- Kva er dei viktigaste eigenskapane til kleda?
- List opp, i stikkordform, kva det er lurt å tenkje på når ein skal kle seg for å vere ute.
- Kva meiner vi med lag-på-lag-prinsippet?
- Gå saman i grupper og kle opp ein i gruppa etter lag-på-lag-prinsippet. Vis og forklar prinsippa til ei anna gruppe.
- Kva stoff (fiber) bør turkleda vere laga av, og kvifor?
- Kva klede er heilt nødvendige å ha med / på seg på ein tur i fjellet som varer i fleire dagar?
- Jobb i grupper, og pakk ein tursekk til ulike turar (dagstur, overnattingstur på hytte, telttur på vinterstid, med meir). Vis dei andre gruppene korleis de har tenkt, og grunngi valet av påkledning.
- Kvar frys vi lettast, og kvifor?
- Kva er spesielt viktig å tenkje på om vinteren når det gjeld påkledning?
- Kva for eigenskapar er viktige for yttertøy?
- På kva måtar går varmetap frå kroppen føre seg?
- Korleis kler vi oss i vinterfjellet for å unngå varmetap? Forklar dei ulike kleslaga.
- Forklar fordelar og ulemper med ulike klesmateriale.
Utforske (heime)
- Veg ein fleecegenser, ein ullgenser og ein bomullsgenser. Legg dei i vatn og vri forsiktig ut litt av vatnet før du veg plagga på nytt. Kva blei resultatet? Kva kan dette seie oss om eigenskapane til plagga?
Ta kurset til DNT
Påkledning og tursekken
Påkledning og utstyr om vinteren
Klede og berekraft
Tekst: Gina Wigestrand, Snuitide (2021)