Snu i tide
Snu i tide
Endring i friluftsaktivitetar (nynorsk)
🚴🏼‍♀️

Endring i friluftsaktivitetar (nynorsk)

Det finst uendeleg mange kjekke aktivitetar vi kan finne på ute – alt frå sopp- og bærplukking om hausten til kajakkpadling og brevandring. Det tradisjonelle friluftslivet der matauk var ein viktig del av det å vere ute, lever framleis i beste velgåande. I tillegg har det komme til nye aktivitetar, som SUP-padling, terrengsykling med elsykkel og kiting.

‣
Innhaldsliste
‣
Kompetansemål

Kort om friluftsaktivitetar

  • Britane sitt inntog i Noreg på 1800-talet utfordra den «norske» måten å bruke fjellet på.
  • Friluftslivet er blitt meir spesialisert og krev meir utstyr.
  • I dag er Instagram og andre digitale flater med på å forme korleis vi ser på og driv med friluftsliv.
  • Deltakinga i friluftsliv er stadig aukande.
  • Verdiar frå tradisjonelt friluftsliv blir tekne med til nye aktivitetar.
I dag treng du mykje utstyr for å klatre i fjellet.
Foto: Stefanos Nikologianis, CC BY 2.0,
I dag treng du mykje utstyr for å klatre i fjellet. Foto: Stefanos Nikologianis, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons
  • Ein del tradisjonelle aktivitetar, som fiske og sanking av sopp og bær, har mista oppslutning til fordel for nyare aktivitetar, som surfing og topptur på ski.
    • Spesielt ungdom er interesserte i nye former for friluftsliv.
  • Forskjellane mellom sosiale grupper og nivået på deltaking i friluftsliv aukar.

Utvikling av friluftslivet

Bynært friluftsliv. Film: Den Norske Turistforening

Friluftslivet er i stadig utvikling, og vi såg allereie på 1800-talet iveren etter å utforske upløgd mark. Bøndene, som hadde gått i fjellet heile livet, blei følgje for dei ville britane som skulle erobre høge og bratte fjell eller skyte ville dyr (Horgen, 2008).

På same måte har friluftslivet i dag ein «wow»-faktor – anten det er å ta bilete av seg sjølv dinglande halvvegs utfor Trolltunga, å krysse ein flik av Sørpolen som enno ikkje er opptråkka, eller rett og slett å padle med oppblåsbar gummibåt frå vatn til vatn. Naturen har ei tiltrekkingskraft, og vi menneske har eit behov for å temje og meistre han som gjer at stadig nye aktivitetar dukkar opp. Til dømes blant surfarane, som har blitt utskjelte for ikkje å ta nok omsyn til fuglelivet, er det mange som er langt over gjennomsnittet opptekne av å ta vare på naturen, hindre forsøpling og leve berekraftig.

Djevelporten, ved Svolvær i Lofoten.
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
Djevelporten, ved Svolvær i Lofoten. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide

Alf Odden (2008) har forska på utviklingstrekk i friluftslivet frå 1970 til i dag, og han finn desse trekka:

  1. Friluftslivet står framleis svært sterkt i den norske befolkninga.
  2. Deltakinga i friluftslivet generelt blir noko styrkt etter 1970, men enkelte tradisjonelle aktivitetar mistar oppslutning.
  3. Veksten i deltakinga er særleg sterk blant grupper som var underrepresenterte i 1970 (kvinner, eldre og folk på bygdene).
  4. Friluftslivet har blitt meir mangfaldig, nye aktivitetar har komme til, og små aktivitetar har vakse seg store.
  5. Friluftslivet blir spesialisert, fleire aktivitetar blir splitta opp i underaktivitetar, og mange av desse krev både spesialutstyr og spesialiserte ferdigheiter.
  6. Endringane er langt større blant ungdom enn i resten av befolkninga.
  7. Rekrutteringa sviktar innanfor enkelte tradisjonelle aktivitetar.
  8. Blant ungdommen er det ein sterk vekst i deltakinga i nye former for friluftsliv.
  9. Det blir større forskjellar innanfor norsk friluftsliv, både på nivået for deltaking og mellom sosiale grupper.
  10. Verdiar frå det tradisjonelle friluftslivet blir overførte til dei nye aktivitetane.

Bruk av naturen

Det er ikkje nødvendigvis berre negativt at aktivitetane i naturen er i utvikling. Likevel er det viktig at vi forstår at vi er gjester i naturen; vi er avhengige av naturen, men han er ikkje avhengig av oss.

Nye aktivitetar, som plogging og stisykling med elsykkel, har litt ulike tilnærmingar til naturen. Medan plogging (som er å plukke søppel i naturen medan du joggar) har som mål å ta vare på naturen, er stisykling med elsykkel ein måte å «overvinne» naturen på. Plutseleg er det mogleg å sykle på stader der det før ikkje var mogleg fordi ein no har hjelpemotor. Dette gir auka slitasje på naturen.

På tur med SUP i fjøra. Merk at det er krav til redningsvest når du bruker SUP. 
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
På tur med SUP i fjøra. Merk at det er krav til redningsvest når du bruker SUP. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide

Utvalde friluftsaktivitetar

🧊Brevandring⛸️Turskøyting🧗Klatring

Oppgåver om endring i friluftsaktivitetar

  1. Nemn i korte trekk korleis friluftslivet har utvikla seg sidan 1800-talet.
  2. Kva for friluftsaktivitetar blir rekna som «tradisjonelt friluftsliv»?
  3. På kva måtar har friluftsaktivitetane endra seg?
  4. Kva for nokre positive sider og/eller utfordringar ser du når det gjeld nyare former for friluftsaktivitetar som til dømes kiting, el-stisykling og plogging?

Tekst:

  • Gina Wigestrand, Snuitide (2022)
  • “Turskøyting” Oddvin Lund, Snuitide (2022)
  • “Klatring” Kjersti Gausvik, Norges klatreforbund (2022), omarbeidd av Gina Wigestrand.
‣
Kjelder
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no