Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
🚴🏼‍♀️
Endring i friluftsaktivitetar (nynorsk)
/
🧗
Klatring
Klatring
🧗

Klatring

‣
Innhaldsliste

Kort om klatring

Klatring er ein aktivitet som går føre seg i bratt terreng anten innandørs eller utandørs. Det finst ulike disiplinar innanfor klatring. I all hovudsak deler vi inn i tauklatring og buldring:

  • Tauklatring er klatring som krev tau:
    • fjellklatring
    • storveggsklatring
    • klippeklatring
    • isklatring
    • innandørsklatring
    • sportsklatring
  • Buldring er klatring på store steinar eller i låge fjellveggar, utan tau.

Kort om buldring

  • Buldring er ei form for klatring som er lett tilgjengeleg samtidig som det er sosialt og ein fin måte å vere ute i naturen på.
  • Det er ikkje nødvendig med kurs eller mykje spesialutstyr for å komme i gang med buldring. Alt du treng, er klatresko og buldrematte. Dette kan du ofte låne på eit klatresenter eller i ein klatreklubb.
Moderne buldring oppstod i Fontainebleau utanfor Paris i Frankrike.
Foto:
Moderne buldring oppstod i Fontainebleau utanfor Paris i Frankrike. Foto: Giovanni Morelli, CC BY NC ND 2.0

Historie

Buldring var opphavleg ein aktivitet for å trene til klatring i fjellet. I dag driv mange med buldring som ein sjølvstendig disiplin innanfor klatring. Buldring oppstod i USA, Frankrike og Storbritannia tidleg på 1900-talet. Det velkjende Fontainebleau utanfor Paris blei eit knutepunkt for utvikling av buldring som eigen disiplin innanfor klatring.

Amerikanaren John Gill revolusjonerte buldresporten på 1950–60-talet. Han hadde bakgrunn frå turn og byrja å utvikle den dynamiske buldrestilen vi kjenner i dag. Han etablerte mange nye bulder som var vesentleg vanskelegare enn det folk før han hadde klart. Gill blir av mange sett på som den første buldraren, ettersom han dyrka buldring som eigen disiplin og ikkje ei treningsform for fjellklatring.

I dag er buldring ein eigen disiplin i klatring som mange driv med, både innan- og utandørs. Innandørs finst det buldrekonkurransar frå nybyrjarnivå til verdsmeisterskap. Det tøffast graderte buldreproblemet som er klatra, har grada 9A. Det er fleire klatrarar som har klart å gå denne grada. Den finske klatraren Nalle Hukkataivals var først til å foreslå grada 9A. Buldreproblemet heitte «Burden of Dreams», og han gjekk det i 2012.

Utstyr

For å klatre

For å klatre med tau treng du

  • sele
  • taubrems
  • karabinkrok
  • tau

Klatresko og kalk er kjekt å ha, men du kan klatre utan.

For å buldre

For å buldre treng du

  • klatresko
  • buldrematte
    • ein heilt klar fordel
  • børste til å pusse taka med etter at du har buldra
Klatring er ein kjekk aktivitet for store og små.
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Klatring er ein kjekk aktivitet for store og små. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Meir om buldring

Buldreproblem: Betyr at det er ei linje med tak som du må følgje. Buldreproblem er graderte frå 4A til 9A.

Buldregrad: Det finst ulike system. I Noreg bruker vi i hovudsak det franske systemet på bulder. Då graderer vi bulder frå lette til veldig vanskelege. Buldreproblemet får eit tal mellom 4 og 9 i tillegg ein bokstav frå A til C. Det betyr at det finst 5A, 5B og 5C, så kjem 6A, 6B, 6C og så vidare.

Spotting: Når ein person buldrar, vil éin eller fleire personar stå under og passe på slik at buldraren treffer buldrematta om hen skulle falle. Det er spesielt viktig å passe på hovudet.

Buldrematte: Ei matte, forma som ein liten «tjukkas», som du har under bulderet. Ho er der for at du skal kunne falle ned utan å skade deg. Buldrematte blir også kalla crashpad.

Buldreførarar

Buldreførere er ei bok eller nettside der du finn informasjon om buldreproblem og korleis du kjem deg til steinane.

På nett har vi blant anna

  • Oslo
  • Stavanger og omland
  • Bergen
  • Troms
  • Flatanger
  • Jotunheimen
  • Narvik
  • Haugalandet
  • Fredrikstad

Etikk i buldring

  • Når vi buldrar utandørs, er vi i naturen. Der må du ta omsyn til naturen, grunneigarar og andre som er i naturen saman med deg.
  • Børst alltid vekk kalk og «tick»-merke frå bulder du har klatra på.
🖇️
Tilbake til 🚴🏼‍♀️Endring i friluftsaktivitetar (nynorsk)

Tekst: Kjersti Gausvik, Norges klatreforbund (2022), omarbeidd av Gina Wigestrand.

Framsidebilete: Hannah Schwalbe, Public domain, via Wikimedia Commons

Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no