Kort om brevandring
- Isbrear er snø som har blitt gjord om til is, og som bevegar seg som ei frosen elv.
- Vi går med tau på bre, for å hindre at vi fell ned i ein sprekk og skader oss.
- Snødekt bre er stader der det er snø over isen.
- Blåis er stader der snøen har smelta vekk, ofte i brefall.
- Isen har ofte ein blå farge, derav namnet blåis.
- På seinvinteren er sprekkane i breen oftast dekte med snø, og vi kan gå på ski oppå breen.
- Brevandring som fritidsaktivitet starta på 1800-talet.
- For å gå på bre treng du utstyr som klatretau, sele, hjelm, stegjern, øks og redningsutstyr.
- Ha alltid med deg breførar når du går på bre, eller bli med på eit brekurs.
Historie
Allereie på 1500- og 1600-talet er det dokumentert ferdsel over brear som Jostedalsbreen og Folgefonna. Først og fremst kryssa folk breane frå aust til vest og motsett for å drive handel. Vegen over breen var kortare enn vegen rundt. Den vesle istida avtok på 1700-talet, og med varmare vêr trekte breane seg tilbake, og det blei vanskelegare å ferdast over dei. På starten av 1800-talet kom fleire og fleire rike engelskmenn på besøk til Noreg. Dei ønskte å oppleve norsk natur og leigde inn lokale bønder som kunne føre dei over brear og opp på fjelltoppar. Nasjonalromantikken kom, og fjellsportaktivitetar blei òg populære i eit stadig aukande norsk borgarskap utover 1800-talet. Tilstrøyminga blei så stor at det blei oppretta eit eige vegvisarvesen for breen, som seinare blei erstatta av Turistforeininga sitt patentførarvesen. Patentførarane var forløparane til dagens breinstruktørar (Horgen, 2008).
Utstyr for å gå på bre
For å gå på bre treng du i hovudsak tre ting:
- nokon som har kompetanse til å gå på bre
- minst tre stykke å gå saman med
- tryggingsutstyr
- klatretau – 50–60 meter (eitt tau per taulag)
- sele
- isøks
- stegjern
- hjelm (viss du skal gå i is)
- 1 karabinar
- 1 skrukarabinar
- 1 stk. 120 cm slynge
- 1 stk. 60 cm slynge eller ei ekspresslynge
- 2 klemknuteslynger
- 1 isskrue
- 1 snøanker
- Viss du skal gå med tung sekk, treng du i tillegg brystsele/kropssele og innbindingsslynge
På bre går vi i tau for å hindre utglidingar og avgrense fall i bresprekkar. Vi bruker taua annleis enn på klatring, fordi vi bevegar oss mest bortover og ikkje så mykje oppover. Først og fremst er kjøtvekta til dei du går i taulag med, viktig. Vekta til dei i taulaget ditt skal bremse deg om du fell. Derfor bør de alltid vere minst fire i taulaget (Haslane, 2008).
Stegjern og isøks bruker vi for å ha best mogleg fotfeste når vi går i is og hoppar over sprekkar. Resten av tryggingsutstyret er for å kunne redde andre dersom dei fell i ein bresprekk, og kunne setje mellomforankringar der det trengst.
Breførarar har lært korleis vi skal redde opp andre frå bresprekkar, og har mykje erfaring med å gå på bre. Derfor vil dei kunne vite kvar det er lurt å gå, og vurdere kvar det kan vere område med mykje sprekkar. I tillegg kan ofte breførarane mykje om breane og naturen rundt. Dermed kan turen bli ekstra spennande.
Å gå på bretur
På snødekt bre skal vi alltid gå i tau fordi vi ikkje ser sprekkane i isen. Når snøen i sprekkane smeltar, kan det bli snøbruer over sprekkane. Er desse tynne nok, vil du falle gjennom. Går du i tau, vil tauet og resten av personane i taulaget hindre at du fell langt ned i sprekken. På blåis, is på bre der snøen er smelta bort, er sprekkane synlege. Det er tilrådeleg å alltid gå i tau på bre, også på blåis. Men det er mogleg å gå utan tau der faren for å skade seg er liten, til dømes på eit flatt område med is, utan sprekkar. Ein grunn til å binde seg ut av taulaget kan vere for å tisse.
På seinvinter/vår kan vi ofte ferdast trygt på ski, utan tau, oppå breen. Dette er fordi sprekkane er fylte med snø. På veg opp breen, opp brefallet, må du gjerne bruke tau også på vinteren fordi sprekkane her kan vere store og vanskelege å forsere (Haslane, 2008).
Breen har sitt eige vêrsystem, og vêret kan skifte fort. Det kan snu frå strålande solskin til sludd og tåke på under ein halvtime. Det er derfor viktig at vi alltid har med kart og kompass på breen og veit korleis vi skal orientere oss.
Korleis isbrear blir til
Brear blir danna ved at det samlar seg snø i eit område som ikkje smeltar før det kjem ny snø neste år. Når det kjem nok snø, vil den nedste snøen bli utsett for så stort trykk at han blir gjord om til is. Isen bevegar seg nedover, mot lågare terreng, som ei frosen elv. I botnen er isen heilt plastisk, som følgje av stort trykk, medan i toppen sprekk han opp. I Noreg blir ikkje bresprekkane meir enn 30 meter, men i polare strøk kan sprekkane bli opptil 100 meter djupe (Liestøl, O., Hagen, J.O. & Nesje, A., 2020).
Brekurs
Dette lærer du på brekurs
Om du har lyst til å lære meir om å gå på bre, bør du ta eit brekurs. Turistforeininga og fleire private firma arrangerer brekurs fleire stader i landet. Det er lurt å velje kurs som er «NF-godkjende». Norsk Fjellsportforum, forkorta NF, har laga ein mal for innhald i mellom anna brekurs og klatrekurs. Går du på eit kurs som er etter NF-standarden, er det klare krav til kva kurset skal innehalde, og til at instruktørane på kurset har den kompetansen dei skal for å halde kurs.
Her kan du ta brekurs
Meir om brevandring og isbrear
Tekst: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)