Vi har på oss klede for å halde varmen. Yttertøyet vernar oss i tillegg mot vêr og vind. På tur kan det bli kaldare og meir vêr enn vi er vane med heime i byen. Derfor er det smart å ha på klede som fungerer best mogleg i det miljøet vi skal vere i. Manglande eller feil klede kan gjere turen til ei dårleg oppleving og i verste fall vere farleg.
Er vi tørre, er det lettare å halde varmen. Dekkjer vi oss i tillegg godt til der huda er tynn, har vi gjort endå eit lurt grep for å halde på varmen kroppen produserer. På tur er funksjonen til kleda viktigare enn korleis dei ser ut.
Forslag til konkretisering av kompetansemål er skrevet av Gina Wigestrand, redaktør av Snuitide. Dette er ment som en hjelp til å tydeliggjøre hva kompetansemålene rommer innen de ulike temaene. Lærere står fritt til å bruke disse eller lage sine egne.
Å kle seg på tur
Kort om påkledning
- Ull er gull (og luktar betre enn syntetiske fibrar).
- Kle deg i mange lag, så regulerer du varmen betre.
- Klede skaper ikkje varme, dei held på varmen.
- Våte klede held dårlegare på varmen enn tørre.
- Er du kald, er det beste du kan gjere for å få varmen, å bevege deg.
- Ytterkleda må vere vasstette.
- Hugs lue, hals og vottar (her forsvinn varmen raskt).
- Lån, leig eller kjøp brukt.
- Tenk over kva du faktisk treng, før du kjøper.
- Reparer klede som går sund.
- Vel klede som er haldbare og funksjonelle, ikkje dei som ser kulast ut.
Korleis skal vi kle oss?
Kle på deg lag på lag. Då kan du lettare regulere varmen ved å ta av og på plagg. I tillegg vil du varme opp luft mellom plagga, noko som fører til betre isolering.
Ha på lue. Varm luft stig oppover, og mykje varme forsvinn frå hovudet. Tett inntil huda på hovudet og halsen har vi òg mange blodårer som gir mykje varme.
Vi må ha på meir klede når vi sit i ro, enn når vi beveger oss, for kroppen produserer mindre varme når vi er i ro. Ein god regel er derfor å alltid kle på deg med ein gong du tek pause.
Varmetap
Kroppen produserer meir varme når vi er i aktivitet, og det er denne varmen vi skal regulere med kleda vi har på oss.
For mykje klede eller klede med dårlege pusteeigenskapar fører til at vi etter kvart blir våte av sveitte, noko som gjer at kroppen blir kjølt ned, på same måte som med for lite klede. Kroppen bruker mykje energi på å få fukt frå klede på kroppen til å fordampe.
Når vi set oss ned med fuktige klede, blir det blir fort kaldt fordi vi då ikkje produserer like mykje varme og kroppen bruker mykje energi på å tørke kleda våre.
Vi ønskjer alltid å vere så tørre som råd, for det gjer det lettare å halde varmen. På same måte føretrekkjer vi ofte eit bad i vatn for å kjøle oss raskt ned.
Vi mistar fortare varmen der blodårene ligg tett inntil huda, som på hender, føter, hovud og hals. For å forhindre stort varmetap i beina viss vi skal gå på snø og is, må vi derfor kle oss ekstra varmt på føtene. Er det mykje vind, må vi ha vindtette klede og lue og vottar for å verne kroppen.
Korleis vi mistar varme, er avgjerande for korleis vi kler oss.
Vi mistar varme ved at
1) vi sveittar – fordamping
2) kroppen gir frå seg varme fordi energi vil stråle frå eit varmt område (kroppen) til eit kaldare område (lufta) – varmestråling
3) vi er i kontakt med noko som leier vekk varme (vatn, snø, ein kald stein, kald luft) – varmeleiing
4) kroppen gir frå seg varme til noko som er i rørsle, typisk vind og rennande vatn – strøyming.
Klede og berekraft
Dei aller fleste har klede som er brukbare for friluftsliv, i skapet heime, og treng ikkje å kjøpe noko nytt. Men det avheng sjølvsagt av kva type tur vi skal på. Det er viktig å tenkje over kva utstyr vi treng å kjøpe til oss sjølve, og kva vi kan låne. Til dømes vil ikkje så mange synest at det er kjekt å låne undertøy av andre, medan det går heilt greitt å låne ein varm genser, ei bukse eller eit par sko.
Skal du vere mykje ute, bør du tenkje deg om når det gjeld kva du ønskjer å investere i. Eit innerlag mot kroppen, eit mellomlag, vasstett yttertøy og dessutan sko vil vere ei god byrjing. Alt dette finst rimeleg brukt. Finn.no er ein god stad å starte. Les meir om å låne, leige eller kjøpe brukt.
Kva treng du eigentleg?
Klesproduksjon krev mykje ressursar og er ikkje spesielt berekraftig. Å redusere talet på plagg i klesskapet og å kjøpe brukt i staden for nytt er derimot berekraftig, fordi vi då ikkje treng å produsere like mykje klede.
- Treng du verkeleg det du har tenkt å kjøpe?
- Lån, byt eller kjøp brukt.
- Sjekk kvaliteten på kleda (billig er ofte, men ikkje alltid, lågare kvalitet).
- Vel berekraftige materiale; syntetiske stoff spreier mikroplast.
- Reparer det du kan, i staden for å kaste og kjøpe nytt.
- Resirkuler utslitne klede (Fretex og UFF tek imot klede).
Tips til meir miljøvennlege turklede:
Meir om påkledning
Oppgåver
Å kle seg på tur
Tekst:
- Gina Wigestrand, Snuitide (2021)
- «Slik kler du deg i kulde fra topp til tå»: Christina Benjaminsen (2021) BY-NC-ND
Bay, E.G. (2014, 29. september). Bekledning i friluftsliv – hva bør du bruke? [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=m4smBFVAV-c
Benjaminsen, C (2021, 17. februar). Slik kler du deg i kulde – fra topp til tå. Sintef. Henta frå: https://www.sintef.no/siste-nytt/2021/slik-kler-du-deg-i-kulda-fra-topp-til-ta
Bjerkeli. J.E. (red.) (1998). Friluftsliv i vinterfjellet. Oslo. Norges KFUM-speidere
Den Norske Turistforening. (2013, 13. desember). Slik kler du deg for vinterturen [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=cxavXTtJnKc
Den Norske Turistforening. (2013, 13. desember). Bekledning i friluftsliv – hva bør du bruke? [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=cxavXTtJnKc
Ertzeid, H. (2019). Slik blir du mer miljøbevisst når du handler klær. Oslo Met. Henta frå https://forskning.no/forbruk-klima-oslomet/slik-blir-du-mer-miljobevisst-nar-du-handler-klaer/1596058
Furuly, C.D., Kjeldsen, R. & Rolseth, B.E. (2019). Bekledning på tur. NDLA. Henta frå https://ndla.no/subject:13/topic:1:184909/topic:1:184914/topic:1:184880/resource:38114933-17d0-4a8e-a277-5239229667d3
Grande, J.V.L. (2010). Utstyr og bekledning. I Blystad, J.T. (red.), Turlederboka (s. 67–83). Oslo. Den Norske Turistforening
Hauge, A. (2018, 27. desember). temperaturregulering. Store Norske Leksikon. https://sml.snl.no/temperaturregulering
Helle, K. (2020). Slik blir klærne dine mer miljøvennlige. Fremtiden i våre hender. Henta frå https://www.framtiden.no/gronne-tips/klar/slik-blir-klarne-dine-mer-miljovennlige.html
Johansen. B.H.S. (2021, 12. januar). Naturveilederen. [Videoklipp]. Henta frå https://www.facebook.com/Naturveilederen/videos/702959627074291
Klepp, I.G. & Tobiasson, T.S. (2020). Lettkledd: Velkledd med lite miljøbelastning. Solum bokvennen
Lein, M. (2020). Du mister ikke mer varme fra hodet enn fra andre kroppsdeler. NHI. Henta frå https://nhi.no/livsstil/egenomsorg/du-mister-ikke-mer-varme-fra-hodet-enn-fra-andre-kroppsdeler/
Nerdrum, C. (2019). SLIK FOREBYGGER DU FORFRYSNING OG FROSTSKADER. Utemagasinet. https://www.utemagasinet.no/ekspedisjon/ekspedisjonsskolen/slik-forebygger-du-forfrysning-og-frostskader
NHI (2016). Varmeproduksjon og temperaturregulering. Hentet fra https://nhi.no/kroppen-var/funksjoner/varmeproduksjon-og-temperaturregulering/?page=all
Norsk Fjellmedisinsk Selskap (2020, 11. oktober). Hypotermi: Håndtering. Henta frå http://fjellmedisin.no/2020/10/handtering-av-hypotermi/
NRK (u.å.) Ullundertøy. [Videoklipp]. Henta frå https://players.brightcove.net/4806596774001/BkLm8fT_default/index.html?videoId=5796113714001
NRK (u.å.) Goretex-klær. [Videoklipp]. Henta frå https://players.brightcove.net/4806596774001/BkLm8fT_default/index.html?videoId=5796132122001