Innhald
- «Korleis er vêret no?»
- Det store reknestykket
- Vêrvarsel frå internett
- Kvifor varslar dei ulikt?
- Sterke og svake sider ved automatisk vêrvarsling
«Korleis er vêret no?»
Oppgåva til meteorologen er kort sagt å finne ut korleis vêret er no, og bruke det til å kunne føreseie korleis vêret blir. Heldigvis har vi utvikla oss litt frå «sjå ut på horisonten i kikert»-metoden til Tobias i Kardemomme by. I dag har vi «auge» i eit finmaska observasjonsnett over heile jordkloden, og mangfaldige satellittar. All informasjonen herifrå gir eit godt bilete av korleis vêret har vore, og korleis det er no. På korttidsvarsling, med eit estimat for dei neste to–seks timane, kan vi komme veldig langt på denne måten. Vi kan sjå på ein nedbørsradar at «no nærmar nedbøren seg – men kanskje rekk eg heim på sykkelen før regnet tek meg». Dette hjelper oss likevel ikkje med å svare på om det blir fint skivêr i Jotunheimen om fem–seks dagar.
Det store reknestykket
Det har skjedd og skjer framleis ein revolusjon innan moderne meteorologi. Vi kan beskrive åtferda til vêret gjennom eit sett med fysiske lover. Og ved å skrive desse lovene matematisk får vi ein modell (eit enormt reknestykke) som reknar ut korleis vêret oppfører seg. Matar vi dette reknestykket med alle observasjonane frå heile jordkloden og dyttar det heile inn i ei superdatamaskin på storleik med ei sjølvbeteningshytte, kan vi få forslag til korleis vêret blir om eitt minutt, éin time, éin dag eller ti dagar. Resultata av desse reknestykka blir kalla numeriske prognosar, og det er dei som er «råvarene» meteorologane bruker når dei seier noko om vêret neste helg, eller skriv tekstvarsla sine. Det er den same typen resultat som du sjølv finn når du trykkjer på ei vêrteneste på internett (yr.no, storm.no, weatherunderground, pent.no og så vidare). Figuren nedanfor viser ei skisse av prosessen.
Vêrvarsel frå internett
Dei numeriske prognosane inneheld ei enorm mengd detaljert informasjon om ei rekkje atmosfæriske parametrar, som vind og fukt, trykk, og temperatur i alle luftlag. Denne råvara blir brukt som kjelde til å hente ut eller setje opp endå fleire reknestykke for dei vêrparametrane vi som turleiarar er interesserte i: Blir det regn? Kvar kjem vinden frå? Korleis blir skydekket? Desse parametrane blir viste grafisk, gjerne i form av eit meteogram, sjå figuren nedanfor.
Kvifor varslar dei ulikt?
Det finst mange ulike reknemodellar, og sjølv om dei blir betre og betre, kan ingen enno attskape eller varsle vêret perfekt. Avhengig av kva modell, føresetnader og berekning av parametrane som blir brukte, så vil alle kjelder ha sine sterke og svake sider. Når vi ser på vêrvarsla frå ulike kjelder, opplever vi at dei kan vere ulike. Denne skilnaden kan tolkast som uvisse om kva vêret eigentleg blir. Men vi kan på sikt lære oss eller erfare at i dette turområdet, med denne vêrtypen, så plar vêrvarselet på denne nettsida å vere rett. Automatiske vêrvarslingstenester har likevel ei rekkje fellestrekk når det gjeld sterke og svake sider.
Sterke og svake sider ved automatisk vêrvarsling
Sterke sider | Svake sider |
Den generelle vêrutviklinga | |
Vind langs kysten | Vind over land, og kanskje spesielt i fjellet
◦ Varselet kan vere 2–5 m/s under den reelle vindstyrken. |
Trykk | Temperaturvarsel når det er klart og kaldt
◦ Varselet kan bomme 5–10 grader, ofte meir. |
Nedbør og skyer frå større lågtrykk | Nedbør i byesituasjonar
◦ Lokale ettermiddagsbyer er ofte varsla, men modellen kan ikkje seie om det treffer akkurat ditt klatrefelt eller nabofjellet. |
Du kan lese meir om vêrvarsling i Store norske leksikon.
Om vêret
Tekst:
- Martin Qvindesland Grønnevet, Turlederboka (2010)