Snu i tide
Snu i tide
Materialval (nynorsk)
🐑

Materialval (nynorsk)

Innhald

  • Naturfibrar
  • Vegetabilske fibrar
  • Bomull
  • Lin
  • Animalske fibrar
  • Ull
  • Silke
  • Syntetiske fibrar
  • Polyester
  • Regenererte fibrar
  • Pels
  • Skinn

Her er ei oversikt over ulike typar fibrar og materiale som blir brukte i klesproduksjon. Dei har ulike eigenskapar og bruksområde og bør veljast deretter.

Informasjonen er henta frå boka Lettkledd – velkledd med lite miljøbelastning av Ingunn G. Klepp og Tone S. Tobiasson (2020).

I hovudsak snakkar vi om fem typar fibrar/materiale: naturfibrar, syntetiske fibrar, regenererte fibrar, pels og skinn.

Naturfibrar

Naturfibrar er kjenneteikna av at dei er nedbrytbare fordi dei er laga av organisk materiale. Sjølve produksjonen kan derimot vere svært miljøbelastande, avhengig av korleis han går føre seg.

Vegetabilske fibrar

Bomull

Det mest brukte materialet er bomull, som står for over 80 prosent av klesproduksjonen (Klepp & Tobiasson 2020). Bomullsfiberen er vegetabilsk, ettersom han er laga av ein plante. Derfor er han òg av ein av dei mest lett-tennelege naturfibrane. Bomullsfibrane er ikkje elastiske, dei trekkjer lett til seg vatn, blir fort skitne og tørkar seint.

Dyrkinga av bomull er lite berekraftig fordi ho krev store mengder vatn. Bruk av plantevernmiddel og genmodifisering av planten bidreg òg negativt. Bomull som er merkt som økologisk, er meir berekraftig, men utgjer berre 0,68 prosent av den totale bomullsproduksjonen (Klepp & Tobiasson 2020). Resirkulert bomull inngår i nye stoff, som viskosar.

Bomulla breidde seg i Europa gjennom den industrielle revolusjonen. Med bomulla blei det mogleg å lage billigare – og mindre haldbare – klede, noko som førte til raskare utskifting og ein gryande moteindustri.

Lin

Fibrane frå lin toler elde godt og blir blankare med alderen. Fibrane er stive, lite elastiske og «knekk» lett. Det er ein lang prosess frå plante til produkt, og også denne planten krev mykje vatn. Akkurat som bomullsfibrar tek linfibrar opp mykje fukt, men dei tørkar fortare. Klede frå brennesle er så like linklede at ein i mange tilfelle ikkje kan sjå forskjell. Hamp, bambus, sisal og rami er til liks med lin plantar der sjølve stengelen blir brukt til å lage tekstilfiber. Hamp er ulovleg å dyrke i fleire land, blant dei Noreg, fordi han liknar cannabisplanten i utsjånad. Samtidig er dette den mest produktive tekstilplanten, og saman med nesleplantane kan han bidra til meir berekraftig tekstilproduksjon i framtida (Klepp & Tobiasson 2020).

Animalske fibrar

Fibrar frå dyr, som hår, pels og fibrar som dyra bruker til å fange andre dyr eller spinne seg sjølve inn i, er protein. Av fibrane frå insekt er silke den som er mest brukt til tekstilproduksjon. Ull blir brukt som ei fellesnemning på fibrar frå pattedyr, ofte i betydninga saueull. Fleire sauerasar og andre dyr har ei mjuk og varm botnull og ei striare ull utanpå – dekkhår, som er lengre og vernar meir mot vêr og vind. I dag er saueull mest brukt, og ein har avla fram sauer med éin type ull for å sleppe prosessen med å skilje ulltypane frå kvarandre (Klepp & Tobiasson 2020).

Ull

Fordelane med ull er at ho held seg rein lenger, luktar lite etter bruk, har god evne til å trekkje til seg fukt og held på varmen sjølv i våt tilstand. Grunnen til det er at fibrane ikkje kollapsar. I tillegg brenn ull dårleg og vernar mot ein del kjemiske gassar. Saueull er den mest brukte ulla, men på verdsbasis står ull for berre 2 prosent av den totale fiberbruken (Klepp & Tobiasson 2020). Den tynne merinoulla har ein fordel ved at ho er mjuk og god rett mot huda, men ho toler mindre fordi fibrane er tynnare og svakare. Dermed får merinoulltøy fort hòl. Kraftigare ull, slik som ulla frå norske sauer, har ein utruleg slitestyrke og varer i det uendelege, men fleire synest denne ulla klør meir enn merinoull. Mohair (frå angorageiter), kasjmir (frå geiter i Kasjmirfjella), alpakka (frå kameldyret alpakka) og angora (frå kaninar) er andre typar ull som òg er mykje brukte.

Silke

Silke isolerer godt og er relativt elastisk. Silke blir vunnen ut frå kokongane til silkeormen.

Syntetiske fibrar

Produksjonen av syntetiske fibrar har mange problematiske sider. For det første er fibrane laga av petroleum, altså olje. Fibrane trekkjer ikkje til seg mykje fukt og blir derfor fort statiske. Det igjen gjer at dei trekkjer til seg meir skit. I tillegg blir det nytta svært miljøskadelege og mogleg kreftframkallande stoff i produksjonen. Klede av syntetiske fibrar vil òg gi frå seg mikroplast ved bruk og vask.

Polyester

Polyesteren er slitesterk og toler både fukt og varme godt. Han er ikkje så lett-tenneleg som mange trur, men smeltar til gjengjeld om han tek fyr. Polyester er den av dei syntetiske fibrane som det blir vunne ut mest av, og utvinninga aukar i omfang kvart år (Klepp & Tobiasson 2020).

Regenererte fibrar

Dette er kunstige fibrar laga av naturleg råstoff. Stort sett blir det nytta cellulose i denne produksjonen. Viskose, modal og lyocell er blant fibrane som blir laga. Viskose har dårleg slitestyrke når han er våt, i motsetning til dei andre to. Lyocell, eller tencel, som det ofte blir kalla, blir laga på ein meir miljøvennleg måte fordi fibrane er nedbrytbare i vatn. Alle tre stoffa trekkjer til seg mykje fukt.

Pels

Pels varmar utruleg godt, men produksjonen og foredlinga er omdiskutert. Unngå pels frå pelsdyroppdrett, kjøp eller arv gjerne gamle pelsar. Det er berekraftig å utnytte mest mogleg av dyra vi drep. Det er betre å bruke pels frå dyr som blir skotne på jakt, eller frå husdyr enn å kaste pelsen. Fuskepels er forresten laga av syntetiske fibrar og spreier dermed mikroplast. Han varmar dessutan dårlegare enn ekte pels (Klepp & Tobiasson 2020).

Skinn

Skinn blir laga av hud frå dyr som blir garva. Ubehandla vil huda ganske raskt rotne. Prosessen med å garve skinn er tidkrevjande, og det blir nytta ein del kjemikaliar som ikkje er bra for miljøet. Det finst vegetabilske kjemikaliar som kan brukast, og ein kan garve skinn økologisk, men det er dyrare og meir tidkrevjande og derfor ikkje så vanleg. Fiskeskinn kan òg brukast, noko dei er flinke til på Island. Også skinn er gjenstand for diskusjonar når det gjeld dyrevelferd. Samtidig er det, som med pels, meir berekraftig å bruke skinn frå dyr som blir slakta, enn å kaste det (Klepp & Tobiasson 2020).

Oversikt over ulike stoff og eigenskapar Kjelde https://sewport.com/fabrics-directory

Materiale
Vasstett
Vindtett
Pusteeigenskapar
Fukttransport
Isolasjon (varme)
Isolasjon i våt tilstand
Vekt
Tørketid
Holdbarhet/slitestyrke
Ull

Nei

Nei

God

Svært god

God

Middels

Lang

Middels (tynn ull får fort hòl)

Vadmål

Middels (kan impregnerast til å tole meir)

Middels/god

God

Svært god

God

Høg

Lang

God

Bomull

Nei

Nei

God

God (men fukta blir i bomulla)

Middels

Dårleg

Høg

Svært lang

Middels

Bomullslerret (annorakkstoff)

Middels (kan impregnerast til å tole meir)

Svært god

Middels/god

God

Middels

Dårleg

Middels

Lang

God

G-1000 (bomull og polyesterblanding)

Middels (kan impregnerast til å tole meir)

Svært god

Middels

God

Middels

Dårleg

Middels

Middels

Svært god

Oilskin/voksa bomull

God

Svært god

Dårleg

Dårleg

Middels/god

Middels

Høg

Middels

Svært god (krev behandling)

Fleece

Dårleg

God

God

God

Dårleg

Låg

Middels

Pustande membranstoff som goretex, dermizax, event

God

Svært god

Middels

Dårleg

Dårleg

Låg

Kort

Låg/middels

Softshell

Middels

Svært god

Middels

God

God

Middels

Låg/middels

Middels

superundertøy (laga av polyester)

Dårleg

Dårleg

Svært god

God

God

Middels

Låg

Kort

Dun

Dårleg

God

God

Svært god

Dårleg

Låg

Lang

God (krev tørketrommel for å riste opp fjørene)

Skinn

Middels (kan impregnerast til å tole meir)

God

Dårleg

Dårleg

God

Dårleg

Middels

Svært lang

God (skinnet krev vedlikehald)

PVC (regntøystoff)

Svært god

Svært god

Dårleg

Ingen

Middels

Svært god

Middels

Kort

Svært god

Pels

Middels

Dårleg

Dårleg

Svært god

Middels

Høg

Middels

Lin

Nei

Nei

Svært god

God

Dårleg

Mikrofiber

Nei

God

God

God

Middels

Silke

Nei

Nei

God

Gode

Dårleg

Hamp

Ja

God

God

Dårleg

Neopren

Ja

Ja

Dårleg

Ingen

God

Polyester

Nei

Nei

Svært god

God

Middels

Lycocell

Nei

Svært god

God

Middels

Viskose

Nei

Nei

Svært god

Middels

Låg

Kort

Svært god så lenge plagget er tørt. Kan rivne når det er vått.

🖇️
Tilbake til 🧥Påkledning (nynorsk)

Tekst: Gina Wigestrand, Snuitide (2021)

‣
Kjelde
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no