Fiske i sjø og ferskvatn
Å fiske i sjøen som ein fritidsaktivitet er som ein allemannsrett å rekne. Du har rett til å fiske frå land i utmark og frå land i område som er opne for alminneleg ferdsel, slik som moloar. I tillegg kan du fiske frå båt. Legg merke til at det kan vere lokale fredingsreglar og unntak for sjøfiske, mellom anna knytt til reiskap. Det er òg reglar for minstemål på fisk. Elvemunningar har fredingssoner, og du kan uansett ikkje fiske nærare enn 100 meter frå elvemunningar.
Moglegheita for ferskvassfiske er knytt til lakse- og innlandsfiskelova frå 1992. Ferskvassfiske for barn under 16 år er ein allemannsrett. Dei kan fiske gratis i ferskvatn etter innlandsfisk i perioden frå 1. januar til 20. august. Denne retten gjeld ikkje i vassdrag med laks, sjøaure og sjørøye. Fiskarar over 16 år må løyse fiskekort (lakse- og innlandsfisklova, 1992). Det er grunneigaren som har fiskeretten, og som dermed sel fiskekort. Ofte slår fleire grunneigarar seg saman om kortsal. Også staten kan vere grunneigar. Det er viktig at du set deg inn i dei generelle reglane for innlandsfiske og dessutan dei reglane som gjeld i det området der du har tenkt å fiske. Iblant blir det gitt eigne dispensasjonar for fisking i undervisningssamanheng. På www.inatur.no kan du kjøpe fiskekort for store delar av Noreg.
Fiskeutstyr
For å kunne fiske frå land treng du fiskestong, snelle med sene og eit lite utval slukar eller spinnarar for å komme i gang. Slukar kjem i alle moglege variantar, fargar, fasongar og prisklassar. Det er òg ulike slukar til ferskvassfiske og saltvassfiske. Eit billig alternativ til fiskestong er ein såkalla kasteboks, som lett kan lagast av ein tom hermetikkboks og ein trebit som du festar som eit handtak inni boksen. Knyt fast cirka 20 m sene og snurr ho utanpå boksen. Fest ein sluk i enden, og med litt trening vil du raskt kunne kaste sluken langt ut. Til isfiske trengst ei pilkestikke med sene, ei pilkeskei, ein krok og agn, til dømes maggot eller makk.
Fiskemetode
Ein fisketur utan napp eller fangst blir ofte ikkje ein god fisketur. Er det barn eller unge som skal på sin første fisketur, er det derfor smart å leggje turen til eit område der det er gode sjansar for å få fisk. Slik kan interessa fangast, og grunnlaget for eit aktivt friluftsliv som òg inkluderer fiske, kan vere lagt.
Når fisken først er landa, er det viktig å vite kva vi gjer for å avlive han og lage han til på ein god måte. Dyrevelferdslova seier at tida frå du fangar fisken, til han blir avliva, bør vere kortast mogleg, og fisken må avlivast hurtig og med minst mogleg liding. Mange har nok sett avlivingsmetoden til Lars Monsen, med fleire knyttneveslag i hovudet på fisken. I tillegg bør du bruke kniven og kutte nokre av gjellebogane på fisken slik at han blør i hel. Du kan òg knekkje nakken på fisken. Når fisken er avliva, må han òg sløyast (fjerne innvolar og det som ikkje kan etast) og reinsast så raskt som mogleg, slik at du beheld den gode kvaliteten på fisken. Bruk fisken du fangar, og ikkje fisk meir enn du har bruk for.
Fiskemat på tur
Det å fiske eller på andre måtar hauste frå naturen gir moglegheit for å utforske naturen som matkjelde. Ved å bruke naturen som matkjelde får vi tilgang til kortreist, økologisk og berekraftig mat som anten kan nytast på staden eller lagast til heime. Det gir ein ekstra dimensjon til haustingsfriluftslivet å lage til fisken på tur. Ta gjerne med salt, pepar, andre krydder og tilbehøyr, slik at det er mogleg å lage eit godt måltid basert på fangsten. Fisken kan steikjast, kokast, bakast, røykjast, gravast eller spekjast – variasjonsmoglegheitene er mange!
Annan mat frå naturen
I fjøra og strandsona kan det sankast tang og tare, sniglar, skaldyr og vekstar som trivst på land i litt salthaldige miljø. Pass på å sjekke blåskjelvarselet før du et skjel du har plukka sjølv (Matportalen, u.å.). Det er fordi skjel kan filtrere giftige algar. I skogen og på fjellet kan du plukke bær, ulike plantar og sopp. Det er mange smakfulle plantar som er ukjende for dei fleste. Det er likevel viktig å ha kunnskap om kva artar som er etelege, og kva ein skal halde seg unna. Spesielt om du vil plukke sopp, er det viktig å vite kva som er gode matsoppar, og kva for soppar som kan vere giftige. Det finst òg nokre svært giftige bær og plantar i norsk natur.
Les meir om .
Naturmateriale
På tur i naturen kan vi òg plukke andre naturmateriale, til dømes mose, lav og skjel, for å bruke dei til kunstnariske aktivitetar eller naturfaglege undersøkingar. Sanking av sennegras kan knytast til samisk kultur. Sennegras er ei fellesnemning på ulike artar av storr som blir plukka, tilarbeidd og tørka og deretter kan nyttast som isolasjon i fottøy. Det er vanleg å bruke storr-artane flaskestorr, nordlandsstorr og sennegras. Alle tre er lange storrar som veks i fuktige område.
Les meir om Reindrift og samisk kultur (nynorsk).
Jakt
Jakt inngår ikkje i allemannsretten. Moglegheita for å jakte er knytt til viltlova av 1982. For at du skal kunne jakte småvilt, må du vere over 16 år, ta kurs og bestå jegerprøven, bli registrert i jegerregisteret, betale årleg jegeravgift og dessutan kjøpe jaktkort. Jakt der vi haustar av overskotet frå naturen, er ein viktig tradisjon og friluftslivsaktivitet i mange område. Gjennom jegerprøvekurset vil du få opplæring i lover og reglar. I tillegg vil du lære om etiske dilemma knytt til jakt og få mykje kunnskap om kva for artar det kan og ikkje kan drivast jakt på. Alt vilt er freda dersom ikkje noko anna er bestemt i lova eller ved eigne vedtak, og det er ulike jakttider på dei ulike artane som kan jaktast. Småvilt kan jaktast med rifle eller hagle, og det å meistre skytinga er viktig for ikkje å skadeskyte viltet. Småviltjakt på rype og hare kan utøvast over store delar av landet og er den jaktforma dei fleste blir introduserte for når dei startar med jakt. Ungdom kan delta i opplæringsjakt på småvilt frå det året dei fyller 14 år, til dei fyller 16 år. Deretter krevst opplæring og eige jaktkort (viltlova, 1982).
Ressursane i naturen
Hausting og sanking gir oss mange moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Det å leggje fiske, bærplukking, plantesanking og jakt inn som ein del av turen gir ulike innfallsvinklar til å ferdast i naturen. Denne typen ferdsel krev noko spesifikk kunnskap og nokre økonomiske investeringar. Likevel gir mange av haustingsmoglegheitene ein rimeleg tilgang til smakfulle opplevingar i tett samspel med naturen.
Meir om temaet
Fiske
Jakt
- Slik kommer du i gang som jeger (NJFF nettside)
- Jegerprøven (NJFF nettside)
- Jakttider og fangsttider (Miljødirektoratet nettside)
Sanking og mat frå naturen
Oppgåver
- Kva for aktivitetar tenkjer du på når du høyrer «tradisjonelt friluftsliv»? Grunngi svaret.
- Korleis påverkar allemannsretten moglegheita til å drive haustingsfriluftsliv?
- Planlegg ein tur der aktivitetane skal innehalde haustingsfriluftsliv.
- Samanlikn måten vi bruker naturen på i dag, med måten vi brukte naturen på for hundre år sidan. Kva forskjellar er det?
- Kva forskjellar er det i utstyrsbehov når det gjeld haustingsfriluftsliv og nye aktivitetsformer innan friluftsliv?
Tekst: Elisabeth Enoksen og Inger Wallem Krempig, Snuitide (2022)