Først og fremst er det viktig å planleggje godt når vi skal sove ute. Det er derfor viktig å gjere gode førebuingar før vi dreg på tur.
Samarbeidsoppgåver
- Kva må vi tenkje på når vi skal finne ein leirplass? Diskuter kva for punkt de synest er viktigast.
- Kva utstyr treng de om de skal overnatte ute? Diskuter kva ulike typar overnatting krev av utstyr.
- Korleis held ein varmen i leir på vinteren? Kom gjerne med eigne erfaringar.
- Undersøk kvar det er mogleg å låne/leige utstyr til uteovernatting i nærleiken av der du bur.
Telting i vinterfjellet
- Kva må du tenkje på når du set opp telt og overnattar i telt på vinterfjellet?
- Kva meiner vi med varmelås?
Snøbustader
- Nemn ulike typar snøbustader.
- Forklar korleis vi byggjer dei ulike bustadene.
- Kva fordelar og ulemper har dei ulike bustadene?
Praktiske oppgåver
- Sjekk utstyr før tur. Gå gjennom telt og anna utstyr og sjekk at alt er i orden.
- Kontroller teltduk og -stenger, og sjekk at det er nok pluggar til teltet. Sjekk at teltduken og innerteltet passar.
- Sjekk at det ikkje er hòl i presenning eller tarp.
- Sjå etter at hengjekøya er heil, og at det følgjer med opphengsstroppar.
- Gå gjennom stormkjøkken og brennar. Sjå at det er reint og fungerer. Sjekk at det er gryteklype med til grytesettet.
- Øv på å slå opp telt. Slå to fluger i éin smekk og slå opp teltet når du sjekkar utstyr. Då får du både øvd på å setje opp teltet og sjekka at alt er i orden.
- Gå tur i nærområdet ditt og leit etter gode leirplassar. Hugs kva friluftslova seier om avstand til bustader.
Ta DNT-kurset
«Sove ute»
«Sove ute om vinteren»
Dette er ein del av temaet Overnatting (nynorsk)
Overnatting
Tips til vinterovernatting (nynorsk)
Utstyr til overnatting ute
Varmekjelder til matlaging (nynorsk)
Tak over hovudet
Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)
Tekst: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)