Innhald
Uttrykk som «stille før stormen» og «no brakar det laus» har begge utspring i vêret. Mange har sikkert opplevd at vinden løyar eller forsvinn og det kan bli nesten «trykkjande» før uvêret bryt laus.
Vi kan seie ein del om vêret ved å følgje med på vind og skyer. Det er òg fleire gamle vêrteikn det er hald i. Verdt å merke seg er likevel at vêrteikn berre har avgrensa gyldigheit. Dei kan ikkje spå vêret langt fram i tid (Andersen og Pedersen, 2013).
Vind
I Noreg er mange vêrteikn knytte til at vêrsystem oftast kjem frå vest. Endringar i skydekket i vest kan altså seie noko om korleis vêret truleg blir det nærmaste døgnet (Andersen og Pedersen, 2013).
Vindretningar blir bestemte ut frå kvar vinden blæs frå. Nordavind kjem frå nord og blæs sørover, sønnavind motsett.
Vestavind
- Austlandet: bra vêr og sol
- Vestlandet til Nord-Noreg: dårleg vêr og nedbør
Austlandet ligg i le for Langfjella, som er fjellrekkja som skil aust og vest sør for Trondheim. Dermed får Austlandet ofte fint vêr når vinden kjem frå vest.
Aust-Finnmark kan òg få bra vêr når det er vestavind med frålandseffekt. Då blæs nemleg vinden frå Finnmark og ut i Barentshavet.
(Pedersen, 2012)
Austavind
- Austlandet: dårleg vêr og nedbør
- Vestlandet og Nord-Noreg: bra vêr og sol
Austavind verkar i hovudsak motsett av vestavind.
(Pedersen, 2012)
Nordavind
- Sør- og Austlandet: bra vêr og sol
- Midt-Noreg og Nord-Noreg: nedbør
- Vestlandet: ein del vind langs kysten
Austlandet ligg mykje i le for dei vestlege og nordlege vindretningane, dermed blir det godt vêr.
Vind frå nordvest gir pålandsvind og nedbør i Midt-Noreg og nordlege fjellområde.
(Pedersen, 2012)
Sønnavind
- Sør- og Austlandet: grått, moglegheit for nedbør
- Vestlandet: ofte nedbør, men nedbøren fordeler seg meir i ytre strøk og ikkje så langt inn i landet
- Nord-Noreg: bra vêr
Med sønnavinden, altså vind frå sør, beveger det seg eit lågtrykk frå Storbritannia. Nedbørsskyer blæs så innover mot Sør- og Austlandet.
Søraustleg vind gir ofte bra vêr i ytre strøk i Nord-Noreg.
(Pedersen, 2012)
Pålandsvind
- Skyer og moglegheiter for nedbør
Vind frå sjøen og mot land blir kalla pålandsvind.
Det er mykje fuktig luft over havet. Når vinden møter land, skal han hevast, og då blir det danna skyer. På sommaren kan det òg komme ein del lokal tåke frå havet når det er pålandsvind (Pedersen, 2012).
På vinteren blir vêret mildt om det er pålandsvind, om sommaren blir det kjølig.
Frålandsvind
- Pent vêr
Vind som blæs frå land og mot sjøen, blir kalla frålandsvind.
Fordi vinden blæs frå land, får vi ikkje fukta inn frå havet. Det gjer lufta tørr og minskar sjansane for nedbør (Pedersen, 2012).
Skyer
Skyer seier òg noko om kva vêr det blir. Låge skyer som tåkeskyer og byeskyer gir nedbør og vått vêr. Det finst òg nedbørsskyer i det mellomste skylaget, som nimbostratus – på norsk blir dei kalla nedbørsskylag. I det øvste skylaget finn vi fjørskyer og makrellskyer (Velle og Gjelten, 2022). Makrellskyer varslar godvêr, medan fjørskyer kan tyde på vêrskifte (Skolelaboratoriet i realfag, u.å.).
Du finn meir informasjon om skyer og kva slags vêr dei varslar, på Miljølæres skyatlas.
Vêrteikn
Ved å følgje med på vêret medan du er ute, kan du leggje merke til mellom anna forandringar på himmelen, vindforhold, lysbryting og nedbør. Kanskje blir skyene plutseleg faretruande mørke? Kjem skodda sigande, eller byrjar det å føykje snø frå fjelltoppane? I gamle dagar var det eigne observasjonar vi måtte stole på, for då fanst det ikkje vêrmelding. Det var derfor eit poeng å sjå etter teikn på vêrskifte.
Her omtaler vi nokre av dei gamle vêrteikna, med ei forklaring på kvifor dei fungerer. Det er verdt å merke seg at vêrteikna seier noko om vêr som skjer i nær framtid, høgst eitt døgn etter observasjonane er gjorde.
«I dag du om sola ser ein stor ring. I morgon du av sola ser ingenting.»
«Ring rundt månen varslar om vêrskifte, snø eller annan nedbør.»
Forklaringa er at skysystema, som stort sett flyttar seg frå vest mot aust, først kan sjåast som eit lag med gjennomsiktige skyer som er høgt oppe i troposfæren. Skyene er danna av ørsmå iskrystallar, og lyset blir brote når sola, eller månen, skin gjennom dei. Det vanlegaste er ein ring rundt sola, men òg enkelte sterkt lysande «flekker» eller strekar kan syne seg (Hodne, 2005).
Desse skyene er ofte ytterkanten av eit nedbørsområde og dermed eit tidleg varsel om at skyene vil auke i mengd og det vil bli nedbør om alt frå nokre timar til neste dag.
«Går sola ned i sekk, så er den neste dagen vekk.»
«Når sola går ned i sekk, står ho opp i en bekk.»
Skylag som samlar seg i vest, kan vere ytterkanten av eit nedbørsområde frå vest mot aust. I løpet av natta vil skyene bevege seg austover, og vi vaknar opp til overskya vêr eller nedbør (Hodne, 2005).
«Når sola skin på vestansky, blir det regn før kvelden.»
Dersom sola ved soloppgang skin på skyer som ligg i vest, kan det tyde på at det er ei større mengd skyer som ligg samla under horisonten. Skyene vil som regel blåse frå vest mot aust og snart fylle heile himmelen (Hodne, 2005).
«Når Oksen tek på seg sin hatt, blæs det innyver den heile natt.»
Vindendringar skjer ofte først høgare oppe på fjellet fordi fjellområda er meir utsette og mindre skjerma enn låglandet. Legg det seg ein «hatt» over ein fjelltopp, er det eit teikn på at det er fuktig luft i dei høgare luftlaga. Aukar skymengda, slik at hatten veks og kanskje blir eit samanhengande skylag, kan dette tyde på at eit nedbørområde er på veg (Hodne, 2005).
«Morgen rød gir aften bløt, aften rød gir morgen søt.»
«Morgon rø pissar i hø.»
«Mårå rø’ gjør eftassnø.»
Ei låg sol nær eller under horisonten fargar skyene høgare opp på himmelen raude. Sprekk skyene opp i vest, slik at sola skin gjennom, tyder det på at skydekket er i ferd med å løyse seg opp. Raud soloppgang kan bety at det er i ferd med å skye over, og at nedbør er på veg (Hodne, 2005).
Det er sol og måne som sørgjer for høgvatn og lågvatn. Men sidan lufttrykket òg påverkar havnivået, gir lågt lufttrykk høgare vasstand enn normalt. Eit anna ord for høg flod er stormflod, og stormflod opptrer ofte samtidig med uvêr. Nokre gonger kan høg flod òg opptre i forkant av uvêr, på same måte som høgtrykk kan gi låg fjøre i forkant av godvêr. Høgtrykk varer ofte lenger, så godvêrsvarselet er lenger gyldig enn uvêrsvarselet (Hodne, 2005).
«Svalene flyr høgt mot godvêr, men lågt når det blir dårleg vêr.» Det er berre siste del av vêrteiknet som stemmer. Svaler jaktar på insekt, og insekta går i dekning når det er nedbør. Aukar fukta i eit luftlag, vil insekta søkje til eit tørrare luftlag, som regel i lågare høgd (Hodne, 2005).
«Tek kyrne (sauene, geitene) vegen mot fjellet, blir det godt vêr. Men søkjer dei mot heimemarka, blir det ruskevêr.»
Vêrendringar kjem ofte tidlegare i høgfjellet enn i låglandet. Dyra vil derfor trekkje ned frå fjellet for å få le frå aukande vind. Den delen av vêrteiknet som handlar om at dyra trekkjer mot fjellet, har ikkje så mykje verdi til varslingsformål, for det er allereie bra vêr i låglandet når dyra beveger seg oppover igjen (Hodne, 2005).
På Austlandet skjermar Langfjella mesteparten av skysystema frå vest. Derfor må nedbør komme frå sør og aust. Vind frå sør har oftast høgare temperatur enn austavind. Nedbør frå sør kjem derfor oftast som regn, og ikkje snø. Vind frå aust kjem frå Sverige eller Russland. Han vil ofte vere kald, og moglegheita for snø er stor (Hodne, 2005).
Om hausten blir lufta veldig avkjølt på klare netter. Då «renn» kulda ned i dalbotnen. Ved stor temperaturforskjell kan det danne seg tåke der fuktkjeldene, i mange tilfelle elva, er. På dagen vil sola varme opp bakken, og lufta og tåka løyser seg som regel opp. Seinhaustes kan det vere vanskeleg for sola å varme nok til at all tåka forsvinn (Hodne, 2005).
Om vêret
Tekst:
- «Vêrvarsla i naturen»: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)