Folkehelse og livsmeistring I biologi handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om få kunnskap om fysisk helse og kompetanse til å gjere kunnskapsbaserte val knytte til eiga helse. Det handlar òg om korleis sjukdommar og andre helseutfordringar i samfunnet kan førebyggjast og behandlast. Vidare handlar det om dei moglegheitene genteknologi og bioteknologi kan gi for folkehelsa. Dessutan handlar folkehelse og livsmeistring i biologi om at naturopplevingar òg har betydning for folkehelsa. Berekraftig utvikling I biologi handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis klimaendringar og bruk av naturressursar påverkar økosystem og endrar livsvilkåra for organismane. Vidare handlar det om etiske dilemma knytta til korleis menneskeleg aktivitet påverkar det biologiske mangfaldet, og om korleis biologisk kompetanse kan bidra til ei meir berekraftig forvalting av naturen og naturressursane.
- planleggje og gjennomføre undersøkingar, samle, behandle og tolke data, og presentere resultat og funn - gjere greie for korleis utvalde reguleringsmekanismar styrer homeostase hos mennesket, og undersøkje korleis livsstil kan påverke disse mekanismane - utforske abiotiske og biotiske faktorar i eit økosystem, drøfte samanhengar som forklarer det biologiske mangfaldet og reflekter over naturens eigenverdi - utforske kva konsekvensar endringar i klima og arealutnytting kan ha for det biologiske mangfaldet, og drøfte tiltak for ei meir berekraftig forvaltning
- utforske ei biologisk problemstilling, analysere innsamla data, argumentere for val av metodar og drøfte resultat og funn - utforske faktorar som regulerer vekst i og storleiken på populasjonar, og drøfte interessekonfliktar rundt forvaltning av populasjonar - drøfte korleis menneskeleg aktivitet påverkar krinsløpa, og utforske tiltak for å vareta dei - utforske korleis evolusjonære prosessar påverkar genlageret til populasjonar, og samanlikne ulike mekanismar for artsdanning