Kva verdi har eigentleg friluftsliv? Er det å vere ute viktig for oss som menneske? Er det sunt? Kva skal til for at du og eg får gode naturopplevingar når vi er ute? Og er samarbeid ein viktig faktor for å få til ein bra tur?
Friluftsliv er først og fremst eit motstykke til mykje av det vi elles driv med. Den travle kvardagen, sosiale medium og den utopiske ideen om at alt skal vere perfekt, kjem i bakgrunnen når vi er ute. I naturen kan du oppleve ro. Om du har tid …
Kort om naturopplevingar
- Frå gammalt av blei naturen brukt til nytteformål.
- Då engelskmenn gjorde sitt inntog i den norske fjellheimen på 1800-talet, var opplevingar ei viktig drivkraft.
- Det å søkje spenning og «overvinne» naturen er viktig for mange som driv med friluftsliv i dag.
- Også denne trenden kom med engelskmennene.
- Forsking viser at det å vere ute i naturen er bra for både den fysiske og den psykiske helsa.
- Noko av det vi kjenner på i naturen, er opplevinga av estetikk, ro og harmoni, eksistensiell bevisstgjering, fellesskap, samanheng i tilværet, fridom og mystikk.
- Det kroppslege, som fysisk slit og det å kjenne roa du får når du nyt ei vakker utsikt, er viktig for opplevingane våre i naturen.
- Det relasjonelle, som samhøyr med naturen, er an annan viktig dimensjon.
- Dårleg vêr, som tåke, og det å fryse i soveposen er òg naturopplevingar.
Naturoppleving
Naturoppleving er eit flott ord, samansett av to ord som passar svært godt saman: natur og oppleving. Eg blir varm om hjartet og lengtar ut når eg høyrer snakk om dette spennande og forlokkande omgrepet. For kven vil vel ikkje kunne seie at dei har hatt naturopplevingar? Og då helst gode, for det er dei gode opplevingane vi dyrkar. Dei gode opplevingane som bidreg til danning og auka livskvalitet. Ifølgje mange ekspertar er det å komme seg ut i naturen eit grunnleggjande behov for oss menneske.
Men å få tak på kva dette naturoppleving-omgrepet eigentleg betyr, er ikkje så lett. Ein kan sjølvsagt skrive det om til «oppleving av, i og gjennom natur», og sjå på kva som ligg i oppleving, og kva som ligg i natur. Natur er eit gammalt omgrep som vi finn heilt tilbake i antikken. Store norske leksikon har ei relativt kort og grei forklaring: «Natur, i videste forstand den del av virkeligheten som ikke er bearbeidet av mennesket, men fremkommet ved organisk utvikling; det motsatte av kultur.» Natur stammar frå det latinske natura, som betyr «fødsel», og nasci; «fødast», «oppstå» (Store norske leksikon). Oppleving er derimot ikkje like lett å få tak på, for ei oppleving er av subjektiv karakter og kan følgjeleg variere frå person til person. Ifølgje Store norske leksikon på nett er oppleving: «… innholdet av en persons subjektive erfaring, enten det henger sammen med ytre sansepåvirkning (persepsjon), emosjonell tilstand (følelse), tankeprosesser, motivasjon o.a.» Vi kan dermed seie at opplevingar er knytte til erfaringar, og når det gjeld omgrepet naturoppleving, vil då sanseinntrykk og persepsjon – altså oppfatning – vere av sentral betydning.
Eg ønskjer å dvele litt rundt dette omgrepet og reflektere over betydninga av desse naturopplevingane og merksemda som har blitt retta mot friluftsliv dei siste åra. Kva betydning hadde friluftsliv før? Og dreiv ein og samla på naturopplevingar då? Samfunnet har endra seg, men kvifor har vi plutseleg blitt så opptekne av opplevingane no? Er eigentleg folk så opptekne av desse opplevingane naturen gir oss? Og kvifor er desse opplevingane så bra? Er dei erfaringane vi gjer oss ute i naturen, overførbare til det hektiske dagleglivet, eller er rekreasjon ganske enkelt eit mål i seg sjølv? Eg har mange spørsmål og få svar, men refleksjonar treng heldigvis ikkje å ende i nokon konklusjonar som helst.
Som dei fleste veit, dreiv vi ikkje friluftsliv i Noreg frå gammalt av. Det var ingen som tenkte på at det å gå mange dagar i fjellet og sove kald og gjennomvåt under ein steinheller var noko ein gjorde av omsyn til opplevinga. Måtte ein ut i den ville naturen, var det for nytteformål – anten det var å gjete buskap, å ro over fjorden for å byte korn eller å frakte dyr over breane (som ofte var den kortaste vegen). Det var tronge kår i Noreg, og dei fleste måtte jobbe heile dagen for å skaffe seg mat for å overleve. Då tenkjer ein ikkje på å gå tur. Men det gjorde dei i England. Dei fine engelske herremennene som hadde meir pengar enn godt var, og så mykje fritid å slå i hel at dei rastlause fingrane klirra i tekoppane til dei stakkars konene deira heldt på å bli galne, hadde oppdaga «outdoor activities». Dei gjekk med liv og lyst til angrep på fjell og skog og myrar på den britiske øya, for å conquer – «erobre» – spennande fjell og nye toppar. Dei som kjenner dei britiske fjella, veit at Ben Nevis, som er det høgaste fjellet i Storbritannia med sine 1344 meter over havet, ikkje er ei veldig stor utfordring å grei. Med mindre ein vel å isklatre opp ein av fossane til toppen. Det var då nokre av dei oppegåande herrane kom på at Noreg kunne vere ein fin stad å feriere, og på slutten av 1800-talet dukka velståande engelskmenn opp både her og der på Vestlandet. Desse kom utelukkande for rekreasjonsformål, og det var nettopp naturopplevingar dei søkte.
Den britiske tilnærminga til friluftsliv er i vinden som aldri før. Ein skal utfordre seg sjølv, oppleve det nye og ukjende, søkje spenning og gjerne komme heim med ei tøff historie. Vi har blitt eit overskotssamfunn, no har dei fleste både tid og pengar til å oppsøkje naturen. Samtidig er avstanden til naturen større enn han var før. Styresmaktene har kasta seg inn i friluftsdebatten, og i ein rapport frå Miljøverndepartementet prøver ein å beskrive kvifor naturen er så viktig for oss:
Naturen synes å appellere til noe grunnleggende i oss. Den gir oss livsglede, og den hjelper oss til å gjenskape mental balanse når den moderne livsformen sliter for hardt på oss. Eksperter hevder at et liv uten kontakt med natur ikke er sunt for oss (Miljøverndepartementet 2009, s. 14).
Knut Erik Bekkevold har skrive ei masteroppgåve som omhandlar nettopp natur og korleis vi opplever naturen. Han har funne sju hovuddimensjonar når det gjeld kva meining folk legg i sjølve opplevinga. Desse er opplevinga av
- estetikk,
- ro og harmoni
- eksistensiell bevisstgjering
- fellesskap
- samanheng i tilværet
- fridom og mystikk
(Bekkevold, 2008).
Tordsson seier:
Naturopplevelse er samtidig å oppleve seg selv i og gjennom situasjonene. Å oppleve natur er å oppleve hva det er å være i natur (Tordsson 2003, s. 404).
Han meiner at eiga oppleving av natur like mykje er å oppleve seg sjølv i samhandling med natur, og kanskje oppleve seg sjølv annleis i kraft av å vere i eit naturmiljø.
Turforteljingane i dette landet er mange, og dei strekkjer seg tilbake til då britane kom for å vandre i dei flotte fjella våre. Sjølv om skildringane er mange og aktivitetane og måla ulike, finn vi igjen det kroppslege og relasjonelle (Miljøverndepartementet 2009).
Kroppslig er det for eksempel gleden ved å bruke kroppen og oppleve fysisk slit. Det er roen i kroppen, det å være avslappet, ha en annen rytme enn i hverdagen ellers som synes sentralt. Relasjonelt er det for eksempel opplevelsen av helhet, samhørighet med naturen, naturens storhet som går igjen (Miljøverndepartementet 2009, s. 65).
Dette er ei skildring eg kjenner meg inderleg godt igjen i. Naturen er for meg ein fristad, eit forlokkande land eg søkjer så ofte eg kan. Og det er naturopplevingane eg jaktar, dei gode kjenslene, samspelet, tilhøyrsla og ikkje minst roa.
Til slutt vil eg poengtere at det er erfaringane vi gjer oss når vi er ute i naturen, som dannar grunnlaget for opplevingane våre. Opplevingane blir dermed ikkje reduserte til den fine solnedgangen på Hardangervidda eller kjensla av lykke når ein cruisar pudder på veg ned frå ein topp. Det er litt meir. Å liggje vaken og fryse ei heil natt i telt, å kjenne seg liten i whiteout på ein bre med null haldepunkt, og å kjenne på slitne føter som har gått ein heil dag, er òg naturopplevingar. Kanskje er desse faktisk vel så viktige som dei første, fordi opplevingane òg har ein nytteverdi for oss utover det at vi kjenner oss bra?
Tekst
- Gina Wigestrand, Snuitide (2022)
- «Oppgaver og friluftslivets betydning»: Åse-Torill Knarlag, NDLA (CC-BY-SA), omarbeidd av Gina Wigestrand (2022)