Kort om turskøyting
- Turskøyting er friluftsliv som går føre seg med skøyter på beina på islagde innsjøar og fjordar.
- Utstyr og rutinar gjer at turane kan gå føre seg på ein trygg måte, også på ukjend is over lange avstandar. Naturopplevingar og det sosiale er viktigast.
- Isstavar, ispiggar rundt halsen, kasteline, ryggsekk med tørre klede, og andre i følgjet, gjer turskøyting til ein trygg aktivitet.
- Det viktigaste utstyret er noko å undersøkje isen med.
- Vi må alltid vite om isen ber.
- Spesielle isstavar er best og raskast å bruke.
- Sesongen varer frå oktober til april dei fleste stader i landet.
- Med kunnskap, reiskap og selskap er turskøyting ein trygg aktivitet.
- «Det finst ikkje sikker is, berre sikre skøytarar.»
Historie
Skøyter som kan setjast på støvlar, har blitt brukt på turar lenge, men dei siste tiåra har turskøyter og godt tryggingsutstyr blitt meir tilgjengelege, og bruken har auka. Vi har lært av svenskane, og turskøyting har blitt ein «folkesport» også i Noreg. Dei siste 15 åra har grupper av frivillige kursa og inspirert mange. Oppslag i media er vanlege, og folk flest oppfattar etter kvart at vi med rett utstyr og rutinar kan skøyte trygt, også på tynn is.
Utstyr for turskøyting
Sjå foto.
- turskøyter til å setje på skistøvlar
- stødige skistøvlar
- éin eller to isstavar
- ryggsekk med komplett skift av klede i vasstett pose, hoftebelte og bryststropp
- reim under skrittet til å halde sekken godt på plass
- kasteline/redningsline
- tau med karabinar til å dra fram kasteline
- piggar/broddar med fløyte, rundt halsen eller monterte på skulderreim/bryststropp
- vottar eller hanskar (alltid!)
- hjelm (tilrådd)
- olbogevernarar (tilrådd)
- knevernarar (tilrådd)
- vanlege klede til friluftsliv, med ull inst
Turskøyter er lange og låge. Det gjer dei mykje stødigare enn danseskøyter eller hockeyskøyter. Vi kan gå fleire mil utan å bli veldig slitne. Støvlane sit godt på føtene og gir god støtte rundt ankelen.
Bruk isstav til å vurdere isen. Kjem du ikkje gjennom isen på eitt eller to harde slag, kan du normalt gå vidare. Dette gjeld for alle typar is og også om det er snø på isen.
Å gå gjennom isen skjer sjeldan og er normalt ikkje farleg, så sant du har utstyr og turfølgje. Sekken med klede i vasstett pose gjer at du flyt høgt i vatnet og nokså lett kan ta deg opp med piggane. Får du problem med det, så er kasteline og turfølgje ei ekstra trygging. Det er smart å kaste line til dei som står på isen. Dei kan lett plukke opp lina fordi dei kan flytte på seg, og då har du dessutan festa lina til kroppen allereie. Å feste lina høgt på kroppen/sekken er best. Det er ein stor fordel å ha øvd på dette. Då veit du at meistrar det og unngår panikk.
Hjelm og anna vern er tilrådd. Dei fleste fall hender når du skal av eller på isen. Når isen blir tjukk og det er kaldt i vêret, får isen sprekkar som du kan trakke skøyta ned i. Dette kan også føre til fall, og under slike forhold er det best å ta det med ro og følgje med på sprekkane medan du går. Skadar oppstår, men sjeldan alvorlege skadar. Dersom vi skulle falle bakover, landar vi på sekken og unngår å slå bakhovudet i isen.
Turar på isen, steg for steg
Isen legg seg gjerne områdevis. Det betyr at du må følgje med heile tida og alltid undersøkje når du ser forandringar i isen.
Isen får sprekkar når han veks, men dette svekkjer ikkje isen. Då kan vi sjå at isen er solid. Elles bruker vi isstaven til å sjekke. Det kan også gjerast i fart.
På ny is utan snø kan du også høyre på lyden som skøytene til turkameratane dine lagar. Lyd med høg frekvens fortel at isen er tynn.
Nokre skøytarar går aldri gjennom isen, medan andre kan gå gjennom ein gong kvar sesong. Det er viktig å halde låg fart når du går på tynn is (4–6 cm). Høg fart gjer at isen lettare brest. Ved låg fart oppdagar du også lettare endå tynnare is.
Mange av dei finaste turane skjer på nokså tynn is (5–10 cm). Då er isoverflata godt eigna, og det har enno ikkje lagt seg snø på isen.
Snø på isen smeltar ofte ned, og då blir det danna ny skøyteis.
Dette forlengjer sesongen mykje. Skøyting på ettervinteren krev likevel ekstra merksemd og erfaring. Når sola står høgare på himmelen, blir isen svekt og «ròten». Isen er ofte hard og sterk etter ei klar natt i mars/april, men mjuk og svak utover dagen.
Korleis komme i gang
Det er lurt å gjere seg kjend med islegginga på eit vatn i nærområdet, og teste ut sjølv. Eiga erfaring er viktig, men kurs og fellesturar gir ei rask innføring. Gå saman med kameratar og «les» isen saman. På kurs lærer du om isen, utstyret som trengst, sjølvredning ved plumping og korleis du kan ferdast trygt i gruppe.
Utstyrstips: Ein vanleg ryggsekk på ca. 30–50 liter kan riggast som ein turskøytesekk. Legg eit komplett klesskift i ein vasstett kanopose eller søppelsekk, og monter eller legg ei kasteline i ei sidelomme. Reim til å ha under skrittet held sekken på plass om du hamnar i vatnet. Isstav kan du lage av ein meisel frå jernvarebutikken montert på eit kosteskaft. Turskøyter som blir festa til skoa med reimer eller «snøbrettbindingar», fungerer, men skibindingar/skisko er enklare og meir behagelege å gå med.
Forholda i ulike delar av landet
Fjellvatna får is tidleg på hausten, medan større vatn i låglandet kanskje berre får is når det er ekstra kaldt på seinvinteren. Vatnet må kjølast ned til 4 grader før islegging kan byrje, og dette tek tid. Isen legg seg derfor før på små vatn enn på store.
Område som normalt får lite snø, kan by på god skøyteis i lange periodar. Låglandet på Austlandet har lang sesong. I fjellstrøk kan vi finne flott is tidleg i sesongen, før snøen blir liggjande. Kyststrøk vest- og nordpå kan ha fin is, men ofte berre i korte periodar. Uansett er moglegheitene for å finne god is i Noreg svært gode. Det viktigaste er at turskøytarar følgjer med og varslar kvarandre om god skøyteis.
Organisering i Noreg
Sidan midten av 2000-talet har fleire turskøytegrupper sett i gang kursing og fellesturar. Grupper finn du gjerne på Facebook, og mange turskøytarar er tilknytte Skridskonätet (skridsko.net), som er ein kommunikasjonsplattform for turskøytarar i Nord-Europa, driven frå Sverige.
Når snøen ligg, kan det vere eit alternativ å skøyte i brøytte baner på vatna, noko som etter kvart finst fleire stader.
Informasjon på nett
- Foreningen Turskøyting: https://turskoyting.no/
- Norsk Friluftsliv: https://norskfriluftsliv.no/se-ekspertens-tips-til-trygg-turskoyting/
- DNT Oslo og omegn: https://www.dntoslo.no/turskoyting/
- Turskøyting på Østlandet (facebookgruppe)
- Foreningen Turskøyting (facebookside)
- DNT Vansjø Turskøytegruppe (nettside)
- DNT Vansjø Turskøytegruppe (facebookgruppe)
- DNT Turskøyting Bergen (nettside)
- DNT Turskøyting Bergen (facebookgruppe)
- Turskøyter Hole og Ringerike (facebookgruppe)
- Smaalenene Tynn Is & Tur Skøytegruppe (facebookgruppe)
- Stålisgruppa – Trøndelag (facebookgruppe)
- Stålis – Israpportside Nordland (facebookside)
- NaturIS DNT Fjellsport Sandefjord: https://www.facebook.com/groups/1443910929028360
- Varsom.no (NVEs informasjon om is): www.varsom.no
Tekst: Oddvin Lund, Snuitide (2022)